Svelgabreen 2019!

Eg gleda meg slik til turen eg skulle gå på torsdag at eg nesten ikkje fekk sova om natta 🙂 Då skulle eg nemleg på lang tur til Svelgabreen med kusine Klara 🙂 Det visste eg at kom til å bli ein kjekk tur 🙂 Og den vart enda betre enn forventa, for då ho kom og henta meg som avtala kl. 0830…

….hadde ho putta fetter Arild, svigerinne Siri og nevø Martin i bilen óg 🙂 Ingen av dei hadde vore på tur til Svelgabreen før, så det vart mi oppgåve å vera guide på denne turen. Det starta ikkje så veldig bra, for eg hadde gløymt både stav og den obligatoriske guideparaplyen, men det løyste seg når eg fekk tjuvlåna kjeppen til Jan….

(Tips: Hvis ein verkeleg vil sjå kor flott landskapet i dette området er, så sjå bileta i innlegget på PC/stor skjerm)

Sidan eg har tatt turen eit par gonger tidlegare, veit eg at vi treng ikkje gå lenger enn vi må – så vi starta turen ved demninga oppe ved Møsevatn og ikkje nede ved vegen det skiltinga startar. Då sparer ein seg for ei fjellsida.

Eg må vedgå at eg vart ganske overraska då vi kom opp den fyrste bakken og måtte bestemma oss for om vi skulle fylgja hovudstien over brua, eller om det var lite nok vatn til å gå ned fyrste bakke og over elva….

….de fantes jo knappast vatn her i det heile tatt!!

Og i elva rann det ikkje vatn i det heile, så då vart ikkje valget så vanskeleg – vi fylgde «vad» stien ned og over elva. Dette var nytt for meg óg, for elva har vore for stor dei gongane eg har gått her før og vi har måtta gå over brua.

Sjå her – ikkje ein dråpe vatn i elva!

Sidan eg har skrive om denne turen eit par gonger før..

her: http://anitasboble.blogspot.com/2013/09/tur-til-svelgabreen-har-statt-pa.htm

og her: https://anitasboble.com/2016/08/15/svelgabreen-ja-nei-kanskje/

…treng eg ikkje skriva så utfyllande om det denne gongen. Men med så lite vatn i Midbotnevatnet og elva inn mot Kjerringbotn, vart jo dette som ein ny tur for meg óg 🙂

Eg har gått denne turen i august og september tidlegare. Då har storparten av landskapet i dette biletet vore dekka av vatn. Men for alt eg veit, kan det vera heilt vanleg at det ser ut slik som dette midt på sommaren.

Medan mannane låg litt foran oss og fylgte den T-merka stien til punkt og prikke….

….kutta vi damene opptil fleire «svingar» ved å gå strake vegen rett fram…

Sjekk denne fine myrullenga 🙂 Denne myrullen var kulerund og skikkeleg fluffy – Klara meinte på det var ein anna type myrull enn vi vanlegevis ser. Og det har ho sikkert heilt rett i, for eg har googla meg fram til at vi har heile 7 sortar myrull i Norge.

Eg diggar myrull, så då berre måtte eg trua Klara til å ta eit bilete av meg midt i enga 🙂

Kunnskapen om myrull var ikkje den einaste kunnskapen Klara slo om seg på denne turen. Eg fekk blandt anna læra om sukkerrot, som slett ikkje har noko søt rot – den er faktisk ganske bitter. Vi fekk ein leksjon om morensesvingar i elva og div. andre biologi-/geografi-/geologisaker. Men då ho pirka borti ei plante og påstod vi kunne sila surmelk gjennom blada for å laga noko ho kalla tettemelk, ja, då tenkte eg i det stille at ho må ha fått utlevert like mange fantasigen som resten av slekta…

Stien var tørr og fin å gå på torsdag….

….med så lite vatn vart dette nesten som ein fjelltur i forhold til tidlegare. Her kan dåke sjå kor stor forskjel det kan vera. Bilete over viser stien gjennom steinane på torsdag….

….her er same plass i august 2016!

Ved Kjerringbotn rann det forholdsvis bra med vatn.

Her har vi kome oss til sikringsbua ved Kjerringbotn. No hadde det byrja å regna pittelitt, så vi tok dagens fyrste pause her (turen hadde hittil gått så fint, at eg trur ikkje nokon hadde tenkt på pause før no), bytte litt klær og fylte på med drikke og energi.

Det vart ein litt våtare tur på siste etappe inn mot Svelgabreen, men det gjorde ingenting – temperaturen var fin og vi måtte berre passa litt betre på kor vi gjekk.

Svelgabreen – vakkert! Nesten som eit maleri på dette biletet.

Når ein har komen seg inn hit, er det sånn ca. ein halv time igjen av turen. Men eg veit at det er fleire som ikkje kjem seg lenger enn hit og avsluttar turen her. Og grunnen til det….

….er denne! Nokon gruar seg nok for å gå over sjølve hengebrua, men eg trur det korleis ein kjem seg ned til hengebrua som er den største bøygen. Det vises ikkje på dette biletet, men ein må gå nedover på berget, nesten aka på ræva for å ta tak ein wire på kvar side for å kome innpå brua. Det irriterar meg skikkeleg at ein ikkje kan laga til noko her som gjer at folk tør ta seg trygt ned til brua og kjem seg over!!

Denne gangen var det ei i fylgjet som ikkje ville fortsetja turen, så då gjekk vi to tilbake til sikringsbua og venta på dei andre. Eg har tross alt vore inn til brea tidlegare, så for meg var det ikkje så nøye om eg kom heilt inn eller ikkje.

Det er jo flott berre å stå her og kikka bort på brea 🙂

I bua fekk eg på meg tørre kler, åt litt niste….

…og så tok det ikkje så lang tid før dei andre dukka opp att.

Resten av gjengen måtte få seg ei pause her og før vi kunne byrja på returen.

Det er eit ganske tøft landskap som kjem fram når det er så lite vatn!

På tilbakevegen valgte alle å gå opp den bratte fjellsida istadenfor å gå over elva slik at ein fekk sjå den vegen óg.

Denne fjellsida er bratt og ikkje så kjekk å gå når det er våt sti. På torsdag var det tørt og fint – det slutta å regna ikkje så lenge etter vi starta på returen.

Ingen innlegg utan sau må vera det nye mottoet til Bobla 😉

Sjå den flotte muren! Den har eg ikkje sett før – antagelegvis fordi vatnet har fossa over. Og her kjem dagens tips til ein måte å vera sikker på at ein kan velgja vegen over elva istadenfor fjellsida: Ser du denne muren og det ikkje renn vatn over, er det ikkje vatn i elva. Ser du ikkje muren, så renn det vatn i elva, så då er det nok best å gå over brua 🙂

Siste overblikk over Møsevatn og Møsebreen før vi gjekk ned til bilen att.

Eg trur alle syntes dette var ein kjekke tur 🙂 Eg var litt spent på om dei som hadde gått heilt inn til foten av Svelgabreen hadde fått sett den fine blåfargen til brea – det hadde dei 🙂

Eg har enda fleire bekjente eg skal ta med på denne fine turen. Den er ikkje spesielt krevjande, men den er litt lang så ein må setja av god tid 🙂

OBS! Gløymte nesten å ta med turens blinkskot:

Fetter Arild og kusine Anita. Fotograf: Kusine Klara 🙂

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.