Årets siste skitur??

Det vårast og det kan vel difor henda at søndagens skitur var den siste på denne sida av sommaren – sjølv om eg faktisk synes det er denne tida det er finast å gå på ski. Men ein er jo avhengig av snø – og den smeltar raskt no om dagen. Det merka Magnhild og eg godt då vi tok runden rundt Reikatindane i går…Det starta så bra – sola skein nesten i frå skyfri himmel, det var varmt, fint føre og vi var full av energi og kunne nesten ikkje venta med å koma oss avgårde opp mot Fagnabotn. Men då Magnhild etter ørten forsøk ikkje fekk skia til å henga på skoa, ana eg ugler i mosen… Då var det berre til å smøra seg med litt tolmod og venta på at redningsmannen, Ivar, skulle koma køyrane til fjells med ski som passa skoa 😉

Omsider, etter litt venting, kom vi oss no avgårde – etter å ha sett den eine etter den andre forsvinna opp skogsvegen.

Det gjorde for øvrig ikkje noko at vi måtte venta – då rakk sola å tina snøen litt slik at vi slapp unna skarete føre.

DSC_0901

DSC_0902

Ein må vera litt obs når ein legg ut på skitur på denne tida – no dukkar det opp pyttar, bekkar og elvar både her og der.

DSC_0906

Her har vi gjort unna den lengste, slake bakken og kan snu oss og sjå heimover mot Ulvanåso 🙂 Det var jo eigentleg der vi hadde tenkt oss, men vi fann ut vi var litt for late etter Slarverennet sist helg 😉

DSC_0907

Det er ikkje mange slike laaaange, flaaaaate strekker på denne skirunden, men det er jo godt det av og til går litt bortover og 🙂

DSC_0910

Nesten på toppen av Reikatindane, og det var tid for pause og niste. Her sat vi og såg rett bort på Ingahogg – og alle som streva seg opp der. Her såg vi og rett bort på løypa Anne-Grethe og eg gjekk på bursdagen min i februar. Der skulle vi ikkje gå i dag – vi skulle fylgja den oppkøyrte løypa. Oppkøyrt og oppkøyrt – det er vel ei stund sidan løypa var oppkøyrt, men det var likevel lett og fylgja spor.

DSC_0911

Utan mat og drikke, duger helten ikke 🙂

Etter ei god pause var det på tide å ta på skia igjen. No skulle vi på over Reikatindane for å koma oss ned til Nautavatnet. Her hadde eg ikkje gått før, så dette var ein ny plass for oss begge. Det gjekk greit å koma seg opp, og for så vidt ned og, men det var nokre korte, men bratte nedoverbakkar. Her måtte det kraftig ploging til for min del – sjølv om eg har forbedra meg kraftig når det gjeld nedoverbakkar med ski på beina i år 🙂

received_10153285951107563_1

Fjollepause på veg ned til Nautavatnet 🙂

DSC_0914

Det er ikkje godt å få auga på dei, men medan vi her har kome oss nesten ned til vatnet, er 3 andre skiløparar på veg opp fjellsida midt i biletet. Og den fjellsida er brattare enn biletet viser…

Vel nede ved Nautavatnet, skjøna vi kvifor det ikkje var så travelt på denne runden denne dagen. Faktisk hadde vi berre spotte eit par-tre andre. Her var nemleg snøen tina slik at elva var komen fram! Kva no? Skulle vi ta sjansen på å gå over vatnet slik vi såg andre nyleg hadde gjort? Det var nok ikkje trygt, og heilt uaktuelt for Magnhild. Ikkje fullt så uaktuelt for meg – så det er bra eg har med meg vettuge folk på slike turar 😉 Men korleis skulle vi koma oss over då? Skulle vi vassa den opne halvmeteren? Brrrrrrr…Ikkje særleg fristande! Men så såg vi at andre hadde funnet ein veg over litt lenger nede der snøen ikkje hadde tina enda. Om det var tryggare å gå over her enn over vatnet har eg mine tvil om, men det gjekk heldigvis bra 🙂 Men vi kunne slå fast at, med mindre ein vil bli våt på beina, så var nok dette siste dagen ein kunne gå denne skirunden i år!

Ved Nautavatnet fann vi ut av vi var tøffe nok til å ta av fellene og stå på blankpolerte ski ned att til parkeringsplassen. Yohoo – då vart det fart på tøttene, skal eg seia dåke! Det gjekk sikkert ikkje så veldig raskt, men eg følte eg suste avgårde ned mot Fagnabotn – og eg har i allefall aldri kome raskare ned enn i går. Ja, på slushføre hadde eg så god kontroll på skia at det faktisk var kjempekjekt å stå nedover 🙂

DSC_0915

Svisj, svusj – aldri har vi nådd brua så raskt før! Så raskt at vi måtte ha ein solepause her for å bruka opp litt meir tid før vi køyrte heim 😉

DSC_0919

Fin utsikt i frå brua 🙂

Etter at Magnhild hadde utført eit, la oss kalla ein spade for ein spade, heller mislykka forsøk på å stå på hovudet med ski på beina (det hadde nemleg sett nokre spreke damer utføra i målområdet på Slarverennet) var vi klar for siste stykke ned til bilen.

Det var to veldig nøgde tøtter som sat seg i bilen ned i frå Fjellhaugen. Ein flott skitur hadde vi hatt, så dette var vi einige om at hadde vore ein vel anvendt søndag 🙂

Så får vi sjå om skia no vert stua vekk for sesongen eller ikkje…..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.