Kunsten å gjera ingenting!

I helga hadde eg tenkt å praktisera kunsten å gjera ingenting – eg er vanlegvis ganske god på det 🙂 Men no, søndag ettermiddag, kan eg vel fastslå at eg sprakk så det holdt…Allereie fredag ettermiddag måtte eg skyva ein trimavtale eg hadde i Omvikdalen over til laurdagen. Det tenkte eg skulle gå fint – ein liten trimtur måtte eg kunna ta meg tid til,eg som ellers ikkje skulle gjera nokon ting…

Seint fredag kveld kom det ei melding i frå Ann Irene om ikkje vi skulle ta oss ein tur til varden på Sandvoll på laurdag? Hmmm… Der har eg ikkje vore før, så det høyrtes jo litt fristande ut 🙂 Men, eg måtte be om at vi gjekk litt tidleg slik at eg rakk den andre trimturen min seinare på dagen…

Som sagt, så gjort – laurdag formiddag var vi klare for å besøka varden på Sandvoll 🙂

DSC_1190

DSC_1189

Vi parkerte med skiltet til Varden oppi byggefeltet før skulen. Gjekk ein liten nedoverbakke og kom til dette vatnet. Her var det jo idyllisk og fint (men det kunne vore rydda litt skrot. «Tenk at dei har eit så fint og stort vatn rett bakom byggefeltet», slo vi fast. Skogsvegen vi fylgde gjekk litt rundt vatnet, og vi var imponert over kor stort det eigentleg var – og at vi ikkje hadde visst om dette før? Brått ser vi hovudvegen på andre sida….»Hæ??!! Men i granskauen – korleis går det an??» «Er dette vatnet vi køyrer forbi på hovudvegen???» » Men vi har jo køyrt OPP byggefeltet!!» «Og vi har jo berre gått ned ein liten bakke!» Eg trur vi enda lurer litt på korleis dette går an… 😉

DSC_0040Eg har høyrt at denne skogsvegen er veldig bratt og hard, så eg hadde forberedt meg på at eg kom til å slita litt oppover. Og bratt var den vel for såvidt, men det var kort mellom svingane, av og til gjekk vegen bortover og av og til litt nedover. Så det var eigentleg ein ganske grei veg å gå på. Varmt og fint som det var, tok vi det ganske med ro oppover og.

DSC_1196

Sånn ca. halvvegs opp skogsvegen og midt i ein bakke har dei bygd denne pauseplassen 🙂 Ann Irene har funnet dagens fyrste bok 🙂

DSC_1197

Her har ein fin utsikt mot Halsnøy og Stord.

Men vi skulle jo til Varden, så vi måtte vidare oppover.DSC_1200Ved enden av skogsvegen må ein over på sti det siste stykket.

DSC_1201

Etter ei stykke oppover på sti i skog, flata det ut og vi fekk auga på denne varden. «Der er varden!», tenkte vi – og fekk opp farta.

DSC_1202

Og her i frå fekk vi ei fantastisk utsikt over heile verda – i allefall Hasnøy, Stord og omeng 🙂

DSC_1212

Men dette var jo berre ein lurevarde….

DSC_1216

….for når vi såg lenger inn på fjellet, fekk vi auge på denne, litt meir ruvande, varden 🙂

DSC_1208

DSC_1205

DSC_1209

Her fann vi bok nr. 2 for dagen 🙂

DSC_1211

Ann Irene er alltid nøgd når ho har funnet ein varde 🙂

Det var utruleg fint her opp og utsikta blant dei beste vi har sett. Men det blas litt kald vind, så vi tok ein haug med bileter før vi gjekk ned i skogen igjen og tok ei pause der.

DSC_1206

DSC_1207

DSC_0047

DSC_1213

Og her jobbar eg 🙂 Hadde eg vore på kontoret denne dagen kunne eg ha vinka til meg sjølv 😉

Ja, dette var jammen ein flott tur – her kjem vi nok til å gå fleire gonger 🙂 Vi brukte 2 timar på turen opp og ned i eit bedageleg tempo og med pausar inkludert.

Vel heime var det ikkje så lenge eg kunne kvila på laurbæra – eg hadde jo ein anna trimavtale og…

DSC_0050

…så då bytte eg ut Ann Irene med Magnhild, Jorunn og 3 små jenter og tok turen til Åsen i Omvikdalen 🙂 Det var på førehand trua med jogging, men dei 3 små redda oss frå det 😉 Og det var heilt greit, eg synes eg hadde fått min dose trim denne dagen 🙂 Dett krydde for øvrig av paraglidere i lufta over Omvikdalen denne ettermiddagen. Eg finn berre ein på biletet, men han er ikkje særleg god å få auga på 🙂

Etter å ha vore ute på beina stort sett heile dagen, var det godt å koma heim og slenga seg i sofaen om kvelden. Endeleg nokre timar eg kunne gjera ingenting…

Vakna i dag, søndag, til nok ei dag med sol 🙂 Eg trudde jo eg hadde parkert skia for sesongen sist helg, men jaggu kom dei fram igjen 🙂 Kusine Marita var nemleg klar for ein skitur til Nesjastølsvatnet i dag – og då var eg og det 🙂

DSC_0040_1

Eg heiv på kortfeller, Marita sverga til klister 🙂

DSC_0041_1

Det minkar på snøen i fjellet no, og i dag måtte vi bere skia opp hit på veg mot Fagnabotn – altså sånn ca. halve vegen.

Det var enkelte andre plassar vi måtte ha av skia og, men ikkje etter vi passerte Grønlia.

DSC_0043_1

Ok – det gjekk litt fortare med klister enn kortfeller 😉 Her har vi runda toppen ved Nesjastølsvatnet. Vi gjekk berre så langt vi ser på biletet her i dag 🙂

DSC_0045_1

Pause i lyngen 🙂

DSC_0044_1

Ahhhh – DET ER SÅ FLOTT! Det er jo no det er fint å gå på skitur 🙂

Sidan Marita skulle heim til Stavanger i dag, fann vi det best å ikkje gå lenger – sjølv om det frista. Ein liten nistepause her og mysing mot sola og så la vi i veg på heim.

Begge to var einige om at vi hadde hatt ein flott skitur når vi kom ned til parkeringen igjen 🙂

Så no spørs det – var dette SISTE skitur på denne sida av sommaren?? 😉

Men no, NO skal eg strikka ferdig dei kule sokkane eg held på med – det reknar eg som jamgodt med å gjera ingenting 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.