Det er kanskje feil årstid å setja seg ned å strikka sokker, men eg stoler ikkje heilt på at sommarvarmen skal bre om seg i år (heller)…Oppskrifta fann eg i denne boka…
….som mor fann på salg. Det er faktisk div. fine oppskrifter i denne 🙂
Og av alle desse oppskriftene, bestemte eg meg for å strikka desse sokkane 🙂
Det ser kanskje ikkje slik ut, men…
…eg har fylgd oppskrifta til punkt og prikke! Ja, berre at eg hadde kjøpt inn garn i 4 heilt andre fargar enn svart/kvit FØR eg hadde bestemt kva eg skulle strikka – så då var det berre til å tilpassa seg etter det 🙂
Eg må ha vore i særdeles godt humør då eg tok meg med eit nøsta av det knallrosa garnet, evt. særdeles sløv… Men, eg måtte jo gjera bruka av det når eg fyrst hadde fått det i hus, og eg synes det gjorde seg med ein slik knæsj farge innimellom. Ja, eg synes faktisk sokkane vart knallkule 🙂
Det er vel begrensa bruksområde på lårlange strikkasokkar, men eg tenkjer dei skal bli gode å dra på seg på kjølige kveldar/netter når eg er på telttur eller i hengekøya 🙂