All den tid det er konfirmasjon i bygda i dag, er det vel sikkert ikkje meg han far…
..flaggar for i dag, men i dag har altså Bobla 5 års jubileum!Hurra, eller uff, eg er litt usikker på kva ord som passar best i denne anledning, med i 5 år har eg altså halde det gåande med å leggja ut tull og tøys på denne bloggen 🙂
Det innlegget som desidert traff folk mest var sjølvsagt interiørtipsa mine. Sørgjeleg nok har eg ikkje endra noko på stilen desse siste 5 åra, så noko oppdatering på interiørfronten har eg ikkje å koma med…
På desse 5 år har eg og prøvd å ta livet av redaktøren for nettsida Uskedalen.no ikkje berre 1 (Villmarkslivet), men 2 (Milde himmel…) gonger!! Til all lukka utan hell 🙂
Eg har referert alt i frå Nordisk meisterskap i traktorpulling, Eik meisterskap i plenklyppartraktor og til kor mange som har vore innom ein Aktivitetsdag i båthamna.
Eg må vedgå at ikkje alt som vert lagt ut på Bobla er 100% sant, tvert i mot kan eg vel no røpa at heile fylgjetongen i frå seilaset med Berserkgjengen var 100% løgn… Seilas del 1, Seilas del 2, Seilas del 3, Seilas del 4, Seilas del 5
Eg har fortalt om heilt daglegdagse saker som korleis ein tur til tannlegen kan gå for seg, påskepynting og å stengja seg ute i frå soverommet
Ikkje minst har eg delt mange av dei flotte turane eg har vore på med dåke, f.eks tur til Galdhøpiggen, Barcelona, padletur til Sild, telttur i Ænesdalen, og mange, mange fleire.
Dette med turar, anten til fots, på ski eller i kajakken er visst det som har tatt over på på Bobla dei siste par åra. Då er et vel kanskje sant det eg skreiv då eg la ut mitt aller fyrste blogginnlegg – eg sikkert gjer meg best som grønbloggar enn rosabloggar 😉
Jubileet er i allefall feira med ein tur ved Fjellandsbøvatnet med små og store turvener 🙂