Ja, i helga har eg vore på ei fantastisk flott utflukt med Jorunn og Magnhild 🙂 Det byrja med Magnhild og eg fann ut at vi burde jo få til ein skitur til Ulvanåso i år og. Vi hadde fyrst tenkt å snu oss rundt og koma oss avgårde sist søndag, men veret var ikkje godt nok for oss, så vi slo det i frå oss. Så kom Jorunn på bana……Ho hadde sjølvsagt fått tilbod om å hiva seg med oss sist søndag og, men det kom ikkje på tale. Men no hadde ho sett vermeldingane for denne helga, og om vi ville gå på søndag, ja, då skulle ho jammen vera med! Og då bestemte vi oss jo sjølvsagt for å gjera eit forsøk til 🙂 Og ikkje veit eg kva Jorunn hadde hatt på skjeva sist veka, men ho var i fyr og flamme og kunne nesten ikkje venta med å koma avgårde – og skulle vi ikkje heller gå eit stykke på laurdagskvelden og overnatta i telt?? Jovisst skulle vi det! Såleis sat vi brått og hadde planlagt at vi skulle gå til Dyrrindo lørdagskvelden og ta skituren opp mot Ulvanåso på søndag 🙂
Laurdagen kom og lufta hadde gått pittelitt utav Jorunn, men ho hadde pakka og var klar…
Nuvel, klar og klar. Jorunn er ikkje vane med å pakka sekken sin sjølv, men det måtte ho denne gongen 😉 Vi skulle sjølvsagt ha late ho gå slik heile turen, men det var no eingong ingen som hadde hyra oss til å rydda skogen, så Magnhild måtte hjelpa litt med å få orden på sakene 🙂
Som dåke ser av antrekket til Jorunn (det ho har kledd på seg, ikkje sekken), så var det varmt og fint då vi la i veg mot Dyrrindo. Kanskje litt for varmt, for inne i skogen var det ikkje eit vindpust, og desse temperaturane vi har hatt dei siste dagane er jo ikkje kroppen vane med.
Likevel, sjølv om vi tok det pent og pynteleg oppover, synes eg det gjekk rasande flott med tanke på varmen, dei tunge sekkane vi bar på og formen.
Vi hadde ei lita pause før siste bratte bakken på skogsvegen…
…..så bar det over på sti det siste stykket inn mot Dyrrindo.
1 time og 26 minuttar synes eg å huska at Magnhild fann ut vi hadde brukt opp hit. Det syntes vi var bra – for øvrig er vi ikkje så opptatt av dette med kor lang tid vi brukar hit og dit.
Teltleiren vart rigga og vi skulle berre slappa av resten av kvelden med god drikke og litt mat…
…og der hadde vi litt diverse snadder å velgja i. Eg trudde f.eks at Magnhild hadde tatt med seg ein tepakke då ho drog fram pakken på bilete, men det var det jo slett ikkje! Neida, ho hadde pakka med seg lørdagssnopet til pusen… Resten av turen lurte Jorunn og eg fælt på kortid ho skulle dra katta utav sekken, men det skjedde jo aldri. Litt seinare drog ho fram ein diger peistennar som av ein eller anna grunn hadde tatt plass i dunjakka hennar…
Og dette er då dama som himlar med augo og plar vera særs forundra over kva eg drar utav sekken min kvar gong vi er på tur 🙂 Ho prøvde å le litt av…
…Jorunn si folding bucket – altså samanleggbar bøtte – men den kom ho ingen veg med, for den er faktisk ganske hendig å ha med seg på tur 🙂
Det vart ein fin kveld på Dyrrindo, og sjølv om vi ikkje tente bål, så sat vi ute til over midnatt. Men då var det på tide å krypa i soveposane – vi skulle tross alt på ein enda lengre tur neste dag…
Det var ikkje så godt å få med på bilete, men langt i det fjerne bak teltet lyste Skånevik opp i myrket.
Vi kroa oss til i teltet. Eg trur ikkje det var særleg kaldt om natta, men frysepinn som eg er, var eg glad for at eg hadde tatt med sommarsoveposen min til å ha inni vintersoveposen 🙂 Magnhild sovna nesten tvert og etterkvart duppa vel vi andre av og. Natta forløp roleg bortsett frå at Magnhild hadde eit heila glidelåsshow for å koma seg utav teltet for ein dotur. Eg nytta sjansen til å tissa litt eg og, og så var det eg som hadde glidelåsshow når eg skulle lukka teltet etter meg igjen….Det var ikkje enkelt å finna utav dei greiene der med glidelås til myggnetting, ein til utgangen og så fortelt..
Eg låg enda og slumra då eg høyrte nokre banneord i frå kroken frå Jorunn. Eg hadde sjølv høyrt på fuglen som hadde halde det gåande med same lyd (fuglar syng kanskje sama sangen heile livet?), men no hadde Jorunn fått nok av han. Eg trur ho stod opp for å sjå om ho kunne få tak i han og stappa noko ned i nebbet på han så det skulle bli stille. Nei, morgonfuglen Jorunn hadde ikkje mykje til sans for denne artsfrenden 😉
Vi tok det ganske piano og stressa ikkje med å koma oss avgårde på skituren. Vi var vel ute av teltet i 8-tida, men var ikkje klare for å ta ut før i halv 10-tida. Sola varma allerie og vi såg ut til å få nok ein strålande dag 🙂
Vi måtte bera skia opp eit par toppar ovanfor Dyrrindo. I fjor gjekk vi turen 2.mai og då måtte vi ta dei på eit stykke nedan for Dyrrindo, så det seier litt om forskjellen på snømengdene i fjellet i fjor og i år.
At det ikkje er så veldig kaldt om nettene lenger merka vi med eingong vi kom i snø. Blaut slushføre frå fyrste stavtak allerie så tidleg på dag. Det var tungt føre å gå på, men vi lot ikkje det ta motet eller humøret i frå oss – det var jo slik ein strålande dag i fjellet 🙂
Som dåke ser så minkar det kraftig på snøen, og omtrent her vart vi tatt igjen av ein kar som gjekk til fots oppover. Opp hittil var det eindel bare plassar å gå, men frametter var det mest snø. Vi traff han på ned og, og han hadde vore heilt til topps, men det var nok eit slit å tråkka i denne snøen.
So far so good 🙂 Jorunn har nok ikkje jakka på fordi ho frys, men fordi vinden var litt irriterande når vi stod i ro. For det var eindel vind i fjellet, men den kom meir som fønvind, så det var mest berre godt i varmen.
Ulvanåso i sikte 🙂 (og ein tommel – gadd ikkje redigera han vekk…)
Magnhild har funne seg plass i snøhola/mathola – her skulle vi ha ei lengre pause før siste sjarmøretappe mot Ulvanåso.
Ååååå, her kosa vi oss 🙂 Nesten vindstille og vi fekk i oss litt niste så vi hadde energi til å fortsetja turen. Eit par bitar sjokolade og eg hadde noko energi til å trakka meg litt opp og ned for å øva på å stå nedoverbakkar og 😉
Medan vi sat her kom det etterkvart fyrst ein kar og så ein til som skulle opp på randoneski – litt misunneleg på dei, men får vel fyrst læra meg å gå skikkeleg på dei skia eg har..
På tide å koma seg vidare – siste etappe 🙂
Sjå kor flott !!
Selfiestanga måtte fram 😉
Oppover, oppover…
Vi veit jo at vi enda ikkje er så tøffe at vi vågar oss utpå den siste biten, og difor treng vi heller ikkje gå heile den siste biten opp på Nåso. Vi peila oss inn på ein stein i nestsiste bakken og fann ut at det fekk vera langt nok for oss. Strengt tatt har vi kanskje ikkje vore på Ulvanåso, pytt, pytt – det er godt nok for oss 🙂
Jorunn, strålande nøgd med å ha kome så langt – det var vi andre og 🙂
Fantastisk utsikt og 🙂
Ikkje så store skavler i år, men fasinerande likevel.
Måtte sjølvsagt takast nokre fjellfiar her og 🙂
Ahhhh, smakte godt 😉
Vi hadde sjølvsagt ei lengre pause her medan vi åt nista vår, såg på utsikta, nytte sola, helsa på to damer som gjekk forbi på opp og så ein gjeng på 5 eller 6. Vi traff og to damer med hund som var på veg ned til fots. Dei må ha lurt seg forbi oss ein eller annan plass på opp utan at vi har obeservert dei. Då har eg i grunnen nemt alle som var i fjellet denne dagen i dette innlegget 🙂
Vi kunne ikkje sitja FOR lenge – vi hadde ein lang heimtur att og. Eg veit ikkje kven av oss som var mest spent på korleis eg skulle koma meg ned att – eg sjølv eller dei andre damene 🙂 Med hu-hei kor det gjekk! Eller rettare sagt ikkje gjekk… Det var jo så tregt føre at til og med A.Enæs turde å setja utfor 🙂 No har eg jo nemnt i fleire innlegg at eg er blitt tøffare i år, men i går syntes eg at eg var megatøff! Når vi i tillegg klarte å finna nokre alternative bakker til løypa nedover slik at vi kunne svinga oss nedover i stadenfor å skråkøyra, gjekk det jo strålande bra 🙂 Det var rett og slett kjempegøy og den kjekkaste skiopplevelsen eg har hatt på bortover ski 🙂 Minimalt med ploging på vegen ned gjorde jo og sitt til at vi ikkje var heilt utsletne når vi kom så langt at vi måtte ta skia av igjen heller.
Ser desse damene ut som om dei har hatt ein fin tur, eller??? 🙂
Her tok vi skia av og bar dei ned resten av vegen, sjølv om vi kunne ha stått ein bakke til.
To hæppy damer i Camp Sliten 😉
Vel nede i leiren vart det stripping til truse og bh – no var det VARMT! Så var det å ta på seg det tynnaste ein hadde, pakka ned pikkpakket vårt og byrja på siste etappe ned til Tveitedalen.
Uhhh…etter å ha jobba hardt med armane og skuldrene heile dagen var det ingen lykkefølelse å få på seg sekken att. Det var rett og slett drittungt – sjølv om han strengt tatt vog mindre enn dagen før. Men ned måtte vi, så det var berre til å leggja i veg 🙂
Og ned kom vi – dyktig slitne og sjeldan glad for å sjå att bilane våres 🙂 Men så nøgde meg helgas utflukt- vi hadde hatt det heilt tipptopp! Ja, vi var vel einige om at dette var den beste utflukta vi 3 hadde vore på i lag 🙂 Og dette skal vi absolutt gjenta til neste år – dette må bli tradisjon 🙂
Heilt på tampen ei gåte:
Ser denne katten ut til å vera blid over at matmor stakk til fjells med lørdagsgodteriet hans??? 😉