#FJELL

På tur til Juklavatnet (nesten)!!

I går hadde Ann Irene og Per Ivar bestemt seg for å ta turen opp mot Juklavatnet – og eg fekk vera med 🙂 Vi har jo snakka om å ta denne turen lenge, så no var det på tide.

Eg var litt spent på vegen opp til kraftstasjonen på Markjelke – eg har høyrt den skal vera både smal og lang. Smal, ja, og lang, ja, men det var ein fin veg å køyra og absolutt ingenting å grua seg for. Dessutan var det veldig fint oppover dalen.

Omsider landa vi ved…

…kraftstasjonen. Her er det bom og ikkje mogleg å køyra vidare utan ein har tilgang til å opna den. Det hadde ikkje vi 🙂

Det var sikkert like lurt at Per Ivar og eg ikkje las så nøye på denne turomtalen før vi starta å gå vidare. Og det var sikkert og lurt at Ann Irene ikkje hadde vore her før og kunne peika på kor vi skulle gå – for då trur eg vi hadde satt oss på bakbeina 😉 Hvis ein står ved kraftstasjonen og kikkar oppover, ser det nemleg spøkje langt og bratt ut, men det må dåke ikkje la dåke lura av…

Uvitande om kor langt og høgt vi eigentleg skulle gå…

….la vi i veg oppover skogsvegen – eller fjellvegen blir vel meir rett i dette tilfellet 🙂

Kvinnherads svar på Kongevegen???

Mine kjekke turvener i går 🙂

Fin, lett og ikkje så altfor bratt grusveg oppover.

Vi hadde ikkje gått så veldig langt før vi nådde Botnane og skiltet som viste veg mot Botnabrea. Der skulle derimot ikkje vi i går – vi skulle vidare oppover. Vi er vel berre sånn middels bra på å lesa skilt, men vi var ganske sikker på at dette skiltet…

…betydde at her var mannfolka kome til vegs ende – det var på tide å kvitta seg med dei på lettast mogleg vis. Per Ivar, derimot, satte seg kraftig til motvergje og til slutt måtte vi gje oss på tap – han fekk vera med vidare 😉

Det var kjempefint oppover langs vegen her. Mange høge fjell, fossar, bekkar, vatn og…

….fargar!

Vi bevega oss sakte, men sikkert, stadig høgare i terrenget….

….og snart kunne vi sjå ned i dalen der vi kom i frå.

Sjølv om vi heile tida gjekk på opp, var vegen framleis fin og slak. Og sidan det heile tida var så mykje fint å sjå på, gjekk det veldig lett oppover. Det vart ingen syting i går over kor lang og bratt turen var 🙂

No var vi komen så høgt at når vi snudde oss og såg bak oss, så såg vi rett bort på…

…..Botnabrea. Vi må nok ta turen dit og eingong.

No kunne vi og såvidt skimta fjorden i det fjerne.

Her har eg zooma inn Gygrastol – det er og eit turmål som står på planen i ferien…

Det låg nokre snøklattar her og der oppetter langs vegen, men det var berre ein plass vi måtte trø i snø. Det gjekk heilt greit – det var flate vegen her og ikkje noko fare for å gli utfor fjellsida…

Eit lite tillaup til snøballkrig mellom…

…turvenene mine 🙂

Framleis såg vi ingen ende på vegen. Men her traff vi eit par på veg ned som kunne fortelja oss at vi hadde sånn ca. 20-30 minuttar igjen å gå. Vi antok at det var fram til Juklavatnet, men vi hadde igrunnen ikkje planlagt å gå heilt til vatnet.

Ut på tur, aldri sur 🙂 Eller, i allefall ikkje i går….

Her ser ein store deler av vegen vi har gått. Det ser bratt og langt ut, men det gjekk som før skrive, veldig lett oppover.

 

Vi nådde ei bratt snøfonn. Nokon hadde valgt å gå rett over. Det kom ikkje på tale for min del, og det hadde vore stopp her om ikkje det hadde gått greit…

….å gå nedanfor og rundt fonna. Det gjorde det heldigvis 🙂 Sjekk bakgrunnslandskapet her folkens – ser det ikkje fantastisk flott ut???

No var vi komen så høgt og langt frampå fjellet at vi kunne sjå…

….eit godt stykke utover fjorden.

Achh, Wundershön, som dei seier litt lenger sør..

Andre vegen kunne vi no sjå rett bort på området til skisenteret på Folgefonna…

….kor dei går breturar.

Eg hadde ikkje zoomlinsa med meg, så det er ikkje lett å sjå kven som går i dette taulaget. Det er sikkert lika greit for då måtte eg vel ha streva meg bort dit for å spørja om det er greit at dei vert lagt ut på Bobla 😉 Eg kan forresten sterkt anbefala ein slik bretur – det er kjempekjekt 🙂

No hadde vi berre igjen ein liten tur rett til himmels…

….så var vi komen på toppen av fjellet!

No gjekk vegen vidare rett bortover og ned mot Juklavatnet. Vi var ikkje så gira på å gå til vatnet – det vi var ute etter var å finna anleggshytta til NVE. I turomtalen står det at om ein tar avstikkaren dit, så får ein finast utsikt. Men kor var hytta – og korleis kom ein seg dit? Vi surrar litt att og fram…

….og gjekk så langt at vi såg ned på Juklavatnet.

Til slutt måtte vi gje oss på tap og kikka på kva som stod i turomtalen eg hadde tatt bilete av i byrjinga av turen. Der stod det at når ein kom på det høgaste punktet på vegen, så skulle ein gå på berga opp mot hytta. Vi byrja difor å gå tilbake til høgste punktet. Vi tykte de var litt rart at det ikkje fantes noko hint om kor ein skulle gå…

….men så såg vi dette, litt slitte, smilefjeset i vegkanten – det tok vi som hintet vi trong 🙂

Per Ivar valgte å ikkje bli med på turen opp berga, men Ann Irene og eg tok ut….

….og det var ikkje lange vegen opp før vi fekk auga på hytta.

Det var veldig fin utsikt bort mot brea her, men andre vegen, mot fjorden, syntes vi at vi hadde lika godt utsikt mot nede på vegen. Men det var no kjekt at vi fann hytta og har vore her. Vi kikka oss litt rundt, tok litt bileter og så gjekk vi tilbake for å finna Per Ivar igjen.

Prøvde å lista oss innpå denne på tilbakevegen, men det tok ikkje så lang tid før ho/han (eg er ingen rypekjennar) varsla ungeflokken sin…

 …..kameraet mitt var ikkje innstilt på å fanga ryper på flukt 😉 Ann Irene talte 7 stk.

Vi fann Per Ivar igjen rett rundt svingen. Planene no var eigenteleg å finna ein plass å sitja å ete nista vår. Hittil hadde vi hatt kjempefint ver og sjølv her oppe var det så varmt at vi kunne gå i berre singlet. Men no skjedde eit verskifte – det kom ein kald vind og mørke skyer samla seg. Vi bestemte oss difor for å gå eit stykke tilbake på heimetterveg for å sjå om vi fann ein lunare plass å rasta.

Per Ivar var nøgd med at knea ikkje hadde sete han utav spel – det hadde jo faktisk vore ein lang tur på grusveg 🙂

Eit scenario vi kjente oss veldig godt igjen i 😉 «Berre ein topp til, eg skal berre sjå kva som er her oppe» Etc. etc. Og «Berre gå du – vi ventar her nede». 🙂

Hellu! (Berre ei lita avsporing frå alle landskapsbileta)

 

Vi kjente nokre få dråpar i lufta på veg ned og, så vi enda med å gå heilt ned til bilen igjen. Og det var nok lika greit, for då vi nådde dit kom det ei regnbyge. Vi får vel seia at denne turen tima vi bra 🙂

Skunda meg å ta bileter av….

….infoen om Botnane…

…..og Markjelke. Tenkte at det kan eg lika god lesa når eg kjem heim 🙂

Sidan det no regna, sat vi oss i bilen og byrja å køyra på ned. Vi hadde sett eit steinbord og steinbenker lenger nede, og om det slutta å regna og ikkje bles så mykje, satsa vi på å stoppa der. Før vi kom dit såg vi nokre turskilt vi måtte sjekka ut….

Hundsøyra – heilt ukjent for oss. 8 timar, svart løype… Ja, ja, kven veit – kanskje eingong 🙂

Det var ikkje så verst ver her, så her fann vi ut det gjekk fint an å eta nista vår. At det blas slik at Per Ivar måtte tenna på eingongsgrillen inne i bagasjerommet på bilen, treng vi ikkje nemna til nokon. (Vinden løya altså etterkvart)

Her kosa vi oss då med grillpølser og div. anna godt medan vi var skjønt einige om at vi hadde hatt ein flott tur.

Det heiter forresten…

….Godalen her 🙂

Ja, dette var jammen ein strålande flott tur i fantastisk landskap. Tenk av vi har ein slik flott plass her i Kvinnherad 🙂 Det er jo nesten skammeleg at vi ikkje har kome oss opp her og tatt denne turen tidlegare. Vi skal i allefall tilbake hit! Masse fine teltplasser såg vi og, så mogleg det blir meir enn ein dagstur neste gang 🙂 Eller, stod det at Markjelke låg midt i eit gamalt Bjørnetråkk????

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.