The Heavy Entertainment Show Tour!

Nei, no siktar eg faktisk ikkje til meg sjølv hverken når det gjeld heavy eller entertainment – sjølv om enkelte turinnlegg sikkert kunne hatt same overskrift 😉 Damen har faktisk vore på bytur – og ikkje for å gjera kva som helst..

…vi har sjølvsagt vore på Robbie Williams konsert 🙂 🙂

Ahh, endeleg kom helga vi har venta på heilt sidan i fjor høst! Vi er ikkje så flinke til å hiva oss rundt og gjera slike ting som dette, men når det vart annonsert at Robbie Williams skulle spela på Koengen i Bergen skal eg seia damene heiv seg rund i ein fei. Vi klarte til og med å koma oss inn på mailinglista kor ein kunne velgja å vraka i billettar eit par dagar før dei offisielt vart lagt ut. Då skulle ein tru at vi sikra oss billettar så langt framme ved scena som mogleg, men nei – ståplass bak i mengda var meir enn godt nok for oss. Det var fakisk nemleg 5 min. rådslaging før vi bestemte oss for om vi skulle bestilla billettar: «Kven er Robbie Williams igjen?», «Eg er eigenleg ikkje så fan av musikken», «Eg blir ikkje med hvis vi skal så så langt framme at Anita kastar trusa!», «Eg er heller ingen blodfan av musikken, men eg er fan av typen – trur det vert skikkeleg show!» etc. etc. Heilt sidan disse bekymringane vart unnagjort og oppklara har 4 damer venta på at 4. august 2017 skulle koma 🙂

Og uti veka gjekk det opp for oss at no nærma det seg. Med det same billettane var klare, hadde Jorunn snudd seg rundt å bestilt husrom til oss. Alt var jo sjølvsagt oppbestilt allereie, så ho hadde enda opp med eit rom uti Sandviken ein plass. Vi lo litt av bileta ho linka til når ho fortalte kor vi skulle bu, men det var jo så lenge til då at vi tok det vel ikkje skikkeleg inn over oss…. No derimot gjekk det opp for oss at det var her vi skulle bu, og då vart det litt panikk i kulissane i dagane før vi reiste: «Kan vi verkeleg bu der???», «Det ser ut som ein plass kor ein kjem ut med meir pengar enn når ein gjekk inn», «NN seier vi ikkje bør gå utfor døra etter myrkets frambrudd»…. Vi var meeeeeget skeptiske- bortsett frå Magnhild, som, av ein eller anna grunn syntes det såg koseleg ut der…

Okkesom, utstyrt med nøkkel til alternativ leilighet ein anna stad i by’n, bestemte vi oss for i allfall å ta plassen i augnesyn før vi evt. ombestemte oss. Lokasjonen var jo ypparleg i forhold til Koengen i allefall.

Jorunn hadde nokre andre ærend i by’n på fredag og tok ut tidleg, medan Magnhild, Ann Irene og eg tok 1435 ferja frå Årsnes. No gleda vi oss skikkeleg til konserten 🙂

Omsider var vi komen oss til Sandviken. Vi hadde plotta «hotellet» vårt inn på GPS’n og når vi køyrte rundt og leita etter parkeringsplass vart eg litt meir optimistisk. Det var noko nærare sentrum enn eg hadde innbilla meg og når vi køyrte gatene opp og ned – var det ikkje noko kjent her??? Eit raskt søk på google maps og eg fann at eg i mine studiedagar hadde budd berre ei gata og to vekke….

Parkering var jo umogleg å finna, og til slutt gjekk Ann Irene og eg utav med alt pikkpakket vårt, medan Magnhild køyrte i eit parkeringshus litt lenger vekke. Medan vi stod der dukka Jorunn og opp – med handleposar frå topp til tå! Eit fint, men ganske uvant og undarleg syn 😉

Ja, ja, det såg jo koseleg ut på utsida 🙂

Det var mykje lått og løye før vi låste oss inn på rommet. Eg stod klar og filma når dei opna døra – kom det ein halvnaken sak springande ut, så skulle eg i allefall ha det på film…

Det vart litt lått og løye når vi kom inn i rommet og – her var mange kreative løysingar på div. saker, men spørsmålet var – kunne vi bu her??

Ann Irene påstod ho kjente lukta av grønsåpe, badet såg greit ut, vi hadde eit fungerande kjøken,dynene såg reine ut og vi hadde ein heil sekk med kraftfor ståande i eit skap. Eit av plusspoenga Jorunn brukte om plassen:  «Sjå den avokado planta på kjøkendisken – det er meir enn kva du, Anita, får til!» Eg tru faktisk det var tunga på vektskåla – kunne vertskapet få til å dyrka ei slik flott avokado plante, var det ingen fare på ferde – her kunne vi bu!

Damene var nøgde…

….vi får drikka det fint, meinte eg…

Utsikt til gata frå kjøkenglaset.

No var klokka blitt så mykje at portane faktisk snart opna på Koengen. Ikkje at vi hadde tenkt å vera fyrstemann inn, men vi måtte få i oss litt mat og før vi skulle gå. Jorunn hadde vore ivrig på å prøva å skaffa oss eit bord ein eller anna plass i dagane før vi reiste, men det var ikkje så lett. No måtte ho vedgå at ho faktisk hadde ete før vi kom – på favorittplassen sin… Vi andre vandra då 20 meter ned i gata til Sandviken Kebab og Pizza og henta mat med oss «heim» 🙂

I ein av dei utallege handleposane til Jorunn trylla ho fram flett nye regnponchoar til heile hurven 🙂 Lilla sådan, med norske flagg slik at vi skulle finna kvarandre igjen i kaoset 🙂

Nøgde med å ha fått i oss litt mat og drikke, var det på tide å tenkja på å koma oss på konsert. Så snart Jorunn hadde fått grene seg til å få ha på seg si nye, fine, satt som eit skudd, KVITE bukse, var vi klare. Ho hadde no forresten bestemt seg for at HO skulle no IKKJE på konserten – ikkje lika ho Robbie Williams og ikkje lika ho seg på Koengen! Ho skulle på by’n!

Men ho var no kjekk og tok fylgje med oss på vegen….

Vi trong berre gå ned denne gata så var vi nede i hovudvegen.

Vi runda ein sving – og der møtte vi synet av køen i frå andre sida av by’n! «Den gidd EG aldri å stå i!» slo Jorunn fast. Det trong ho heller ikkje. Vi, som kom inn i frå denne sida, tok innersvingen på heile køen og brukte sånn ca. 0 sekund på å stå i kø – vi gjekk rake vegen inn, gjennom veske-/billettsjekk og heile greia 🙂

Se så, då var vi faktisk inne på området. Kor skal vi stå? Ikkje for langt vekke i frå dokøen, meinte eg, som har ei blæra på størrelse med ein tepose i slike samanhengar… Dei andre var einige i det, så då stilte vi oss bak midt mellom øltelta og dokøen ;-

Det skal han ha Robbie’n – det var ein presis type. Konserten skulle byrja ca. kl 2100, og eg trur han starta på minuttet kl. 2100 🙂

Aij, aij, for ei scene! Aij, aij, så mykje folk – litt nærare kunne vi vel kanskje gå??

Så byrja vi bana oss veg mellom folkemengda, men dess nærare vi kom, dess mindre såg vi. Ei rask rådslagning og vi bestemte oss for å gå tilbake der vi kom i frå. Men det var lettare sagt ein gjort, og ein eller anna plass inni folkemengda vart det berre stopp, så då stod vi der 🙂

Ho i den fine, nye, kvite buksa var, mot alle odds, framleis med oss og då Robbie hadde fått gjort unna opningssangen, Let me Entertain you og byrja på tredje sang kom det: «OK, eg gjer meg – han kan syngja. Og fader for ei scene!» 🙂 🙂 Og etter eit par sanger til: «Neste gang skal vi ha Inner Circle tickets!!!!» Og eg tenkte det var bra vi ikkje hadde det i dag – dama hadde tross alt kjøpt seg 3 nye truser…

Men ho hadde heilt rett – for ei scene! Vi kunne jo knapt sjå Robbie frampå scena der vi stod – då måtte vi hoppa. Men det gjorde ingenting – for vi fekk jo alt med oss på skjermane likevel 🙂

23.000 på Robbie konsert – dei fleste framfor oss 😉

Veret var skiftande – litt regn, litt opphald, litt regn. Dei fine, lilla ponchoane våres kom på ganske raskt 🙂 Men litt regn i Bergen gjere jo ingenting.

Robbie brukte heile scena (eg trudde han var ein gamal mann med vondt i ryggen?), showa med publikum (altså oss), og kjørte på med nye og gamle slagera 🙂 Vi dansa, vi hoppa, vi sang…

….og vi lo 🙂

Awwww, Robbie hadde pappen med seg på turne og 🙂 23.000 mennesker sang «Sweet Caroline» i meir eller mindre samstemt kor – vakkert 🙂

Eg vedgår det er dårleg biletekvalitet i dette innlegget, men eg stod tross alt der eg stod… Dessutan regna det så mykje at det er eit under eg fekk til å bruka mobilen i det heile tatt…

Ååååå, så vi kosa oss på konsert 🙂 Magnhild var sjølvsagt og med, men eg har ikkje fått ho på film…

Det var litt att og fram om Ann Irene kunne vera med, men dette angra ho ikkje på – eg er sikker på at ho gliser enda, i dag, søndag 🙂

Tida gjekk så fort – plutseleg så var det gjort – eller i allefall over. Kor vart tida av – slutt allereie??? Den siste halvtimen regna det slik at vatnet rant ned i Festidalenstøvlane mine og eg var våt frå topp til tå – i likens med alle dei andre.

Showet var over – og det var verkeleg eit show – Robbie hadde forlate scena og det var tid for oss å tusla ut av Koengen og. Klokka var ikkje så altfor mykje, men det vart ingen diskusjon om kva vi skulle gjera no – vi tusla nøgde tilbake til Skuteviksgaten 🙂

Vel heima fekk vi tømt støvlane og vrengt av oss våte kler. Magnhild og Jorunn skulle berre leggja seg litt på senga, eg gjekk ein tur på toiletten. Då eg kom tilbake (og eg var kjapp altså), kom det tørt i frå Ann Irene: «Dei to var enkle å leggja». Og der låg damene så fint på putene sine og sov…

Då var den kvelden over, og vi andre to kunne krypa til køys og 🙂

Neste morgon var det 4 strålande nøgde damer som gjorde seg klar for å reisa heim – dette hadde vore såååååå gøy! Ja, så artig hadde vi hatt det at vi av ein eller anna grunn til og med forelska oss i huset vi budde i! «Her skal vi ALLTID bu når vi er på bytur!» Magnhild og Ann Irene vil til og med flytta inn eit halvt årstid 😉 Den litt slitne, shabby, gamle, skakke, rare leiligheita er brått blitt DEN drømmeboligen 🙂 Det var faktisk med litt vemod vi forlot…

….den nye favorittgata vår i by’n 🙂

Men, men, vi får koma tilbake ein anna gang – no måtte vi reisa heim.

Og heima var jo Festidalen i full gang. Eg svikta Festidalen i år til fordel for Robbie, så sjølv om eg var tidleg heima og kunne fått med meg heile laurdagsprogrammet, så valgte eg å bli verande i sofaen. Men, om ikkje eg SÅG noko av laurdagsprogrammet, så HØYRTE eg kvar strofe som vart spela…

….gjennom stovevindauga – eg hadde nemleg «Inner circle billett» 😉

Eg måtte faktisk ut å filma det store fyrverkeriet som avslutta Festidalen for i år. Og det skal vera sagt – akkurat det hadde Robbie vorte misunneleg på 😉

I dag tidleg vart eg møtt av dette synet på badet…

….. eg tar det som eit teikn på at vedkomande som eig denne har hatt ei vellukka helg og 🙂 La meg nett få presisera at det er EG som har hengt opp buksa – det hadde ikkje eigaren tatt seg bryet med… Og no skal eg ut å spyla den med hageslangen. (Som om at denne buksa hadde fått tilgang til mi nye vaskemaskin i denne tilstanden…)

Ja, det var helga si det. Eg tippar det er mange blide og slitne kroppar i omeng i dag – men kjekt har det i allefall vore om ein har vore i Bergen eller på Dønhaug 🙂

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.