…og uansett årstid, eigentleg 🙂 I går hadde eg avtala med Ann Irene at vi skulle gå kveldstur og sjå om vi fann blåbær ein eller anna plass. Eg må vel vedgå at vi har gått så lite i skogen av vi ikkje heilt har fulgt med på kortid dei var modne og kor hen det bugnar med bær. Så, sidan eg hadde heile dagen til rådigheit, fekk eg ta ein liten formiddagstur på rekognosering 🙂
Eg bestemte meg fyrst for å ta ein kikk ved Fjellandsbø. På Leiteshaugane plar det i allefall vera bær. For at eg skulle få litt trim utav turen min, parkerte eg ved husa på Friheim og spaserte innover langs Fjellandsbøvatnet.
Eg tok meg tid til å fotografera litt medan eg gjekk – det er jo så fint her 🙂
Min versjon….
….Google Photo sin versjon 🙂
Ved enden av vatnet traff eg på desse to midt i vegen…
….og dei hadde sjølvsagt ikkje tenkt å flytta på seg.
Eg plar vanlegvis ikkje vera noko redd kyr og har ikkje noko problem med å brøyta meg veg mellom flokken, om så er. Men her følte eg at eg invaderte dei på eit litt upassande tidspunkt. Det trur eg mammaku syntes og, ho gav i allefall i frå seg eit blikk og eit raut som eg tolka som «nok er nok» – så då snudde eg på hælane og returnerte til bilen.
Så då var eg tilbake i bilen eigentleg før eg hadde nådd inn til blåbærtuene – så det var ikkje noko særleg velluka rekognosering 😉 På veg ned dalen bestemte eg meg difor for å ta turen inn til Kalkestasjonen…
….og langs stien i skogen fann eg i allefall blåbær 🙂 Men dette var meir eller mindre alle blåbæra eg såg, så det bugna ikkje akkurat her.
Ja, ja, no kunne eg i allefall konstantera at blåbæra er modne, om ikkje anna 🙂
Det vart litt seint før Ann Irene vart klar for tur, så vi bestemte at vi ikkje kunne køyra så langt. Vi tok difor sjansen på at det skulle vera blåbær opp mot Leiteshaugane, sjølv om eg ikkje hadde kome så langt at eg fekk sjekka det ut tidlegare på dagen.
Så då bar det avgårde til Fjellandsbø igjen…
…. denne gang køyrte vi forbi kyra og inn til endes av vatnet.
Det var dumt eg ikkje kom så langt opp som dette å dagen og kunne fått tatt bilete av dette taket i fullt dagslys. Det er utruleg flott, med masse blomar/fargar, men det klarte eg ikkje å fanga på bilete når garden no låg i skuggen.
Det var ikkje mykje blåbær å sjå langs skogsvegen mot Leiteshaugane heller. Det kan jo henda vi er så seint ute at folk faktisk allerie har vore å plukka bæra…. Men det kom seg litt etter litt dess lenger opp vi kom. Oppe ved Leiteshaugane var det jo forsåvidt litt bær, men dei var jo så små! Ei tålmodigheitsprøve når ein skal plukka bær for hand… Eg plar forsåvidt ha med meg bærplukkar, men i går skulle eg berre ha nok bær til å røra litt syltety på vegen, så då brydde eg meg ikkje med å ta med den. Ann Irene plukkar alltid for hånd då ho ikkje gidd renska bæra – «det er så gørrande kjedeleg at eg heller vil stikka ut mitt eige auga». Ja, ja, sånn kan ein og sjå på det – eg brukar rensking av bær som terapi 🙂
Det kom litt bær i boksen, men det gjekk trått…
Ein blid bærplukkar 🙂
Det var fint og varmt i skogen i går, så ein fin tur hadde vi. Men etterkvart vart vi litt lei av å plukka på desse små blåbæra – eg kom til eit punkt der eg tenkte at «dette er så gørrande kjedeleg at no vil eg heller stikka ut mitt eige auga»…. Så då fann vi ut at det var på tide å gje seg 😉
You looking at me???
No var det på tide med kveldsmat – det var jo heile vitsen med denne blåbærturen 🙂
Vi rigga oss til i elvekanten – ikkje alle så er heldige å kan innta kveldsmaten sin på ein slik fin plass 🙂
Mmmmm……
…pannekake med nyrørt blåbærsyltety og krem….
…..noko av det beste som finnes 🙂
Så, sjølv om vi ikkje fann så all verda med blåbær i går, var vi i allefall nøgd med kveldsturen vår – mette vart vi og 🙂