Gygrastolen – dette fjellet har stått på lista mi i mange år no, men den turen dreg visst ut. Eg føler jo at når bloggen er blitt meir og meir ein turblogg og med mitt etternamn, så er det jo litt pinleg og ikkje ha vore på Gyrgrastolen enda! Vi gjorde eit forsøk i 2014, men pga div. orsaker – mest skodde – kom vi ikkje lenger en til Skrunten. Dvs. to kom seg opp til Skrunten, eg kom meg opp til stiskilje mellom Skrunten og Gygrastol og ei måtte snu lenger nede. Men no meldte dei nokonlunde fint ver, så skulle vi ikkje gjera eit forsøk igjen igår, torsdag?
Eg visste utmerka godt at dette kom til å bli ein hard tur for meg. Sjølv om eg faktisk har vore på nokre fine turar i sommar og ferien min, så kan eg ikkje skryta på meg å ha trena altfor mykje. Ingenting, faktisk – og eg som hadde planar om å koma i skikkeleg god form i ferien min… No må eg heller bruka dei neste vekene på å koma meg inn i buksene mine igjen….
Men eg stod opp tidleg og tok ei lita peptalk til meg sjølv. Kan ein 21 år gamal kvit, gutunge i frå Ulsteinvik bli verdsmeistar på 400 meter hekk, så må no du klara å koma deg på Gygrastolen!! Ein klarer det ein vil klara! Så drog eg nevane eit par ganger igjennom luggen og slo meg på brystet og utbraut:»UGH! Eg er klar» 😉
Kl. 8 hadde eg vore på butikken og handla det eg skulle, men turkompis Ann Irene hadde eg ikkje høyrt ifrå enda. Då ho heller ikke svara på meldinga mi, ana eg ugler i mosen og fann ut eg måtte ringa før eg køyrte på inn. Ho hadde sjølvsagt forsove seg!!
Når ei kanin og skilpadde skal på tur i lag er det jo ei lukka at det er kanina som har forsove seg og ikkje skilpadda 😉 Dette var jo berre eit pluss for meg 🙂 No kunne eg byrja turen i mitt rusletempo og få eit lite forsprang før ho tok meg igjen.
Eg parkerte på den store, flotte, nye parkeringsplassen litt nedanfor kyrkja på Ænes og byrja å rusla roleg innover dalen. Eg valgte å gå på den vanlege skogsvegen innover og ikkje vegen som er merka med raud T ved kyrkja. Eg har aldri gått den T merka vegen, så den veit eg ikkje korleis er. Men eg tenkte at å starta rogleg på eit par skogsvegar er betre enn å gå rett inn i skogen.
Turen til Gygrastolen har tidlegare vore dårleg merka, men no er det komen opp nye skilt og ein kan vel ikkje gå feil. Her forsvinn vegen vidare innover Ænesdalen, medan ein fortset vidare på skogsvegen til venstre om ein skal til Gygrastolen.
3 skilt trur eg eg traff på før eg måtte over på stien så, som sagt, no er det godt merka.
Eg tok det pent og pynteleg oppover, medan eg stadig fekk rapportar i frå Ann Irene om kor langt ho var komen. Eg fann ut at det kanskje var like greit at eg kom opp og utav skogen før ho tok meg igjen – då kunne eg få meg ei skikkeleg god kvil før ho kom travande.
Stien er god å gå på….
…..tidvis ganske bratt, men det er heldivis ikkje så lange stykket. Det flatar ikkje ut etterpå heller, men det blir litt meir variert.
Her bomma to av oss på stien forrige gang vi var her. Vi forsvann vidare framover og enda opp med å virra rundt inni skogen og leita etter vegen vidare i lengre tid, medan….
….stien eigentleg går rett opp her.
No var eg kome så langt at eg fekk fin utsikt over Varaldsøy, Sild og resten av fjorden 🙂
Eg fann meg eit berg å sitja på kor eg fylte på med litt væske og kalorier, medan eg venta på Ann Irene, som eg visste no var komen over på stien. Sola var forsvunne og det skya til, men det hadde jo vermeldinga og sagt at det skulle. Temperaturen var perfekt for fjelltur.
Gygrastolen låg framleis synleg til 🙂
Flott utsikt.
Og endeleg – der kom ho 🙂
Ann Irene fekk seg ei god kvil her óg, men så var vi klar for neste etappe mot det store målet…
….Gygrastolen! Nei, pokker og – kva var det som byrja leggja seg om toppen no?? Vi satsa på at skodda ville forsvinna like fort som den kom…
Planen no var å gå til foten av oppstigninga mot Skrunten, og så ta ei matpause der før vi gjekk vidare. Eg bestemte meg og for at hvis eg skulle nå toppen så måtte eg gå så sakte som mogleg og spara mest mogleg krefter slik at eg hadde krefter igjen på slutten. I tillegg måtte eg syta for å få i meg nok mat og drikke, noko er ikkje plar vera så god på.
Eit lite stykke får ein fin utsikt ned i Ænesdalen 🙂
Det tok ikkje så langt tid før vi gjekk i vårt vante mønster – Ann Irene som forsvinn oppetter lia og eg som kjem diltande etter. Her har eg nådd ho igjen – sjå kor nøgd ho er med turen så langt 🙂 Eg og var nøgd – gå-sakte aksjonen min hadde fungert så langt, og eg følte ikkje eg hadde brukt så mykje krefter på å koma opp hit.
Vi fulgte planen våres og tok ei god pause og fekk i oss litt vått og tørt her. Vi hadde framleis langt igjen til toppen!
Men så var det på» an igjen!
Alle som har fylgt litt med veit kor «glad» eg er i bratte oppoverbakker. No trong eg ikkje lenger tenkja på å gå sakte – det skjedde automatisk. Det tok ikke så lang tid før vi vart tatt igjen og forbigått av ei sprek dame i frå Bergen med hytte i Jondal. Ho hadde site ofte og sett på Gygrastol i frå hytta og i dag hadde ho bestemt seg for at ho skulle opp dit 🙂 Ho forsvann raskt oppetter lia….
…men då ho stoppa for å kle på seg litt meir kler, tok vi ho att. Så då kom vi alle opp til vegskiljet mellom Skrunten og Gygrastolen i lag.
Så langt ca. kom eg sist gang eg prøvde meg på denne turen. Den gang stod det ikkje noko skilt her og eg fortsatte litt vidare frametter. Men då skodda var så tjukk at eg ikkje lenger såg kor stien gjekk, snudde eg. Det var bra for då eg kom tilbake hit, kom dei to som låg foran meg ned att frå Skrunten og vi gjekk rett på einannan 🙂
I dag låg det ikkje skodde her, men den var byrja bli faretruande tjukk ovanfor oss – altså på Gygrastolen!
Vi var no inne i eit flatt område på veg bort mot steinura vi måtte klatra opp mot toppen. Og meir og meir stein vart det bortover her og…
…..veldig mykje stein…
…..forbaskade mykje stein!!
Det var vel sikkert her eg byrja innsjå at eg manglar både lår-og leggmusklar! Kondismessig så gjekk det heilt fint – tunga låg på plass og eg følte ikkje at eg hadde brukt så mykje krefter for å nå hit. Eg var difor ganske nøgd med taktikken eg hadde lagt og fulgt. Men beina – beina byrja no å jobba mot meg og det er fyrste gang at eg har fått, ikkje mjølkesyre, men gangsperre i leggene medan eg framleis er på tur….
Eit lite tilbakeblikk, og eg innsåg at eg nesten ikkje hadde byrja stigninga enda…
….men framleis hadde langt igjen til toppen!
Dei to andre damene dansa så lett oppover. Dama fra Bergen fyrst – akkurat langt nok foran Ann Irene til at ho hadde ho i synet og Ann Irene akkurat langt noko foran meg til at eg såg i sekken hennar der ho steig oppover.
Framleis kunne vi sjå utover (eller kanskje det heiter innover) fjorden.
Stien oppover ura her er forsåvidt godt merka med både små steinvardar, raude T-ar og prikkar. Men det er likevel ikkje alltid lett å sjå kor det er best å gå. Her er det jo berre stein på stein og om ein ser ein varde med raud T framom seg var det ikkje like lett å sjå korleis ein skal koma dit – skal ein klyva til høgre eller venstre eller rett opp for å koma dit? Kanskje det ikkje er noko fasit svar på det. Eg trur nok ikkje alltid eg valgte den lettaste vegen – det vart eindel høge klyv, steg tilbake og småbanning og eg får vel vedgå at eg vart temmeleg lei stein etterkvart! Eg likar i grunnen å klyva litt, men det får no vera måte på! Då Ann Irene ringte (ja, det er dekning her!!!) og sa ho sat på ein topp og venta på meg fordi skodda var blitt så tjukk at ho ikkje ville gå vidare aleina, stod eg lenger ned og virra att og fram og lurte på korleis i all verda eg skulle koma meg vidare mot neste varde – eg såg ikkje noko innlysande plass å gå. Men det var berre til å ta i bruk både armar og bein og koma seg opp på ein stein og så fann eg ei løysing igjen.
Eg fekk auga på Ann Irene og vi kunne vinka til kvarandre. Før eg nådde fram til ho, kunne eg og høyra at ho hadde kontakt med dama i frå Bergen. Det måtte bety at vi nesten var oppe, tenkte eg, og at ho hadde vore på toppen og var på veg ned att. Det stemte for såvidt. Ho hadde vore nesten heilt bort -nærare enn ho kanskje visste sjølv. Ann Irene hadde nemleg i ei glytt i tåka sett at ho stod rett nedanfor Gygrastolen, men grunnen til at dama hadde snudd var at skodda var så tett at ho ikkje fann det forsvarleg å fortsetja. Kanskje var ho berre nokon skritt i frå toppen. Det er hvis ein reknar toppen på platået – over på Nibbo var det vel ingen av oss som hadde tenkt oss uansett.
Så då kom vi hit, men ikkje lenger i dette forsøket på å nå Gygrastolen!
Kor langt og lenge vi hadde igjen veit vi ikkje heilt – det vart aldri nok meir gløtt i skodda. Den vart derimot enda tjukkare, det byrja regna og det vart bikkjekaldt. Dama frå Bergen åt litt niste i lag med oss og så takka ho for seg og la på veg ned fjellet att. Ann Irene og eg vurderte litt til og frå, men enda på at skodda nok ikkje kom til å letta og at det no var så surt å kaldt at vi skunda oss å pakka saman og ta til med nedturen vi og. Det var jo ikkje noko vits i å tvinga seg sjølv vidare når vi ikkje kom til å sjå nokon ting rundt oss.
På toppen så langt vi kom – dåke får berre innbilla dåke at bak oss ligg Varaldsøy, Sild, fjord og fjell så langt auga kan sjå 😉
Så gåen som eg var i beina no, var eg berre glad for å få gå ned att. Skulle eg ha pressa meg vidare no, skulle eg i allefall hatt utsikt! Men det ville seg altså ikkje denne gangen heller – stoppa av skodda nok ein gong! På veg ned…
….kunne vi enda få litt utsikt. «Tøft med skyene som dansar forbi», sa eg…
….men det var ikkje så lenge dei dansa forbi….
….i stadenfor la dei seg som eit tjukt teppe rundt oss. På bilete her ser eg Ann Irene tydelegare enn eg gjorde i virkelegheita.
Tilbakeblikk oppover. Det var nok lurt av oss å snu – vi måtte nok ha venta lenge på at skodda skulle forsvinna 🙂
Turen nedover gjekk greit. Vi hadde jo ikkje fått site ned og ete nista vår skikkeleg enda og tenkte heile tida at hvis vi berre gjekk litt til så fann vi sikkert ein plass vi kunne sitja. Men veret var no så skiftande med skodde, regn og vind, at det passa likesom aldri. Vi hadde difor ikkje noko særleg med pause på vegen ned. Heldigvis endra temperaturen seg dess lengre ned vi kom, så etter ei stund gjorde det ingenting om det regna og var litt vind. Ikkje var skodda noko farleg heller – det gjekk greit å sjå stien….
….men det var jo og alt vi såg. Ann Irene var litt snurten for ikkje å ha nådd toppen. «Eg hadde jo så lyst å nå toppen og fått sett utsikta – istaden har vi jo berre sett kvarandre!»
Eg nemnte nok både ein og to – og kanskje tre – gonger på vegen ned at eg må byrja å trena lår- og leggmusklane mine. Eg fekk meg ei lita aha-oppleving på denne turen om kor dårleg det eigentleg står til. Ironisk nok fekk eg tilsendt ei melding frå Jorunn (som ikkje ana kor vi var og kva vi dreiv med) på veg ned – med ein video som viste blandt anna trening av lårmusklar!!! Helledussen – kunne ho ikkje ha sendt den for eit halvt år sidan…. Men då hadde eg kanskje hatt eit anna problem i om at vekten i videoen var vinflasker… 😉
Ja, ja, vi kom oss ned utan særleg store uhell. Eg var litt redd for at eg kom til å mista Ann Irene nett på eit punkt. Då vi var komen eit stykke ned på stien høyrte eg «Svusj» bak meg og brått både ser og kjenner eg at beina til Ann Irene kjem skliande mellom mine, eg deisar ned i fanget hennar, då ho, sjølvsagt, allereie sit på baken. Men ryggsekken min er jo i vegen, så det er jo ikkje plass til meg i fanget hennar, difor blir jo eg kasta frametter medan eg brukar alt eg har av armar og bein for å avverga at eg ligg langflat på magen inni noko buskas. Eg klarar heldigvis og stoppa den ferda med køyra eit kne og ein arm nedi gjørma. Bak med sit Ann Irene framleis på baken og ler så ho held på å daua 🙂 Ja, det var nok eit Youtube augneblink, det der 😉
Det vart aldri noko meir nistepause på oss denne dagen. Istadenfor bestemte vi oss for at vi var nøgd med dagens tur og difor kunne køyra heim att.
Vi hadde det jo kjekt på tur – det har vi jo alltid – sjølv om vi ikkje nådde toppen denne gangen heller. Ann Irene hadde jo faktisk kanskje hatt sjansen til å nå toppen før skodda fekk overtaket hadde det ikkje vore for at eg gjekk så tregt. Eg hadde ikkje hatt sjansen til å unngå skodda i det heile tatt….
Så vi må nok innsjå at vi må prøva oss ein 3. gong og satsa på at alle gode ting er 3 🙂 Eg kan ikkje snakka for Ann Irene, men kjem eg til å prøva meg ved fyrste og beste anledning? Hell nooooo!! Eg må nok leggja meg i hardtrening før eg skal prøva meg igjen 😉