Nei, no har eg jammen gjort det igjen….

….eg tok meg ein feriedag til eg, for å gå på fjelltur! Og i dag hadde Ann Irene bestemt at vi skulle gå til Handelandshorgjo, eller Horgjo, eller Horgo, eller Horjo – det står jo forskjellig på alle skilt! Dvs. Handelandsh…stod det jo ikkje nokon plass, det har vi berre høyrt på folkemunnet. Så om det er same plass, eller ein heilt anna plass, veit ikkje vi 🙂 Ikkje finn vi noko turomtale på nett heller, så då får vi laga vår eigen 😉

Det var kaldt i dag tidleg, bilrutene var jo heilt tilfrosne då eg kom ut og skulle ha meg ein kjapp tur på butikken å handla nista! Men vi rekna med at temperaturen ville stiga etterkvart. Kl. 0930 henta eg ei skikkeleg forkjøla Ann Irene, og så køyrte vi ut til Handelandsdalen.

img_2940

Og så la vi i veg innover dalen.

Å fysjameg kor kaldt det var. Kun 2 plussgrader viste det i bilen min og det var sikkert kaldare innover i dalen. Det var nesten slik at eg angra på heile turen, men eg håpa no enda på at temperaturen skulle stiga og sola koma fram.

img_2941

Etter ei stund kjem ein til dette skiltet, og då er det berre å…

img_2944

….fylgja skogsvegen oppover.

Skogsvegen er ganske grei å fylgja. Det går på opp, men det er ikkje kjempebratt.

img_2948

Ved enden av skogsvegen går det sti vidare til venstre. Stien er merka med raude T’are og prikkar.

Dette er ein fin sti å gå på. No går det litt oppover i byrjinga og så flatar det ut eit stykke.

img_2950

Nok eit bevis på kor kaldt det var i dag tidleg 🙂

img_2951

Når ein kjem til dette skiltet…

img_2953

…byrjar det å gå på opp igjen.

Og no går det stort sett på opp igjennom skogen – sånn passeleg bratt.

img_2959

Litt utfordringar må ein ha på tur 🙂

img_2962

Omsider var vi komen så høgt av vi fekk litt utsikt og.

img_2968

Kuhaugselet hadde vi så vidt høyrt om. Det kunne vi tenkt oss å sjå, men vi bestemte oss for å fortsetja mot Horjo – så fekk vi heller ta turen til Kuhaugselet på returen.

img_2971

Det hadde vorte litt betre temperatur då vi kom inn i skogen, og vi hadde vel og gått oss litt varme. Men no kom vi ut i opnare landskap, og sidan sola enda ikkje var komen skikkeleg fram, vart det litt kaldare igjen. I tillegg byrja det å blesa ein ganske så irriterande, sur vind….

img_2973

…..og kor var Horgjo hen? Kunne det vera denne toppen?? Eg hadde vel ein mistanke om at så ikkje var tilfelle…

dsc_1566

….nei, eg var stygt redd vi skulle heilt opp her ein eller anna plass – sikkert på den høgaste toppen!

Det var fint å gå her, men no byrja eg eigentleg å bli litt lei. Eg syntes turen byrja å bli litt vel langdryg, vinden var iskaldt og eg hadde slett ikkje lyst til å gå opp dette fjellet framfor oss! Men eg luska meg no avgårde etter Ann Irene.

«Eg vil berre opp her borte for å sjå om eg ser ned i Valedalen», kauka ho. «Javel», mumla eg og tvang meg til å gå etter.

img_2984

Og ja, der var jo Valedalen 🙂

«No gidd eg ikkje gå mykje lenger», surmumla eg. «Eg går berre opp til den vetle varden der framme og ser korleis det ser ut etter den». Og når vi var komen fram til den varden – «Åh, her var det jo berre meir oppoverbakke – no går eg berre bort til den vetle varden der framme og ser korleis det ser ut etter den». Ann Irene synes sikkert det var lika greit at det bles heftig her – då klarte ho ikkje å høyra møsinga mi. Innimellom høyrte eg: «No ser eg ditt, no ser eg datt». Jobbar i barnehage, veit dåke, veit korleis ho skal motivera 😉  Som om eg ikkje gjennomskuar det… «Nei, no får du berre gå opp, så får eg sjå kor langt eg kjem», sa eg til slutt.

img_2989

Og opp her fauk ho.

Det var jo så kaldt at det var jo ikkje vits for meg å stoppa. Då hadde eg jo vore stiv som ein pinne når Ann Irene fann meg igjen – ho kunne jo berre tatt meg under armen når ho skulle ned att. Derfor steig eg jo oppover eg og.

img_2990

Og, har dåke sett – der var jo varden på Horjo – no kunne eg jo like godt gå dei siste metrane og…

img_2995

Sigersbilete  – eg har nådd den pokkers varden! Sånn ca. 2 timar og 45min. brukte eg på denne bragda.

img_2997

Sånn ja, oppfør deg litt no 😉

Å fyttikatta kor kaldt det var her!! Og vi blas jo nesten over ende!

img_2992

dsc_1534

Tenk kor varmt og godt dei hadde det «heima» på kontoret, medan eg hutra og fraus på ein fjelltopp.

dsc_1536

Halsnøy og Stord.

dsc_1535

Halsnøy og Borgundøy.

dsc_1550

The whole world 🙂

dsc_1553

Stilig med skodda i bakgrunnen.

dsc_1538

dsc_1542

Ulvanåso.

dsc_1540

Mjelkhaug.

dsc_1545

Storslått utsikt her oppe, sjølvsagt, men etter litt fotografering var det berre å koma seg nedover igjen og prøva å få i seg litt varme.

dsc_1552

Og, våre bøner såg ut til å bli høyrt, for vi hadde ikkje gått langt før sola byrja koma igjennom – ville vinden gje seg og?

dsc_1556

dsc_1557

Ja, sjå kor fint sola skein i Valedalen på returen ned i frå fjellet 🙂

dsc_1564

Og brått vart det jo skikkeleg fint 🙂 Sola skein, det vart varmt og fint og vi kunne sitja å eta nista vår og kikka på utsikta 🙂 Nu gikk alt så mye bedre 🙂

Vi hadde jo bestemt oss for å ta ein kjapp tur bort til Kuhaugselet på tilbakevegen, så då vi kom ned til stiskiljet strena vi i veg dit pila viste. Vi rekna jo med at selet berre var «rett rundt hjørna». Selet var ikkje rett rundt hjørna. Vi gjekk og vi gjekk – og det vart så innihampen varmt! Åhhh, så varmt det vart! Og eg hadde gløymt solbrillene mine 😦 «Nei, no må eg hiva av meg litt kler!»

Litt til og litt til, men ingen sel dukka opp. «Skal vi gidda dette??» Vi syntes jo vi hadde vore på lang nok tur allereie – vi hadde jo ikkje tenkt at vi skulle på enda ein lang tur til. «Spring bort dit og sjå om du ser det!» beordra Ann Irene. Og det verste er at det gjorde eg! Men noko sel dukka ikkje opp. Slukøra rusla eg tilbake og meddelte at eg hadde mislykkast i oppdraget mitt. Vi vart då einige om at Kuhaugselet fekk vera Kuhaugselet for denne gang og vi fekk ta den turen ein anna gang. Så då gjekk vi tilbake til stiskiljet og hadde nok ei nistepause medan vi klaga over kor varmt det var – vi måtta av med enda meir kler 🙂

Tilslutt måtte vi pakka saman og ta ut på siste etappe ned til Handelandsdalen igjen.

Alt i alt var vi veldig nøgd med turen då vi kom ned att. Ok, det var litt surmuling over både kulde og varme, men det var ein fin tur 🙂 Den var litt lengre enn vi hadde sett for oss, men vi kom jo opp 🙂

OBS! Haldt på å gløyma dette….

dsc_1569

….eg fann ikkje Kuhaugselet, men eg fann denne då eg leita 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.