Eg har jo skrøte uhemma av blåbærlikøren eg laga i fjor, så eg har jo ikkje hatt anna valg enn å prøva meg på ny i år..
No har eg kanskje ikkje vore lika ivrig og konsentrert i år….
……eg har berre hatt to glas med bær på sprit. Det var tross alt måte på kor mykje blåbær eg gadd plukka i regnveret i sommar..
Og eg må vel vedgå at eg har meir eller mindre har gløymt ut at eg har hatt desse glasa ståande i kjellaren. Dermed er dei blitt ståande i 2,5 månader i stadenfor 3-4 veker. Men det kan vel umogleg vera noko minus??
Men i ettermiddag var det i allefall på tide å sila av bæra…
…..Ah…ingenting å seia på fargen i allefall…
…ja, ja, det vart no det det vart – eg får dela ut i små porsjonar 😉
No blir det spanande å sjå om eg er lika heldig dyktig som i fjor og får same suksess med årets båbærlikør. Strengt tatt skal den vel stå å godgjera seg i 3 månader, men det får vi no nett sjå på – jul er jul 😉