Endeleg – på dag 3 i sommarferien min dukka sola opp 🙂 Mogleg eg har vore litt utolmodig, men når YR lovar deg sol og sommar og du får trødd ein skoddedott nedover øyro, då må det vera lov å bli ein smule irritert 😉 Men i dag – fryd og gammen og sol frå blå himmel 🙂
Ann Irene og eg har satt Fonnabu på planen i år. Skal vi klara det må vi leggja oss i trening, så i dag fann vi ut at det passa med ein «treningstur» til Eikehytta 🙂
Turen startar ved vassverket i Uskedalen, eller Sørestølen, som vi oppvaksne på Eik, seier. Så er det berre å fylgja stien opp langs elva så langt ein kjem – eg trur det er umogleg å gå feil 🙂 Når det er sagt, så har både Ann Irene og eg klart å tulla oss vekk opp i skogholtet her kvar vår gong. Begge to skulle vera «lure» og gå ein anna veg ned…
Okkesom – her har vi peisa forbi Flåtene og har kome oss opp på Skarvene kor vi kan snu oss og skua utover fjorden.
So far, so good, det var godt og varmt, men det hadde vi ikkje lov å klaga over i dag. Eg syntes vi hadde eit fint driv oppover. Vi tok ei lita drikke og påfyll av energi pause på toppen av Skarvene før vi fortsatte etappen inn mot Fagerdalen.
Så var vi på veg inn Fagerdalen. Og det er no den lever opp til namnet – no når det er grønt og fint her 🙂 Turen går forøvrig opp skaret til høgre for den vetle skydotten på biletet.
Eg syntes vi gjekk og prata heile tida, men Ann Irene må ha hatt meir på hjarta enn det ho fekk ut muntleg i dag. Brått byrja det å koma mykje lyd i frå mobilen som eg hadde putta i BH’en – det var tydeleg at her var det nokon som SKULLE ha tak i meg! Tar opp mobilen….
…..og der renn det inn meldingar frå ho som går rett bak ryggen min….
……og då meiner eg verkeleg RENN INN! Dette er berre eit lite utdrag – tydelegvis vart ho nøgd sjølv etterkvart, ettersom ho byrja slengja med nokre tumbs up 😉
Eg klarte ikkje heilt tyda bodskapen i desse meldingane. Det trur eg ikkje ho som prøvde febrilsk å få stoppa galskapen gjorde heller 🙂 Og medan det framleis rann inn meldingar til meg, måtte ho til slutt slå av heile mobilen for å få det til å slutta. «Eg gidd ikkje svara deg i dag – eg får sjå på det ein regnversdag eg ikkje har anna å ta meg til.» 🙂
Ja, ja, vi fekk oss no ein god latter på vegen 🙂
Siste sjanse for å fylla på vannflaskene før vi skal opp Eikeskaret.
Her er det bratt, og mykje lause steinar, så ein må konsentrera seg både opp og ned. I dag var det veldig grønt og fint i skaret óg.
Endeleg oppe….
….og velkomstkomiteen stod klar 🙂
Når ein kjem opp kan ein ta til venstre mot Englafjell, eller fylgja stien mot Manen. Vi skulle ingen av desse plassane i dag, men måtte fylgja stien mot Manen nett nokre meter til vi såg….
…..vår destinasjon – Eikehytta 🙂 Flottare enn dette blir det ikkje!! Ser du inga hytte, seier du?
Her ligg ho 🙂
Lita og primitiv, men sånn er Eikehytta 🙂 Det var ikkje naudsynt å søka ly inne i dag, men eg plar lufta ho litt når eg er her. Eg har forøvrig aldri sett ho så ryddig innvendig før som i dag – her var alt lina fint opp og på stell 🙂
Vi lurte oss til å låna nokre liggjeunderlag i frå hytta, og så kasta vi sko og sokkar og flata ut i sola 🙂
Eg duppa tærne litt i vatnet, men det vart ein rask dupp, altså – ikkje heilt badetemperatur i dag. Men eg har bada i vatnet før, altså 🙂
Piken ved vannet – dette biletet må vera fasiten på «idyll» 🙂
Det er lenge sidan vi har laga mat ute no, men i dag vart det nykoka tomatsuppe ved Eikehytta…
…..denne spara eg til Ann Irene 😉
Mett og god kunne vi skua rett bort på Englafjell. Det ligg nok litt lenger vekke enn det ser ut som…
Etter maten tok vi ei lang kvil, der vi berre nytte sommarveret. Etter ei stund bestemte Ann Irene seg for å gå litt bortover stien mot Svartavatnet og Manen. Etter enda ei lita stund bestemte eg meg for å gå eit lite stykke andre vegen…
Rett og slett vakkert!
Det er jo slike dagar ein angrar litt på at ein ikkje tok med litt meir god mat, drikke og sovepose – for vi hadde slett ikkje lyst å gå heimatt. Men det måtte vi jo etterkvart….
….og vi kom oss heile ned Skaret og resten av heimvegen i dag og 🙂
Akk, dette var ein flott tur – og fin trening til Fonnabutur. No må vi berre halda det igang med fleire slike trimturar hvis vi skal nå målet våres i år 🙂