Då var det min tur til å starta sommarferien 🙂 Og med tanke på sommarveret så langt, ser det ikkje ut som om det var så dumt – for neste veke melder dei sol og høgare temperaturar 🙂
Eg har ingen store ferieplanar i år – eg stolar heilt og fullt på at sommaren kjem dei neste vekene og at eg skal få meg nokre fine fjell-og padleturar. Og så har eg nokre kjedelege saker på tapetet, sånn som å skrapa og mala vindauga ute….
Det har blitt litt mykje god mat og drikke i det siste, så no må eg trimma meg litt opp før eg kan leggja ut på dei heilt store fjellturane 😉 Starta i dag med ein roleg tur opp til Hauglandsfjellet.
Skyene hang enda litt nedover fjellsidene då eg starta turen….
Men då eg kom opp, skein sola og det vart varmt og fint 🙂
Ein skoddedott igjen på toppen av Geitedalstind – eg veit ikkje om det letta i dag. Kanskje eg skal prøva meg på ein tur opp der i ferien? Eg må litt beskjemma vedgå at eg kun har tatt turen ein gong tidlegare…
Tok meg tid til å eta ein liten energibar før eg snudde å gjekk på heim att.
På veg opp hadde eg Storytel og ei Lars Kepler bok på øyra – eg tenkte det var trygt med krim iom at eg gjekk i fullt daglys. Då er det måte på kor eg kan skrema meg sjølv med å tru eg ser både det eine og det andra bak ein busk 😉 På veg ned att, derimot, vart det Spotify og sommarens favorittartist (for min del)…
Går fint an å gå tur med han her på øyra 🙂
No vart det så fint at eg fekk litt følelse av at det faktisk er sommar og ikkje haust 🙂
Og sidan det vart så fint og sola skein, fann eg fram plenklypparen og slo plenen når eg kom heim 🙂 Så då har eg gjort noko fornuftig i dag og – det er ikkje sikkert det skjer kvar dag i ferien 😉