Innleiar herved sommarsesongen på Bobla med eit innlegg frå Festidalen 2019, som var i helga 🙂 Eg syntes programmet såg litt betre ut i år enn i fjor, så eg hadde litt forventningar til årets festival. Mest spent var eg på høyra Isák på laurdagen, då eg syntes Ella Marie var kjempeflink og vann fortjent Stjernekamp på NRK 🙂
Vermeldingane for fredag og laurdag såg strålande ut, så då passa det bra at han far trødde til og snekra terasse til meg som stod ferdig og klar til å ta imot gjester då fredagen kom 🙂 Eg bur jo genialt til rett over jordet frå Festidalenjordet – perfekt vorspiel plass 😉
Fredagen blir alltid litt travelt når ein enda ikkje har byrja på ferien. Eg stressa ikkje med å stilla på opninga av festivalen… Det er det nok mange andre som ikkje gjer heller. Litt dumt for dei som går på scena fyrst, men det byrjar litt for tidleg når ein skal rekkja heim i frå jobb, handla til helga og div. andre ting før ein er klar for å ta helg 🙂
Veret vart jo enda finare på fredagskvelden enn vermeldingane sa, så det var fint å sitja ute å lada opp. Ein av gjestene reklamerte godt for Gåte, som ingen av oss andre hadde noko forhold til, så då luska vi oss bort til dei skulle starta. Eg vart ikkje heilt hekta på dei, og må vel vedgå eg syntes heile konserten høyrtes ut som ein lang sang. Men bevares, dei jobba på og det var god lyd. Eg skjønar vel og at dei kan ha ein fanskare, for det var jo litt spesiell musikk. Kva dialekt dei sang på er for meg framleis ei gåte…
Tida flyr, og sånn er det blitt…..
….Stian og fadder Marit kosar seg i lag på Festidalen 🙂
Det var ikkje så mykje folk på jordet på fredagen, men dei som var der såg ut til å kosa seg 🙂 Men når Kvelartak sat i gang, veit eg om fleire som tok beina fatt og gjekk heim for kvelden 😉 Det var ikkje meg, altså! Eg kjem aldri til å setja meg ned og høyra på Kvelartak i stova, men nett i festivalsettingen synes eg det er litt tøft å høyra på.
Sistedame på scena denne kvelden var Miss Tati. Ho er jo nesten blitt stamgjest på Festidalen, men er ho kjent nok til å trekja folk og avslutta ein festivalkveld? Eg trur ikkje det, men eg synes det er snert i Miss Tati, eg. Litt kjedeleg at eg ikkje kjenner sangane hennar – på denne tiden av kvelden har ein vel litt lyst å synga med?? 😉
Miss Tati er det futt i 🙂
Såpeboblemaskina var på plass 🙂
Eg var ellers imponert over at dei dreiv og «balla» på nabojordet midt under konsertane – utan at vi høyrte lyden av hverken traktoren eller «ballemaskina» 🙂
Slik såg det ut når eg tusla meg heim fredagsnatta. Eg gjekk før Miss Tati var ferdig – eg høyrer jo konserten lika bra heima, og det er litt koseleg å gå ute å rydda til musikk 🙂
Tidleg opp på laurdag med ein mage som slo heilt krøll på seg og som gjorde at eg vart den store festbremsen denne dagen. Det var så vidt eg turde bøya knea litt i takt til musikken denne kvelden, men eg var med, så eg scorar vel eit poeng der 😉
Laurdag skulle jo bli finare enn fredag, men det slo ikkje heilt til. Vår plan var at vi skulle sjå Jan Ove, for så å gå heim og grilla og lada opp til resten av kvelden. Det blas stikkar og strå på Dønhaugstølen, men eg prøvde å bura terrassen inn så godt eg kunne så vi kunne vera ute.
I det Jan Ove gjekk på scena skein det til og med litt opp att og sola kom igjennom. Det var kjekt å sjå at folk strøyma til jordet denne ettermiddagen 🙂
Ein kjenner jo igjen lyden av Kaizer når Jan Over spelar, men det blir jo sjølvsagt litt mindre lyd når han er aleina på scena. Men eg likar Kaizers Orchestra, og dermed likar eg Jan Ove 🙂
Grillpause i vinden før vi skulle bort att å høyra på Isák 🙂
Isák levde opp til forventningane våres! Dette var knallbra! Eg lika best sangane ho joika/sang på samisk (det vart litt diskusjon om kva som var kva). Sprek var ho og – det var nok Ella Marie som brukte mest sceneplass denne helga 🙂 Dette lika vi så godt at vi bestemte oss for at vi må laga til ein «Samisk aften» 🙂
Kriminell Kunst må eg vedgå at eg ikkje høyrte så godt etter – dei haldt på i bakgrunnen medan vi pludra om stort og smått og såg etter kjente. Det var ikkje så lett, for no var jordet blitt stappande fullt 🙂 Innimellom lytta vi nok likevel etter og det må ha vore litt fengande, for vi sang i allefall med om nabolaget 😉
Eg er ikkje noko Highasakite fan, men synes dei har enkelte bra sanger. Eg har gått rundt å sagt at eg ikkje synes det er noko festmusikk, det er eg framleis usikker på om det er – men det skal dei ha – dei gjorde seg mykje betre på scena enn eg hadde sett for meg. Sceneshowet var bra – eg vart nok litt meir opptatt av lys og bilete enn sjølve musikken. Men musikken gjorde seg og godt på Festidalen, sjølv om eg irriterte med på at sangane vart dratt ut i lengste laget.
Sjekk ballongane framom scena. For eit genialt påfunn! Alle hadde kvar sin farge – og då er det jo kjempeenkelt å halda orden på kor den enkelte er, og ein slepp gå rundt å leita etter kvarandre 🙂 Vi veit jo ikkje om det var det desse personan brukte ballongane til, men vi tykte det var eit supert påfunn. Eg har beordra min kollega Terese til å bestilla Nowaterballongar til neste år….
Eg veit ikkje om det låg noko bodskap i dette, men tøft var det i allefall 🙂
Sjølv om Highasakite overrasska litt positivt, vart det nok Highasakite på meg etterkvart – så eg forlot jordet før det var slutt denne kvelden og…Resten av konserten fekk eg med meg når eg rydda vekk vorspielet på terrassen, rydda kjøkenet og fekk satt i oppvaskmaskina 🙂
Dett var dett – vel blåst….
…og når vi snakkar om blåst…..
….etter ein morgon/formiddag med bulder og brak, kom det nokre vanvittige vindfloger og eg måtte få guten med meg ut på redningsaksjon! Det var nok ein tabbe å ikkje fjerna gardinene på veggene…. Men ingen skade skjedd – veggen er lika heil og palma lever enda 🙂
No er det jobb ei veka til og så er det endeleg 3 veker sommarfeire på meg. 3 veker utan planar – eg satsar på at sommarveret kjem, fjell og at eg får den Lille Gule på vatn 😉