Ny tur til Kvanto har stått på programmet sidan eg var der for fyrst gong i fjor, men av ymse grunnar har det ikkje blitt noko av. Inntil denne veka då Jorunn, Ann Irene og eg hadde satt på planen at no måtte vi ta turen. I fjor kom vi opp og fekk med oss ein fantastisk solnedgang og vi håpa vi skulle få oppleva noko av det same denne gongen. Heilt det same ville det jo ikkje bli – i fjor gjekk vi i august og no er vi midt i oktober…
Eg ankom Omvikdalen lettare stressa – eg hadde jo lova å stilla kl. 16.30. Men når eg måtte køyra bak ein taktor med tilhenger i frå Stripo til Uskedalen utan at den køyrte til sides, eller det var moglegheit for å koma forbi, såg eg at eg byrja å få det noko travelt. Når eg endeleg ankom Jorunn sin heim skulle eg kjapt skifta batteri i hovudlykta mi, men den var jo ikkje komen med i bilen…Og det var eg som hadde minna dei andre på meir enn ein gong at dei måtte huska å ta med hovudlykt! I tillegg legg eg lommeboka mi att i bilen (som stod att hos Jorunn) og må tigga til meg ei baconpølsa på Best til middag av Jorunn 😉
Nuvel, endeleg kom vi oss no avgårde. Heldigvis køyrer Jorunn «terrengbil» slik at vi slepp gå opp skogsvegen 🙂
På Halsnøy var det overskya heile dagen, men i indre luten var det jo strålande sol. Sjå kor flott det var når vi kom opp skogsvegen! Ny bru har dei fått opp og – då slepp i allefall Ann Irene og eg gambla med livet og kava oss over ei snøskavl ein gong til når vi skal til Kviteggi 😉
Nok ein plass ein aldri blir klok på kva heiter – Kviteggi, Kviteggjo etc.
Dåke synes kanskje Ann Irene ser ut til å ha blitt litt høg og mørk sidan sist? Ann Irene måtte diverre melda avbud, så då tok vi med oss Thor Ivar som vikar denne gangen 🙂
På denne turen får ein ganske raskt flott utsikt – og den må jo sjølvsagt dokumenterast 🙂
Vi var litt spente på om Thor Ivar kom til å ha tolmod nok til å gå tur med oss. Hverken Jorunn eller eg er vel kjent for å spurta opp fjellsidene. Men det gjekk heilt fint og eg trur vi fann eit tempo som passa oss alle 🙂
Tilbakeblikk – her ser vi mot Kviteggi, Malmangernuten og Melderskin.
Sola gjekk ned medan vi gjekk opp….(den var fiks 😉 )
Undervegs måtte vi ha ei lenger pause då Jorunn per telefon måtte fortelja vekomande i andre enden steg for steg korleis ein laga fiskebollemiddag! «Du må ha smør i sausen», «Du må røra heile tida – svir du sausen kan du setja den til sides og gå på McDonalds!», «Fiskebollane skal ikkje kokast – dei skal kun trekkja i sausen» etc. etc. Dess meir ho forklarte, dess svoltnare vart Thor Ivar og eg – eg hadde tross alt berre slukt ei baconpølsa frå Best til middag… (No må eg berre huska desse råda i frå Jorunn til neste gang eg skal laga fiskeboller til middag 😉 )
Omvikdalen – no byrja skumringa og vi byrja sjå fine fargar i horisonten.
Andre vegen – krittkvite Folgefonna!
Litt til sides – Ulvanåso.
Det var i det heile tatt mykje forskjellig lys og fargar på denne turen. Medan det vart mørkare og mørkare ut mot havet og fjella framfor oss, var det framleis lyst og fint når vi kikka mot Folgefonna. Og medan solnedgangen laga magiske fargar ut mot havet og fjella framfor oss var det framleis lyst, fint og lyseblå himmel når ein såg mot Folgefonna.
Varden på Kvanto i sikte + Matrefjorden til høgre.
Stille vatn – som ironisk nok heiter Verhardavatn 🙂
Dåke skjønar kva eg meiner med mykje forskjellige fargar og lys?
Endeleg oppe tok vi oss ei god pause. Åt litt niste og beundra landskapet rundt oss. Eg trur eg framleis sit denne turen blandt dei finaste turane eg går – ja, kanskje heilt på toppen av lista og 🙂
Eit litt artig bilete, synes eg 🙂
Mine to kjekke turkompisar på denne turen 🙂 Thor Ivar hadde ikkje vore på Kvanto før og eg trur ikkje han angra på at han heiv seg med på denne turen…
…og så fekk han jo posera med begge damene 🙂 Her mistenkjer eg att han kikkar på stjernene og leitar etter Karlsvogna, Nordstjerna, Lillebjørn etc. I allefall fekk er lært både det eine og det andre om stjernehimmelen på heimatt turen. Eg trur eg stolar meir på hans kunnskap enn på ho som kunne peika ut Orionsbeltevogna 😉
Det byrja å bli både kaldt og mørkt no, og det var på tide å koma seg nedatt i frå fjellet. Hovudlyktene sat vi på allereie på toppen. Eg hadde heldigvis fått låna ei ekstra av Jorunn. Vi gav Thor Ivar oppgåva med å leda damene ned i frå fjellet – ei oppgåva han klarte med glans 🙂 Det er litt spesielt å gå ned fjellet i mørket- når vi ser utover ser vi lysa frå alle bygdene rundt oss herifrå til månen…. Veldig spesielt og utruleg flott!
Vel nede til bilen igjen var alle tre einige om at dette hadde vore ein fin tur. Dette er ein tur vi absolutt kan anbefala til alle 🙂 Men skal dåke ta turen i år må dåke skynda dåke for til neste helg skal vi vel stilla klokka tilbake igjen og då er det vel ikkje så lenge det er lyst om ettermiddagen lenger…
PS! Har igjen stjælt litt bileter i frå Jorunn 🙂
Oooops! Haldt på å gløyma…
….obligatorisk fjollebilete på Kvanto 😉