Hekta på Kvanto??

I går gjekk turen til Kvanto – igjen! Men i motsetnad til sist, så var Kvanto berre eit delmål i går. Jorunn hadde nemleg fått forklart ein ny tur ned i frå Kvanto – og den måtte sjølvsagt damene prøva seg på…

img_3053

…. så laurdags formiddag var det avgårde Kåre mot Kvanto for andre gong på tre dagar 🙂

14650088_10155322852852538_5485893413515052041_n

Ut på tur, aldri sur – bokstaveleg tala… 😉

Litt overskya når vi starta turen i går. Det gjorde ingenting – det var grei gå-tur-temperatur. Nesten opp til «lurevarden» (Konefjell fann vi ut det heitte her), synes eg at eg såg noko kvitt i lufta. Turte fyrst ikkje seia noko, men så syntes eg igjen eg såg noko kvitt i lufta. «Eh…snør det??» Dei andre trudde sikkert det hadde tilta for meg. Heldigvis for meg så fekk dei andre damene – for anledningen Jorunn og Marianne – og auga på det same. Jammen var det nokre små, veldig små, pittekyrande små, snøfnugg i lufta! Dette leda til både jubelutbrudd og lovsang i fjellheimen 🙂 Heldigvis vart det ikkje noko meir hverken snø eller lovsang – vi var vel eigentleg einige om at vi ville ha sol når vi ankom Kvanto 🙂

img_3058

Du veit du drar på åra når du synes ein fargerik måsedott er noko du må fanga på film…

img_3060

Jorunn jublar over at den nye appene hennar har plassert ho der ho er – på Kvanto!

Det blas ein bitande kald vind på Kvanto i går, så her ville vi ikkje vera. Og det var jo heller ikkje planen – vi skulle jo vidare.

img_3063

Kvanto sett i frå ein ny vinkel for oss.

img_3065

Vi kom oss litt ned i le og her tok vi ei lita pause. Sola kom fram og det vart i grunnen veldig fint å sitja her og kikka mot Matrefjorden.

img_3067

Det var ikkje så lett å fanga Folgefonna på bilete i går- ho gjekk meir eller mindre i eitt med skyene 🙂

img_3070

Etter pausa fortsatte turen ned mot Verhardavatnet. Her skulle vi, etter anvisninga Jorunn hadde fått, gå til endes av vatnet på venstre sida.

Verhardavatnet  – det ser ut som ein pliten pytt når ein står oppe på Kvanto, men det er jo eigentleg ikkje så lite når ein kjem nærare.

img_3079

Ser dåke pipa på hytta som stikk opp litt til høgre i biletet?

img_3088

Rett og slett vakkert!

img_3083

Utsikt mot Melderskin og omeng.

img_3086

Gulp! Eg har jo sett den nye norske serien Vikingane, og her vart eg då litt redd for at jentene skulle ta etterstup…

img_3087

….heldigvis ombestemte dei seg og kom tilbake for å fortsetja turen i lag med meg 🙂

img_3096

Vi har byrja turen rundt vatnet, og varden på Kvanto er no berre blitt ein liten prikk i horisonten.

img_3108

Dette synes eg vart eit kult bilete av Jorunn 🙂

Vi bestemte oss for å ta «hovudpausa» vår ved enden av vatnet i går. Sidan vi var på langtur nytta det ikkje å ha med nisteboks og skiver med brunost – vi skulle gjera det skikkeleg i går og laga oss både middag og dessert på stormkjøken. Det er  i utgangspunktet ikkje noko hokuspokus å laga mat på stormkjøken, men i vår gjeng er det ikkje alltid så lett å finna ut kva ein skal laga som alle kan eta. I går f.eks. så var det med ein vegetarianer, ei som stort sett skal laga alt frå botn av og meg, som generelt sett berre er skikkeleg kresen på mat. Så, då enda vi opp med det vi stort sett alltid endar opp med å laga….

1

…tomatsuppe 🙂

Men ein skal ikkje kimsa av tomatsuppe- det er jo godt det 🙂 Når Jorunn i tillegg hadde med makaroni, wienerpølse og baguettar, så vart det jo eit herremåltid 🙂 Eg hadde forlangt av vi skulle ha dessert og i går, og den skulle eg ta ansvaret for. Så medan eg forbereda den…

img_3122

….vart dei andre to satt i arbeid med både å ta oppvasken..

img_3131

…og å piska…

img_3134

…kremfløyte!

Eg er heldig som har gode vener som finn seg i alle påfunna mine:-) No blas det igjen kald vind, og desse to fraus jo nesten fingrane av seg, men klaga gjorde ikkje. (Berre litt). Eg var jo litt spent på om dessertplanen min kom til å fungera – spesielt om vi kom til å få til kremfløyten. Men det skal dei ha – det tok ikkje lange stunda før vi hadde den finaste kremen…

2

….og eg kunne servera lune, tilslørte bondepiker! Eller, som eg las ein plass – tilfører du litt nøtter og mandlar så blir det styrtrike bypiker 🙂 Mmmmm…. dette var ein innertier! Men, gosjameg så mektig! Eg klarte rett og slett ikkje eta opp min del og etterlot litt godsaker til hjorten…

No måtte vi skunda oss vidare. Ikkje fordi vi hadde dårleg tid, men vi måtte få opp varmen litt igjen. No skulle vi fylgja ein godt, synleg sti vidare. Problemet var at vi syntes vi såg godt, synlege stiar overalt.. Marianne og eg valgte oss ut ein sti vi syntes såg fornuftig ut å fylgja, Jorunn meinte vi skulle gå litt lenger oppe.

img_3144

Vi kom fram til dette vatnet. Stien Marianne og eg fylgde såg ut til å gå vidare over på solsida, men Jorunn meinte vi no var komen heilt feil og ikkje skulle vera i nærleiken av dette vatnet. Det var tross alt ho som hadde fått instruksar om kor vi skulle gå, så då valgte vi å gå vidare til venstre her på skuggesida.

img_3147

Etter ei stund fekk vi auga på vatnet vi ser når vi går opp til Kvanto. I fylgje planen skulle vi koma ned på høgre sida av vatnet, no såg vi at vi kom til å koma ned på venstre sida. Vi konkluderte då med at Marianne og eg sikkert hadde vore på rett sti likevel 🙂

img_3148

Men det førte ikkje til nokon sure miner. Vi var jo uansett ute på ukjente stier og så lenge vi visste kor vi var, var det ikkje så nøye om vi gjekk rett eller ikkje 🙂

img_3149

Dessutan var det kjempgodt å gå her – masse mjuk mose 🙂 Men vi må vel vedgå at det var heldig for oss at det ikkje hadde regna på nokre veker – det er sikkert eit temmeleg vått område når det har regna.

img_3151

Litt bratt ned den eine bakken til ei lita elv vi kryssa. Men no traff vi rett på ein sti som vi er heilt sikker på at er menneske- og ikke dyrelaga. Då var det berre å fylgja den bort til…

img_3154

…ei hytte som ligg…

img_3156

..ovanfor vatnet. Hadde vi gått rett skulle vi vore i fjellsida på andre sida. Ja, ja, det betyr berre at vi må ta turen igjen ein anna gang 🙂

img_3158

Då gjenstod berre siste etappe tilbake til bilen 🙂

Vi hadde jo spøka med om vi burde ta med hovudlykt eller ikkje på turen, men Jorunn meinte det var heilt unødvendig. Vi skulle jo vera tilbake til bilen leeeeeeeenge før det vart mørkt. Vi var jo tilbake før det vart mørkt, men vi fekk no med oss…

img_3163

img_3171

…ein flott solnedgang denne gangen og 🙂 Og vi skulle vel ikkje ha vore tilbake så veldig mykje seinare om vi ville unngå mørket 😉

Dette var ein kjempefin tur – ein av dei beste vi har vore på! Litt for kaldt innimellom, men vi må berre byrja ha med oss nok varme kler i sekken frå no av 🙂 Vi skal definitivt gå fleire turar i dette området. Eg trur jammen eg vi slå fast at Omvikedalsfjella er mine favoritt fjell 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.