Kong vinter…

….kom brått på besøk! Tidlegare i veka foreslo Ann Irene at vi skulle ta turen til Dyrrindo i dag (lørdag). Dyrrindo ligg ca. 1 times gange frå Tveitedalen på Utåker opp mot Ulvanåso. Men i går såg vi jo at det kom snø ganske langt nedover fjellsidene og ikkje meldte dei så veldig fint ver i dag heller, så då tenkte vi at vi kanskje fekk leggja lørdagsturen til ein plass vi kunne eta nista under tak istadenfor…

Då eg vakna i dag var det snø på bakkane og ganske så surt ute – var det verkeleg turver i det heile tatt? Ja, meinte Ann Irene. Så då var det berre å pakka sekken. Vi vart einige om at Handelandsdalen var eit passeleg turmål i dag. Før eg kom meg ut døra hadde det letta litt og det var slett ikkje så verst ute- det var jo faktisk nesten litt julestemning 🙂 Begge to gleda seg stor til at vi skulle går tur i snø igjen 🙂

I bilen går jo praten om laust og fast, men då vi køyrer igjennom Teigen kjem det brått frå Ann Irene: «Kor er snøen hen?» Hmmm…ho hadde rett – ytre luten var det eindel meir snøfattig enn indre luten i dag. «Jammen, trur du det er snø i Handelandsdalen i det heile tatt?» Det såg spøkje ut for det, snøen låg eindel lengre oppe i fjellet her. Men det ordna seg jo raskt, for før vi visste ordet av det hadde jo eg passert avkøyrsla til Handelandsdalen og var på god veg mot Tveitedalen – det opprinnelege turmålet vårt 😉

Så på eit blunk hadde vi bestemt oss for at i måtte litt opp i fjellet likevel. Og det måtte vi jo om vi skulle gå tur i snøen – for i Tveitedalen var det jo heller ikkje snø…

Så då la vi i veg…

img_3214

….dit pila peika 🙂

Litt våt skogsveg i dag, men det tok ikkje så lang tid før vi fann det vi leita etter…

img_3190

..SNØ 🙂

Og dess høgare vi steig, dess meir snø vart det. Og brått var vi mitt i winter wonderland 🙂

img_3192

Utsikt ned mot Tveitedalen.

img_3194

No byrja det bli litt tungt å gå her.

img_3195

Tilbakeblikk ned skogsvegen.

img_3199

Utsikt mot Tveitedalen igjen – sjå kor flotte snødekte trer!

Så langt hadde vi kava oss oppover side om side langs skogsvegen, men no skulle vi over på stien. Ann Irene hadde ikkje vore her før, så då vart det min jobb å gå foran og finna stien og ploga veg. Og det var jobben sin det!

img_3200

Det var jo ikkje mykje snø i byringa…

img_3201

…så då rekna eg med dette skulle gå lett som ein leik 🙂

Men vi hadde ikkje bevega oss så langt oppover før vi vassa i snø til både knea og låra. Og når ein ikkje såg kva som låg under snøen, enda det sjølvsagt med ein del knall og fall både bakover og forover 😉 Heldigvis var det mjuk snø, så det var ikkje så farleg å forsvinna ned i snøen her og der 🙂 Men det var tungt, veldig tungt. Eg har gått denne turen 3 gonger tidlegare – alle 3 med skia på sekken, men aldri i så mykje snø. Så då kan ein jo lura – kvifor hadde vi ikkje skia med i dag??? Eller trugene?? 😉

img_3204

Endeleg oppe! Dyrrindo mitt i biletet – ikkje lett å få auga på!

No skulle ein jo trua at det berre var å gå strake vegen bort til hytta, men så enkelt var det ikkje! Denne strekninga vart den største utfordringa. Brått låg eg langt ned i ein brakebusk og streva med å finna ut korleis eg skulle koma meg opp – måtte sjølvsagt ha hjelp til det. Og kven huskar kor bekken snor og vender på seg her?? Brått såg eg vatn under meg. Og her er det jo så snaut av vinden har lagt snøen i djupe fonner både her og der, så det var gysla tungt å koma seg på fram! Men vi kunne jo ikkje gje oss når vi var så nære målet….

img_3205

…og endeleg var vi…

14976314_10209463797304307_3343327165047553655_o

….framme ved Dyrrindo 🙂

img_3206

Ann Irene ved Dyrrindo for fyrste gang 🙂

Planen var eigentleg å tenna eit bål og grilla pølser til niste i dag – Ann Irene hadde sekken full i ved 🙂 Men, det blas litt her oppe og den einaste plassen det passa å sitja og laga eit bål var i inngangen til hytta – og det fann vi ut ville vera litt ufint av oss. Vi tok oss difor kun tid til ei drikkepause her….

img_3208

….solbærtoddy i turkoppen, for min del 🙂

Eg meldte med friviljug til å gå bakerst på veg nedover igjen 😉 Eg hadde som sagt brukt alt eg hadde av musklar på å skyva meg framover på veg opp, så no ville eg gå bak å gå i mest mogleg opptråkka løype 🙂

img_3209

img_3210

Så då vart det Ann Irene sin tur til å visa veg 🙂

Det var jo mykje betre å gå no når vi kunne fylgja spora våra attende. Men det vart ikkje mindre knall og fall av den grunn 😉 For ikkje å snakk om utbrudd «Ooophs!», «Uuuhh!», «Uæææ!» etc.. Og mykje latter 😉 Eg trur eg kan slå fast at eg aldri har gått så på snørra, vore nede med stumpen eller kava så mykje på alle fire på nokon tur før – etter fylte 10 år 😉

Men brått var vi ute av skogen og nede på skogsvegen att, og då var det berre siste etappe ned til bilen att.

No hadde vi jo heilt gløymt å stoppa på vegen ned å laga oss bål og få i oss mat. Men sultne var vi, så då køyrte vi litt ned til ein grillplass i Tveitedalen kor eg…

img_3215 ….jaga Ann Irene utav bilen for å laga bål, medan eg sat igjen og prøvde å tørka meg litt- ein blir litt våt av å kava i så mykje snø 😉

img_3216

Ann Irene er jo bålmeistaren blandt oss, så ho får jo fyr på ein-to-tre…

img_3218

….så endeleg kunne vi sitja ned og kosa oss med pølsegrilling og…

img_3217

…kakao m/noko godt i 🙂

Men det vart med den eine pølsa. Eg prøvde å grilla meg ei til – to ganger – men det ville seg ikkje. For ikkje veit eg kva krutt Ann Irene hadde fyrt opp med, men best vi sat der og ana ingen fare, så sa det «poff!» – og så eksploderte heile bålet! Kva i alle dager? Pølsa skvatt jo lika mykje som oss og forsvann av grillpinnen. Vi skrapa saman restane av veden og fekk litt guff i bålet igjen. Eg sat ny pølse på pinnen og prøvde på ny. Det gjekk ei lita stund, så sa det brått «poff!» – og der eksploderte bålet igjen….

img_3222

Men i svarte fa…då! Kva er dette for noko?? Vi enda med slå fast at det sikkert ikkje var lurt å laga bål oppå ei sementblokk….

Når bålet eksploderte for tredje gang gjorde vi kort prosess – pølsa forsvann i elva, vi slukka restane av bålet, pakka sakene våres, sat oss i bilen og køyrte heim 🙂

Tross kavet i snøen hadde vi ein flott tur idag 🙂 Jammen er det kjekt å vera i gang med vinterturane – i måro blir det kanskje skitur 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.