…på november, altså! Månaden med same motto som Bobla – heilt utan mål og meining! Månaden der lyset blir slått av både ute og inne og rullegardina går ned – i allefall for min del. Det er mørkt når eg køyrer på jobb og det er mørkt når eg kjem heim – eg fyrer i omnen, kryp godt under pleddet, gomlar kakemenn og tar av og til fram strikketøyet…
Sidan Ann Irene og eg tok turen til Dyrrindo har eg vore utanfor huset to (2!) gonger for å bevega meg. Begge gongene var det Ann Irene som drog meg med 🙂 Forrige helg hadde vi ein fin tur til Myrdalsvatnet…
Ein kunne jo få pittekyrande litt julestemning av dette 🙂
Har dåke forresten lagt merke til dei fine utskjeringane på den nye gapahuken ved vatnet?
Hjerter meg både her og der – må ha vore nyforelska han/ho som har laga denne hytta, trur eg 😉
På søndag var det meldt nydeleg ver, så då bestemte vi oss for å prøva å koma oss opp på Tverrfjell i Omvikdalen. Der har vi ikkje vore før, men det er ikkje fordi vi ikkje har prøvd, altså. For det har vi nemleg – i 2013: http://anitasboble.blogspot.no/2013/04/nei-ikkje-enda-eit.html
Eg var litt blidare på søndag er forrige gang vi prøvde oss på denne turen 😉 No var nemleg eg og fast bestemt på at vi skulle koma oss opp.
Det var faktisk litt kaldare uten enn eg hadde trudd, her på Aterstadvatnet låg det til og med eit lite lag is….
….det gjorde det på steinane over elva og, så her var det om å gjera å trø forsiktig.
Så bar det oppover i skogen. Her var det fint å gå, men ein smule glatt. Turen er variert – det går oppover i skogen så går stien eit stykke bortover, så litt oppover igjen, så bortover og oppover igjen 🙂 Vi kom opp i litt snø denne gangen og, men langt i frå dei mengdene vi trødde i sist. Då vi endeleg kom opp på fjellet, viste det seg at vi måtte snu og gå eit godt stykke tilbake langs framsida av fjellet før…
….vi endeleg nærma oss varden på Tverrfjell.
Her måtte vi sjølvsagt skriva oss i boka 🙂
Vi måtte gå litt forbi varden mot Omvikdalen for å få…
..utsikt over dalen. Det var litt disig denne dagen, så det vart ikkje så bra på bilete, men det er no likevel ikkje tvil om at det er utsikt herifrå.
På andre sida ser ein rett ned på Aterstad.
Vi tok oss tid til å eta litt niste i sola på toppen. Sola varma faktisk litt og det var heilt vindstille på toppen – det vil eg tru det ikkje er kvar dag her.
På veg ned att måtte vi passa enda betre på kor vi trødde enn på opp. Det var framleis glatt og bortover stykkene, både på toppen og i skogen, bestod berre av ein veldig smal sti. Men, vi kom oss no ned utan uhell denne gongen og 🙂 Og vel nede var vi einige om at vi hadde hatt ein fin tur og var nøgd med den.
Det eg likevel var mest nøgd med i helga var at det endeleg var «lov» til å ta fram JULEPYNTEN 🙂 Og at desember nærmar seg 🙂 Det betyr at vi går frå ein ubrukeleg november månad inn i den koselege desember månaden 🙂 Nu går alt så meget bedre 🙂