I fjor hadde vi ein meget vellukka juleverkstadkveld heime hos Jorunn, så den måtte vi jo berre gjenta i år 🙂 Medan vi i fjor satsa på julegodteri, skulle vi i år trø til med våre kreative skills.
Allereie då vi trødde innforbi døra til Jorunn skjøna vi at vi hadde gått i ei felle! Noko av det fyrste vi såg var eit flott, lysande juletre i stova – men kor var pynten??? Jo, den skulle jo sjølvsagt vi (altså Marianne og eg) hengja på treet! Til og med Jorunn skjøna at dette sikkert ikkje var ein innertier aktivitet, difor hadde ho sjølvsagt lagt inn ei lita overrasking til…
…..pakkar under treet 😉
Og, vi er jo som ungar flest – med pakkar i sikte så kom jo julepynten på treet fortare enn svint! Ja, dvs. vi måtte vera litt forsiktig, for Jorunn hadde utruleg mykje…
…..flott julepynt!
Sjølv hadde eg ikkje julatre i fjor i det heile tatt. Heilt uhøyrt, sjølvsagt, så eg har jo tenkt at eg måtte ha det igjen i år. Men etter å ha sett julepyten til Jorunn vart eg så misunneleg at eg bestemte meg prompte for at min julepynt ligg godt i eskene sine på loftet i år og…. Her må både det eine og det andre bytast ut før det kjem tre i stova igjen…. (Kanskje eg ombestemmer meg før jul, vi får sjå 😉 )
Resultatet av gårsdagens juletrepynting vart i allefall…
…eit strålande flott julatre 🙂 Ja, dette var vi nøgd med 🙂 Jorunn la inn eit lite forbehold om lov til å flytta litt på pynten, men det ser vi slett ingen grunn til at ho skal bruka tid på 😉
No når treet var ferdigpynta stod Marianne og eg berre å trippa – no skulle vi jo få opna julepakkane som låg under treet 🙂
Jorunn, som for kvelden gjekk under aliaset Reinunn, hadde gjort seg flid med pakkinga 🙂
I min fyrste pakke fann eg hua eg hadde etterlyst tidlegare på kvelden – som Jorunn, utan å blunka eller nøla, slo fast at ho hadde rydda vekk og ikkje fann igjen. Den luringen 😉 Desse huene vann Jorunn i ein House of Hygge konkurranse på Facebook – «Frøken Strøken» til meg og «Tinder Veileder» til seg sjølv. Eg føler det ligg eit lite press på oss begge no… 😉
Marianne ser med undring på sin nye hjulvisp, men det tok berre eit sekund og to før ho skjøna at dette er tenkt som nytt utstyr i tursekken. Kanskje Jorunn ikkje var heilt nøgd med vispen eg hadde i sekken då eg sat dei i arbeid med å piska krem på Kvanto? Men reultatet må ha falle i smak, for denne hjulvispen tar eg som eit hint om at dei vil har meir «styrtrike bypiker» når vi er på tur 😉
I min andre pakke fann eg ein rull med hyssing som visstnok skulle vera eit symbol på klatretau. Ein veit jo aldri kortid ein kan få bruk for ein hyssingstump, så den skal nok koma bra med den og 😉 Sjokolade og peanøtter fann vi under treet og 🙂 Bare velstand altså – nett som på sjølvaste julafta 🙂
Men no var det på tide å koma seg i arbeid – vi skulle jo ha juleverkstad 🙂
Eg hadde bestemt at vi skulle prøva oss på bretting av papirstjerner – det har eg sett at er blitt litt populært i år. Marianne og eg heiv oss over oppgåva med stor iver. Her må eg vel vedgå at det kanskje hadde vore ein ide å ha lest bruksanvisninga på førehand – og kanskje ha kikka litt på youtube óg. For dette var ikkje noko hokuspokus å finna utav – eller kanskje det var akkurat det det var…
Marianne forsvann frå stjernebrettinga etter ei kort stund, under påskudd over at ho var hanka inn til å setja saman peparkakehuset. Så medan eg sat igjen og banna over papirstrimlene…
….heiv ho seg over ei ny oppgåva i lag med Jorunn.
Dåke kan jo skjøna at dette kunne ikkje dei to damene klara heilt aleina, så det var jo ein lettelse for meg når dei endeleg ropa etter hjelp og eg kunne leggja…
…stjerneprosjektet mitt på is. Dette var det siste eg såg av det prosjektet i går kveld…
Nei, då var det mykje viktigare å laga gullpynt til peparkakehuset 😉
Og sjå kor flott peparkakehuset vart! Heilt urørt av barnehender….
No tykte vi at vi hadde vore så flinke at vi fortente ei lita pause. Aldri ein juleverkstad utan julegølgg – sjølv om vi i dette tilfelle var tre damer som ikkje likar rødvin…
Neste aktivitet var det Jorunn som hadde ivra for at vi skulle prøva oss på. Denne aktiviteten hadde vi store forventningar til og vi byrja bra med å …
….blåsa opp ballongar….
….og vispa tapetlim med stavmiksar – litt usikker på om det er normalt? Eg veit ikkje – eg har aldri tapetesert noko som helst…
Det skal seiast – her stod det ikkje på utstyret! Alt vi trong var kjøpt inn på ein godkjent, lokal butikk og var av beste kvalitet. Ballongane var pensla med både olje og tapetlim. Så var det berre til å velgja seg eit garnnøsta og setja igang med å snurra tråden rundt ballongane – vi forventa at resultatet skulle bli dei vakraste kunstverk! Eg må vel seia at her klarte ei dame kanskje å halda fokus litt meir på oppgåva enn to av dei andre – eg syntes eigentleg at det ikkje gjekk så verst med min ballong. Frå Marianne sin krok kom det mest latter og Jorunn fekk brått eit behov for å leita fram Boney M sangar på Spotify…
Vi fann jo sjølvsagt ut at vi trong ei pause frå denne aktiviteten og, så då vart dette det siste…
…..eg såg av dette prosjektet ;- )
Fleire aktivitetar hadde vi ikkje på programmet denne kvelden – og godt var sikkert det. Ingen av oss følte noko trang til å returnera til stjernebretting eller garnsnurring – vi valgte å fokusera på kor nøgde vi var med peparkakehuset vårt 🙂
Det byrja å siga på for Marianne – det var i allefall det Jorunn og eg prøvde å overbevisa ho om – så, skulle vi ikkje finna ein sjåfør og få ho heim?? Og sidan vi ikkje kunne senda ho avgårde åleina, kunne vi jo lika greit vera med inn til Rosendal og ta ein runde på Snikkeriet 😉
Som sagt, så gjort…
…..ein særs vellukka (?) juleverkstadkveld vart avslutta med ein liten runde på vift før eg kunne ta kvelden og setja meg på nattbussen heim 🙂 (Eg trur og guten til mor var særs nøgd med at mor dukka opp på Snikkeriet iført sin finaste julepynt 😉 )
Aaahh, eg gledar meg allereie til juleverkstadkvelden 2017 🙂
PS! Eg har forresten ikkje avskrive det ballongprosjektet enda – Jorunn har lova å senda meg bilete av korleis den ser ut i dag og eg har store forventningar. Bretta julestjerner SKAL eg og få til…. 😉