Medan vi ventar på Urd..

…Ja, tida flyr – brått er det blitt romjul allereie. Håpar alle har hatt ein fin jul med mykje god mat, kos og at alle fann akkurat det dei ynskja under treet 🙂 Eg var nøgd med alle presangane mine i år 🙂 Eg har ikkje heilt bestemt meg for om det er fordi alle som hadde kjøpt gåver til meg traff gysla bra i år, eller om det er eg som med åra har blitt mindre kravstor? Sikkert ein kombinasjon av begge deler – eg hadde nok rynka på nasen over å få skjærebrett og myggspray i julepresangane mine for sånn ca. 20 år sidan – no synes eg det er heilt på sin plass 😉

Om nokon, mot formoding, framleis skulle lura på om Stian verkeleg fekk ei vetlesyster til jul i år, kan eg beroliga alle med at DET gjorde han IKKJE. Det har vel skjedd eit julemirakel ein gong før i historia og det er vel på ingen måte nokon grunn til å tru at eg skulle vera den utvalgte til å stå for det neste….

img_3423

Sjølv om det kunne sjå slik ut (???)…

img_3426

….befann det seg ingen levande skapning i julepakken i frå mor i år heller – det vart det ingen sure miner av (tvert i mot) 🙂

Det vart ei roleg julafta på oss i år – det er begrensa kor mykje bråk mor, far, Stian og eg kan laga til. Det einaste lille tillaupet til dramatikk utspann seg då mor tok kniven fatt, bad alle halda seg unna og gjekk laus på julepresangen sin. DET har vi ikkje opplevd før…

img_3429

….ei heller har vi vel hatt større pakke under (!!!) treet tidlegare 🙂 Og for dei som no vart nyfikne, så fekk mor seg ny ørelappstol i frå den delen av familen Glum som har tilholdssted på Husnes 🙂

Ellers så går jula sin skeive gang her på Eik. Som vanleg så skortar det ikkje på mat og godiser og eg har forsynt meg av min del, og vel så det. Det har resultert i at eg no antagelegvis kan vikariera for hvilket som helst badedyr….

For å kompensera litt for all inntak av mat og snop laga eg meg ein plan på at eg i allefall skulle koma meg ut på tur i dagslys kvar dag i romjula. I går vart det difor ein tur langs Fjellandsbøvatnet. Så langt opp i dalen var det faktisk tillaup til litt snø, men då eg gjekk tur var det berre vind og regn. Skikkeleg surt var det – så surt at mobilen min nekta å slå seg på slik at eg fakk tatt bileter….

I dag måtte eg sjekka YR.no før eg tok meg ein tur til Flåtene. Det er jo berre ein kjapp tur i skogen, men eg måtte sjekka om eg kom meg att og fram før URD skulle slå til. Det skulle gå greit – stormen var ikkje venta før til kvelden.

Eg var ikkje komen opp til Sørestølen eingong før eg høyrte eit voldsamt sus bak meg…

img_3443

…..og det kom ei skikkeleg hagle- og vindbyga som fekk skikkeleg tak i grantrea på andre sida av elva.

img_3444

img_3445

Det var ei lita stund eg lurte på om eg berre skulle snu. Var det no naudsynt å kava seg opp til Flåtene i dette veret? Tenk om eg kom til å enda mine dager under ei velta trerot oppi skogen? Men så måtte eg tøffa meg opp – skulle eg, som fekk både myggspray, ullundertøy, tursag og kniv til jul og skryt på meg at eg kunne vore med Monsen på tur, la meg stoppa av litt vind og hagl??? Hø-hø-hø- på ingen måte!

Så eg tusla meg vidare. Og vinden og haglet slutta jo lika brått som det dukka opp.

img_3446

Nesten, berre nesten, litt julestemning 🙂

Og det vart jo veldig fint å gå tur i dag. Så snart eg kom meg inn i skogen, så vart det praktisk tala vindstille og. Ei lita stund snøa det til og med 🙂 På ordentleg – fine snøflak, ikkje hagl:-)

img_3449

På Flåtene var det julesteming 🙂 Men her i ope landskap blas det godt igjen….

img_3450

…..så det var berre å kjappa seg ned til den fine, nye brua, som er prikk lik den gamle…

img_3451

….skriva namnet sitt i boka og…

img_3452

…og så pila heimatt 🙂

Vel heima tømde eg trappa for krukker, urner og anna nips, fekk kakjakken i kjellaren og er dermed klar for å ta i mot URD. Det uler godt i vedomnen og om hushjørna akkurat no, men så langt trur eg det høyres verre ut enn det er. Men vi er klare – vi kjem ikkje til å gå tom for mat og snop og skulle straumen forsvinna så har vi fyr i omnen og plenty av lys å fyra på 🙂 Så kom igjen URD – bring it on!

PS! Det er kanskje nokon som saknar eit ord om juletreet mitt? I år som i fjor hadde eg tenkt å kutta det ut, men eg klart ikkje dy meg heilt….

img_3421

…..det vart eit lite julatre på oss i år og 🙂 Og – skrekk og gru – det er faktisk eit falskt eit som eg kan ta fram år etter år….. 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.