Årskavalkade 2016!

Det vart ei roleg avslutning av året her på Bobla, men eg har så absolutt ikkje avgått med døden 🙂 No er vel tida komen for å mimra tilbake på året som gjekk, så køyrer eg ei lika greit igang ei lita BobleÅrskavalkade…

Januar

Då det nye året starta, starta eg og min fjerde månad som permittert i frå jobben. Forutan mykje strikking og hekling var eg framleis opptatt av å koma meg ut på tur kvar dag. Januar var månaden med dei store temperaturforandringane – alt i frå -13 til + 12 grader på berre nokre dagar. Det var veldig kjekt med minusgrader, for då fann eg meg enda ein ny hobby…

DSC_1110

…å laga islykter 🙂

Ellers så har eg vel aldri opplevd ein så flott vinter ved Fjellandsbø tidlegare…

DSC_1133

…skikkeleg winterwonderland!

DSC_1163

Pølsegrilling med gode vener i skikkeleg vinterver og minus 13 grader ved Fjellandsbøvatnet 🙂 (Eg fraus slik på tærne at eg knapt hadde tid til å grilla ei pølse før eg tok sikte på bilen for å koma meg heim i varmen att 😉 )

Februar

No vart det slutt på slaraffenlivet og eg kunne venda tilbake på jobb 🙂 Ting snur fort – medan andre rundt oss har gått konkurs og sliter, har 2016 vore eit veldig godt år for Norwater AS 🙂 La oss håpa 2017 blir minst lika bra 🙂

Endeleg fekk Telttøttene utført si vinter overnatting ute – vi kroa oss til i gapahuken ved Fjellandsbøvatnet. Det var KALDT! Det var BIKKJEKALDT og om kvelden sat vi nesten oppi omnen for å varma oss. Men om natta fraus vi ikkje – det skulle berre mangla så mykje kler, tepper, soveposar og dyner som vi hadde med oss. Ja, Ann Irene kom til og med drassande meg ei svær madrass 🙂 Overnattinga gjekk flott den – så nøgd var eg at eg slo til med litt «yoga» om morgonen…

DSC_0632

Glad for å ha overlevd ei natt ute i februar 🙂

På bursdagen min var eg så heldig å få med meg Anne Grethe på min fyrste skitur i løypa rundt Reikatindane. Og for ein fantastisk flott tur vi hadde i strålande, flott ver.

Untitled-1

Eg fekk til og med pakke på skituren – flotte, heimastrikka sokkar av Anne Grethe 🙂

Untitled-2

Dette var ein flott måte å feira bursdag på 😉 Reprise i 2017, kanskje?

I februar tok eg og favorittbiletet mitt i 2016…

DSC_0697

Harespor så langt ein kan sjå i glitrande snø 🙂

Mars

Dette hadde eg gleda meg til i eit heilt år….

DSC_0713

…..årets Fest og Basar ! Og eg vil påstå det vart nok ein basarsuksess – desse to såg ut til å kosa seg i allefall 😉

Mest spanande var det jo å sjå kven som vart den heldige vinnaren av motorsaga – ville eg bli kvitt den denne gongen?

DSC_0721

Vi fekk ein vinnar! Tor vart den heldige som kunne gå heim med hovudgevinsten og riktig beskyttelsesutstyr 🙂

Eg gledar meg til Fest og Basar 2017 – den er allereie under planleggjing 🙂

Påskeveret vart ikkje noko å skriva heim om i 2016, det var vel ein dag med strålande ver – onsdagen. Eg hadde tatt meg fri i Påskeveka for å trena på skigåing til Slarverennet, så eg måtte jo nytta meg av denne dagen og. Det vart ein tur i kø til…

DSC_0827

…Nautavatnet.

April

Av diverse orsaker vart det mykje vingling att og fram før vi tok ut, men omsider enda det med at vi tok ut mot Gol i år og for å gå Slarverennet 🙂 Pga. veret var vi faktisk ikkje sikker på om vi kom til å starta før om morgonene, men brått stod vi der…

DSC_0853

…på startstreken 🙂 Og der stod vi bokstaveleg klistra – skia måtte smørast om av proffe aktørar FØR vi i det heile tatt fekk starta!

1

Eg trur desse tøttene var ekstra glade for å ha kome i mål denne gangen – frå å ha hatt perfekte ski den fyrste halvdelen av løypa til å ha følelsen av å gå på høghela ski den siste halvdelen. Det hjalp litt at dei aller fleste andre deltakarane sleit lika mykje – det vart ein tur med mykje latter og banning 😉

Eller så vart dette månaden vi kunne gå til fjells igjen utan å trø i snø…

DSC_1211

….Ann Irene og eg hadde vår aller fyrste tur til varden på Sandvoll – ein flott tur 🙂

Mai

I mai klarte Magnhild og eg å lokka med oss Jorunn på hennar fyrste skitur til Ulvanåso. Vi skulle gå opp ein kveld og overnatta i telt ved Dyrrindo før vi tok skituren dagen etterpå. Vi visste vel allereie då dette synet møtte oss i Tveitedalen, at denne turen kom til å bli bra…

Untitled-2

Svein Vidar var på jobb, så Jorunn hadde måtta pakka sekken sin sjølv 😉

Untitled-4

Nok ein flott tur og Magnhild fekk tatt i bruk sjølfistanga ho fekk av oss til bursdagen sin 🙂

Eg innrømmer det glatt- etter at guten vart så stor at det ikkje lenger var noko krav å gå i 17.mai tog med skulen, har vi vel knapt vore med på feiringa av 17.mai borti bygda. Å svirra rundt på skuleplassen på måfå for å venta på å gå i tog er ikkje noko for oss. Difor vart eg veldig glad då Jorunn og eg fekk for oss at i år skulle vi feira 17.mai på Folgefonna. Svein Vidar protesterte ikkje noko mot desse planane, han heller – så då tok vi ut.

DSC_1321

17.mai på fonna 🙂

DSC_1332

Alle steinvardane i alle størrelsar og fasongar imponert oss. Denne imponerte oss mest 🙂

Uheldigvis satte skodda ein stoppar for det meste av skituren, men vi kosa oss likevel. Kanskje vi er heldigare med veret i 2017? Ja, for vi har bestemt oss for at dette må bli ein tradisjon på 17.mai 🙂

Juni

Ja, kva skal ein seia – lite visste vi vel at dei få skikkelege sommardagane vi skulle få i 2016 skulle koma i slutten av mai og byrjinga av juni.

IMG_0147

Og ein av desse sommarkveldane brukte Jorunn og eg på å …

IMG_0132

…padla på Staffivatnet!

Og så var det i juni eg fekk prøva å sova i den nye hengekøya mi for aller fyrst gang. Igjen så var det Jorunn og eg som var ute på ekspedisjon i lag…

IMG_0332

…ho i luksusvarienten…

4

….og eg i tjenarboligen 😉 Og til tross for at eg gjekk i bakken i laupet av natta og måtte til å henga opp køya igjen i mørket, var eg strålande nøgd med hengekøya mi! Dette vart ein ny favorittsoveplass 🙂

Juli

Endeleg feire….

4

…og den starta med drinkaften ein fredagkveld med desse damene…

IMG_0564

….og fortsatte med camping i Blådalen med dei same damene på lørdagen:-)

Dette var og månaden eg trudde, på heilt ekte, at eg kom til å enda mine dagar i ein sving på veg oppover mot Gardshammar og Botnavatnet. Då eg endeleg klarte å koma meg opp til Botnavatnet…

IMG_1065

….såg ikkje eg og denne karen så veldig ulike ut 😉

IMG_1079

Medan eg låg langflat i lyngen og lurte på kva i all verda som skjedde med kroppen på veg opp hit, spratt Ann Irene opp på neste topp… Eg har ein mistanke om at eg må sjå den toppen i frå ein anna vinkel i 2017…. 😉

Men, det var nok ikkje noko gale, for ikkje så mange vekene etterpå var vi på tur igjen…

IMG_1252

….denne gang til Bjørndalssetra – og det var leikande lett å koma seg opp dit 🙂

Og jammen rakk vi ein VÅT tur til…

IMG_1367

…hytta i Børsdalen og. Her måtte eg bruka kreativiteten min når det gjaldt å koma seg mest mogleg tørrskodd heimatt der i frå 😉

August

Festidalen…

A

….og lille, store Timbuktu kom til gards 🙂

IMG_1594

I år fekk eg med meg begge festivaldagkveldane, men må vel vedgå at medan eg var særdeles høgt oppe på fredagen så var eg adskilleg meir dempa på lørdagen 😉

IMG_1646

Vi har ikkje hatt så veldig mange padleturar i 2016, men dei vi har hatt har alle vore veldig flotte. Den flottaste hadde vi kanskje her…

IMG_1676

…på Møsevatnet ein vakker kveld i august.

B

Ein anna flott padletur hadde vi til Skorpo ein kveld…

IMG_1843

….i måneskin.

DSC_1401

Det er ikkje så ofta eg går tur med mor, men i august var det faktisk ho og Kjellaug som drog meg med på opninga av den nye…

IMG_2069

…Blådalshytta. Det var ein litt lang tur rundt vatnet, men eg vil definitivt tilbake her og overnatta i hytta eingong.

September

I september gjorde eg noko eg aldri har gjort før – eg tok rett og slett fri frå jobb for å gå til fjells! Den dagen brukte Ann Irene og eg på å ta turen til Buerbreen…

img_2301

img_2261

Ein vel anvent fridag 🙂

Dette var og månaden vi pakka kajakkane til randen med campingutstyr for aller fyrste gang – for å padla til Sild på overnattingstur…

img_2375

Det vart mykje moro med havet som steig og teltet til Jorunn og Svein Vidar som stadig måtte flyttast utover kvelden..

img_2550

….det problemet hadde ikkje eg som skulle bu i hengekøya.

Dette var ein suksess og vi skal heilt sikkert på tur med fullpakka kajakker fleire gonger 🙂

Jorunn og eg var jo ikkje meir enn komen heim frå denne turen før vi måtte pakka om sekkene våres og ta ut på jentetur med Ann Irene og Magnhild…

b

img_2497

…til Mannsvatn og Felly. Vi vart veldig positivt overraska over kor flott og oppgradert hytta var blitt 🙂

Oktober

I oktober var eg så heldig å få vera med Jorunn og svigerfaren Magne på padletur ein nydeleg kveld på Myrdalsvatnet.

14628077_10155264525532538_1665813033_n

img_2780

Spegelblankt vatn…

img_2805

…og nydeleg solnedgang 🙂

img_2918

Ein anna kveld gjekk Ann Irene og eg til Såto. At det no byrja bli tidleg mørkt fekk vi erfara på heimvegen…

img_2936

Vi hadde vel ikkje klart å koma oss ned i frå fjellet ved eiga maskin denne kvelden om ikkje eg hadde huska å hiva ei hovudlykt i sekken…

Vi rakk i grunnen mange flotte fjellturar i oktober..

dsc_1552

Tur til Horgjo med Ann Irene (tok faktisk ein fridag til frå jobb for å gå denne turen)…

dsc_1592

….kveldstur til Kvanto med Thor Ivar og Jorunn…

img_3134

….og dagstur til Kvanto og omeng med Marianne og Jorunn – dagen dei vart satt til å piska kremfløyte for hand på fjellet 🙂

November

November kjem sist på lista mi over favorittmånader. Det er mørkt når eg går på jobb og mørkt når eg kjem heimatt frå jobb. I tillegg er det ofte surt og gufse. Så og i år. Eg trur eg var ute i frisk luft tre ganger i heile november….

img_3317

….ein tur til Tverrfjell i Omvikdalen med Ann Irene….

img_3244

….ein tur til Myrdalsvatnet i Rosendal – og med Ann Irene…

14976314_10209463797304307_3343327165047553655_o

….og ein løyen, men akk så strevsom tur til Dyrrindo i snø oppetter låra 🙂 Igjen var det Ann Irene som var med meg på tur 🙂

Desember

Desember er kjekkare enn november – då kan vi jo ta fram julepynten og kosa oss med forberedelsane til jul 🙂 I år har eg ikkje baka ein einaste kjekssort og i år som i fjor vart det ikkje satt inn julatre. Så kva eg har forberedt kan ein jo lura på…. Men vi hadde i allefall ein gysla kjekk juleverkstad kveld…

a

….hos Jorunn 🙂

Sant og seia vart vi vel ikkje ferdig med så mykje der heller, men vi fekk no…

b

 ….pynta treet hennar – ein aktivitet eg har på følelsen av at vi vart lurt til å ta fatt på 😉

Ja, og så fekk vi jo ferdig eit…

15354141_10155469360772538_634573128_o

…..fantastisk flott peparkakehus – før vi stakk i frå heile verkstaden og avslutta kvelden på Snikkeriet.

Ein søndag tok heile familen Glum + Nilsen turen til Hotel Ullensvang på familiejulabord – det var det den nye lottomillionæren i familen som spanderte på heile hurven 🙂 Kanskje 2017 blir året eg må byrja tippa??? 😉 Vi må uansett ha oppført oss veldig fint på julabordet, for….

img_3386

…nissen dukka i allefall opp 🙂

Ellers så vart vel desember Stian sin månad i år. Han reiste til Os for å ta fagprøven som anleggsmaskinførar. Mor var så nervøs heile dagen ho klarte nesten ikkje sitja i ro på kontorstolen sin, men omsider kom det ei melding, kort og konsist, utpå ettermiddagen: «No er eg blitt fagmann». Det trur eg nok var favorittmeldinga mi i 2016 🙂 I tillegg fylte han 20 år i desember, noko som er litt vanskeleg å tru på sidan eg framleis berre er ungdom???

Vi har kome oss gjennom jula med både god mat og opning av julepakkar, litt turgåing i regnveret, eit par turar innom kontoret og mykje Netflix 🙂 No gjenstår berre å feira NyttÅr og så er det bånn gass inn i 2017….

Og med det vil eg ynskja alle Boblelesarane…

EIT RIKTIG GODT NYTT ÅR!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.