Ja, ein var ikkje komen mange timane inn i 2017 før fyrste melding om tur tikka inn på mobilen. Tur til Sjethaug stod programmet i dag, så då var det berre til å rista av seg nyttårsfeiringa og koma seg i turkleda..
Dette var alt eg fann i farta til frukost i dag og då kom jo nyttårsforsettet om å leva eit balansert liv i 2017 rekande på ei fjøl av seg sjølv 😉
Litt stilig med Malmangernuten som kikkar opp frå tåkehavet, synes eg 🙂
Eg må vel vedgå at eg har hatt større tempo opp til Sjethaug før, og har kome opp mindre andpusten, men eg kom jo opp. Og så er det tross alt berre 1.januar, så eg skal nok få opp dampen litt utover året 🙂
Flott 1 dag i 2017 !
3 gode vener på Sjethaug – alle med same mål for 2017: Meir tid i lag 🙂
Kaffi m/noko attåt i hytta…
Her tenkte eg at nyttårsforsettet mitt rauk allereie etter halvannan time, men det gjorde jo ikkje: Tur og sjokolade er ein god balanse 😉
Dette var ein fin start på det nye året! No kryssar eg fingrane for at det snart kjem enda litt meir snø i fjellet, for eg er superklar (trur eg) til å starta skisesongen 2017 🙂