Ja, no er det vel kanskje lenge sidan eg hadde eit matinnlegg her på Bobla. Det er ikkje så rart – noko gourmetkokk er eg langt i frå!! Eg plar kalla meg 95% vegetarianar då eg ikkje er så kjempeglad i hverken fisk, fugl, eller kjøt frå firbeinte vesen. Det har overhouvudet ikkje noko å gjera med at eg er veldig dyrekjær å gjera, eg veit ikkje om det eigentleg har så mykje med smak å gjera heller – det har nok mest med konsistensen på maten å gjera…
Då skulle ein kanskje tru at eg er ein kløppar på vegetarmat, men det er eg heller ikkje. Men der har eg lyst å bli betre og i dag benytta eg sjansen til å prøva noko nytt på den fronten. Når eg seier benytta meg av sjansen så har det samanheng med at guten var reist vekk før eg kom heim i dag = eg skulle berre laga mat til meg sjølv og 🙂 Fredagsettermiddag/kveld aleina betyr som oftast cola og ostepop til middag (!!!), men ikkje i dag. I dag hadde eg nemleg funne ei oppskrift på «Blomkålvinger Thai style», som eg syntes såg litt spanande ut. Dvs. utifrå biletet av retten så såg den ikkje så appetittleg ut, men oppskrifta såg ut som noko eg kunne få til 🙂
Eg handla inn ingrediensane så godt som eg fekk til på lokal butikken min. Eg anar ikkje kva «sriracha» er for noko og brukte ikkje noko særleg med tid på å leita etter det. Det skulle uansett berre vera 1 ts, så eg tenkte det gjekk an å hoppa over. Lønnesirup fann eg heller ikkje – skit og – eg går for vanleg lys sirup 🙂
Så var det heim og kokkelera. Eg fulgte oppskrifta til punkt og prikke – skar opp blomkålbukettar og byrja på ein peanøttmasse som blomkålen skulle blandast i. No er ikkje eg nokon storforbrukar av kokosmelk, men eg har no av og til hatt bruk for det, og eg har hatt ein boks ståande i kjøleskapet ei stund…. 1,5dl skulle eg ha av den…
…..men det var lettare sagt enn gjort! Den skal kanskje ikkje stå i kjøleskapet, den boksen?? Datoen var jo god med over eit år, så det skulle jo ikkje vera øydelagt. Det bles og regna ute – det frista ikkje å køyra på butikken etter ein boks kokosmelk… Ja, ja, det går jo an å prøva microen… Som sagt, så gjort – eg grov ut nokon bitar og heiv i microomnen – tada – 1,5dl flytande kokosmelk – skulle tru eg hadde gjort det før 😉
Rød currypaste skulle oppi blaninga og, det har eg ikkje vore borti før. Å fyttikatta for ei lukt då eg opna glaset. Ja, ja, oppi med det. Når alt var blanda, hverken lukta eller såg det så ille ut. Korleis det smaka ana eg ikkje – eg turde ikkje smaka….
…..så var det å venda blomkålbukettane i peanøttblandinga…
…venda dei i griljermel og baka dei i omnen i 20-25min.
Medan blomkålen stod til baking skulle eg laga ein peanøttsaus som skulle vera attåt. Den bestod av tre ingrediensar: Peanøttsmør, soyasaus og sirup. Enkle saker, og ikkje noko ukjent, så den turde eg dyppa fingeren oppi. YUM! Den var overraskande god 🙂 Forventningane til retten steig pittelitt etter å ha smaka på den sausen – for eg må jo vedgå at eg ikkje hadde noko anna enn sånn ca. midt på treet forventningar i utgangspunktet…Klok av skade (eg har prøvd meg på mykje oppetter tida som har gått rett i bosset) hadde eg jo og supplert med mozzerella sticks, sånn i tilfelle… Dei veit eg jo at eg likar, i allefall 🙂
Det skal eg ha – når eg fyrst skal slå til med eit matinnlegg så skal det vera både delikat, fargesprakande og sjå fristande ut…. Tennene løper i vann… 😉
Det smakte slett ikkje så verst 🙂 I tillegg til ein peanøttsaus skulle det vera litt vårlauk og peanøtter attåt, men vårlauken skjøna eg ikkje poenget med og det var nok peanøttsmak som det var 🙂 Eg hadde kanskje blanda blomkåla i for mykje peanøttblanding slik at det vart ei litt for tjukk skorpe, men smaken var god 🙂 Dette kan eg godt laga fleire ganger – eg må berre pønska ut kva som kan serverast attåt. Mozzerella sticks gjekk greit det, men kanskje ein salat eller noko slikt hadde passa best 🙂
No har eg jo ein halv blomkål igjen – kanskje eg skal prøva meg på ei anna oppskrift i morgon- Blomkålpakora kanskje??? 🙂
Skulle du, mot formoding, få lyst til å prøva deg på blomkålvinger, finn du oppskrifta på Maria Hult sin blogg: Vegetarbloggen. Søk på «Blomkålvinger Thai Style». (Eg har prøvd å linka til oppskrifta, men det vil visst ikkje la seg gjera i dag 🙂 )