I dag hadde eg kun ein ting på programmet – rydda og vaska ut jula! Kanskje var det difor eg enda ikkje hadde kome meg ut av senga då turmeldinga frå Ann Irene tikka inn i dag tidleg/føremiddag. Og kanskje difor var eg ikkje så vanskeleg å få med heller…
Ein liten niste-kjøpe-stopp i Rosendal og så tok vi peiling på Bondhusdalen.
Flott vinterføre og ver i Bondhusdalen 🙂 For sesongen har vi investert i nye «møblar» til telta våre – reinsdyrskinn. Dei fann vi ut av vi måtte testa på dagstur i snø og 🙂
Det var ikkje mykje snø, men det var no litt tungt å gå i dag likevel. Eller kanskje det har med at det er lenge sidan vi har gått med sekk på ryggen no – og det er faktisk eit stykke inn til Bondhusvatnet. Gode og varme vart vi i allefall 🙂
Men brått var vi der 🙂 Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men brea var heilt blå i dag – låg ikkje mykje snø på den, nei. Ein heilt anna farge enn vi ser på sommaren, så sjølv om brea har krøpe godt opp fjellsida var dette eit veldig flott syn 🙂
Vinterbilete – har ikkje vore for mange av dei i det siste 🙂
Vanlegvis er et jo Ann Irene som fiksar alt dette med bål og slikt medan eg berre virrar rundt og er i vegen. Men i dag kunne eg for eingongs skuld gjera nytte for meg…
…..eg har jo fått meg tursag til jul…
….så då var det jo berre å gå laus på det fyrste og styrste treet eg fann…
…..slik at Ann Irene kunne få ved til å fyra opp bålet med 😉
Ok, det var kanskje ikkje heilt slik det foregjekk, men det var i allefall kjekt å lata som om 😉
Ho kan dette med å få fyr på bålet, Ann Irene 🙂
Og sjå her, ja – her sit 95% vegetarianaren og grillar seg ei pølse….
(Men eg er kresen på pølsene altså – det går i wienerpølse. Grillpølse går i nøden hvis eg er veeeeeldig svolten)
Eg trur det er ei pølse inni dette snurreputten til Ann Irene og 🙂
Det var veldig fint å sitja her ved Bondhusvatnet i dag. Det var ikkje eit vindpust, så vi kunne sitja rundt bålet utan å få lungene røyklagt – varma gjorde det og. Og sjølv om dei tok litt plass på sekken, så var reinsdyrskinna heilt supre å sitja på – fraus hverken på rumpa eller låra 🙂 Og for fyrste gang i historia så klarte eg i dag å grilla ei pølse med pinnebrød der både pølsa og brødet vart perfekt steikt! Og det var kanskje på tide, for eg har gjort ganske mange forsøk på det oppetter åra…..
Men alt har ein ende. Sjølv på slike fine, lyse dagar som i dag byrjar det skumra ganske tidleg, så vi venta ikkje så altfor lenge før vi byrja tutla…
….ned mot bilen igjen.
Dette var ein flott tur og vi er særs nøgd med turstarten på 2017 🙂 Og, vi kan så absolutt anbefala ein tur til…
….Bondhusvatnet vinterstid og 🙂