Årets fyrste skitur er unnagjort- den gjekk til Myrdalsvatnet 🙂 Eigentleg lurte Jorunn på om eg ville vera med til Ingahogg. Eg tykte det var ein sverande fyrste skitur, men kvifor ikkje? Men akkurat då eg hadde fått skia i bilen kom det kontramelding- ho hadde fått førerapport som gjekk på at det både var kaldt og knallhardt føre til Ingahogg i dag. Då heiv vi rundt på planane og tok sikte på Myrdalsvatnet istadenfor 🙂
Eg gjorde store auge då Jorunn opna døra si då eg kom for å henta ho – der stod ho så fresh i fargane, nysminka og atskillege kilo mindre enn sist eg såg ho!! Kva var dette for slag – kva skitur skulle ho på?? Eg har aldri sett ho sminka på tur før?? Og har ikkje ho feira jul med frotsing av det meste slik som oss andre??? Eg må fader meg ha belte på skibuksa for at knappen skal halda seg på plass….. Men ho skulle på same skitur som meg – påstod berre at ho skulle sjå bra ut til ho skulle på Bobla 😉 Ho ser jo alltid bra ut på Bobla uansett 🙂
Riktig ein fargeklatt klar for årets fyrste skitur…
….. i lag med denne grå musa… Ja, ja, eg hadde jo ei hua som viste igjen i terrenget i allefall. Men den er jo Jorunn si forteneste at eg har den og – den vann ho til meg i ein konkurranse hos House of Hygge 🙂 «Frøken Strøken» – ho stod ikkje rett opp då eg byrja å gå – og Jorunn tok seg heller ikke bryet med å informera meg om at eg såg ut til å bli høgare og høgare i hatten dess nærare Myrdalsvatnet vi kom…. 😉
Det var STRÅLANDE skiføre inn Myrdalen i dag! Puddersnø frå byrjinga til slutten 🙂 Det hadde gått folk før oss, så vi kunne gå innover i «oppkjørt» løype.
Og for eit fantastisk ver! Heilt stille og sol 🙂 Når vi nærma oss vatnet forsvann sola, men det gjorde ingenting.
Veldig nøgd med å vera på ski i 2017 🙂
Tilbakeblikk på tilbakelagt løype – ser det ikkje fantastisk ut?
Jorunn gjekk på lilla smurning innover, medan eg gjekk på kortfeller. Det funka lika greit med begge deler. Etterkvart møtte vi skigåarar som var på veg tilbake til Klette, og alle var veldig nøgd med både ver og føre – berre blide folk å treffa 🙂
Etterkvart fekk vi auga på Gygrastol som bada i sol idag 🙂
Jorunn nærmar seg stølen, setra, sælet – eg veit igrunnen ikkje kva Rosendelingane kallar dette?
Eh, ja, vart litt fotografering her – men det var jo så fint! 🙂
Eg syntes vi klarte oss fint, eg, i dag. Det gjekk ikkje så raskt med oss, men vi går tross alt på turski og ikkje løypeski, så det er jo begrensa kor fort det kan gå. Men vi hadde det jo slett ikkje travelt heller 🙂
Nærmar oss vatnet no når vi kom inn i dette Winter Wonderlandet.
Berre rundt svingen igjen no…
….så var vi framme 🙂
Det var lika fint ved Myrdalsvatnet som alltid. Eg trur faktisk ikkje eg har vore her vintarstid før.
Obligatorisk oppstilling ved Myrdalsvatnet…
….det var jo Jorunn som skulle ha bore «Frøken Strøken» hua i dag 🙂 Men det er vel tvilsomt om eg hadde passa til å bera hennar «Tinderveileder» hua 😉
Fyrst gangen disse skia er ved Myrdalsvatnet – forhåpentlegvis ikkje den siste!
Vi tok oss tid til litt sjokolade og solbærtoddy medan vi var her…
Og så måtte det jo fotograferast og dokumenterast opp og ned i mente 😉
Pyseguri skulle tøffa seg litt å ta av fellene på returen. Det er jo ikkje så veldig bratte nedoverbakkar på denne turen, så eg håpa det skulle gå greit. Det var jo puddersnø, så Jorunn meinte eg uansett ikkje kom til å brekka nokon bein eller armar…..Eg tok ein Lothepus….
…..og fekk Jorunn til å smørja skia mine 😉
Ser ho her ut som om ho er kvalifisert til å smørja ski, kanskje???
Det vart veldig mørke bileter på tilbakevegen – ser ut som om det nærma seg kveld, men kl. var vel berre 14.30, eller noko slikt.
Det var ikkje så raskt føre, så det gjekk heilt fint for Pyseguri å gå utan feller denne vegen. Det gjekk akkurat passe fort/seint i nedoverbakkane til at eg kunne øva meg på å bli pittelitt tøffare enn eg er 🙂 Dessutan gjekk det heilt greit å ploga unsett om det berre var skispor eller både ski- og traktorspor. Ja, det var rett og slett kjempekjekt å stå på ski på tilbakevegen 🙂
Jorunn i solnedgang 🙂 (Ikkje fordi vi brukte så lang tid, men fordi sola går tidleg ned 😉 )
Og her nærmar vi oss slutten på skituren for i dag 🙂
Vi var SÅ NØGD, når vi kom ned til bilen igjen! Nøgd med turen altså – ikkje for å sjå bilen 😉 Og tenkt, Jorunn slapp venta 10-15 minuttar på at eg skulle dukka opp – eg kom hakk i hel etter ho 🙂
Skitur til Myrdalsvatnet på ein slik dag som i dag kan eg så absolutt anbefala – heilt fantastisk flott! Det er eit godt stykke å gå inn, men det er ingen skikkelege bratte oppover/nedover bakkar, så turen bør gå greit for alle 🙂
PS! Eg har brukt litt «dine og mine» bileter i dette innlegget 🙂
Sæteren heiter «Midtsæter» og var stølen for bøndene på EIK-MEHL og KLETTA
LikarLikar
Nydelige bilder, ser ut som dåke har hatt ein fantastisk tur 🙂
LikarLikar