…og kanina opp av hatten!! Det har vore skrekkeleg stille på Bobla den siste månaden. Denne gangen er det ikkje fordi det ikkje har skjedd noko, men rett og slett fordi det har skjedd noko 🙂
Eg har nemleg kjøpt meg hus!! Ja, gulp – og sjølv om det gjekk temmeleg raskt for seg, så har det vore nokre lange veker no før papira kom i orden. Men i dag….
…..er kjøpskontrakten underskriven – og hjelp, kva har eg gjort – no er det ingen veg tilbake 😉
At vi måtte flytta har vi jo visst i nokre år no, så sånn sett kan eg vel ikkje seia at eg nett har fått ut fingeren så veldig raskt. Men det har liksom ikkje dukka opp noko eg har vilja hatt – eller har hatt økonomi til. Eg har stått i mot alle gode, velmeinte råd om å få meg ei lita leiligheit, rekkehus eller ein av tomannsboligane i Ospelunden etc. Ingenting gale med dei, men det er liksom ikkje det er har hatt lyst på. Eg har sagt til det kjedsommelege at eg vil ha eit hus med krinkelkrokar, minst ei trapp og sjel. Dei veks ikkje på trer i Uskedalen, men eg har no ikkje vore så nøyen på om eg måtte utav bygda eller ikkje. Eg er jo mobil, så eg har ikkje heilt sett problemet om eg fann noko ein anna plass 🙂 Men eg har jo ikkje funnet noko nokon plass – før no.
Då Linda la ut at ho vurderte å selgja huset sitt, vart eg omtrent trua av dei som har høyrt «eg vil ha eit hus med krinkelkrokar, minst ei trapp og sjel» i åravis, til å ta ein kikk på det. Sjølv var eg litt skeptisk, for eg synes huset såg litt stort ut, og noko stort hus vil eg jo heller ikkje ha. Men, det kunne jo ikkje skada å ta ein kikk…
Eg tok eit steg inn i stova – og det var det som skulle til. Eg bestemte meg vel eigentleg der og då – ja, dette er det eg skal ha. Resten av huset kunne eigentleg vore halde saman med strips – det hadde ikkje betydd noko – dette var det rette huset 🙂 For ordensskuld så sendte eg ein fagmann for å sjå på huset før eg gav Linda eit bod, så eg veit jo at det ikkje heng saman med strips….
Linda godtok budet mitt, og etter å ha underteikna kjøpskontrakten i dag, så blir dette….
Vår nye heim frå 1.mai. Ja, vi flyttar jo ikkje så langt – biletet er tatt ut mitt noverande soverromsvindauga 😉 Uff, Linda og co. kjem til å føla seg både stalka og overvåka dei neste månadane…..
No er jo ikkje dette noko nytt hus, men eit gamalt, velhalde og ikkje minst koseleg hus. Eg som har malt 4 veggar og hjulpe Marit med eit verandarekkverk (kor på eg hadde meir maling på meg enn rekkverket), skal no halda ved like dette huset. Ja, det kan jo bli både artig og ufordrande..Men eg ser ikkje mørkt på det…
Eg har jo verktyet i orden, må vita. Berre sjå her…
Tada – supersmart, eller? No er vel hammarhovudet på dette «multiverktyet» omtrent lika stort som spikerhovudet på dei spikrane ein bruker på eit hus, men pytt, pytt…
Ellers så er det vel kanskje no eg burde byrja sjå etter ein handymann – eg får jo plass til ein, då i allefall. Ein som har det rette utstyret til å halda ved like gamle, middelaldrande, morkne og skakke ting. Hus altså – eg meinte hus!
Reknar med dette går og blir bra – eg gledar meg i allefall til 1.mai 🙂 No håpar eg berre det blir ein super sommar i år – for eg gledar meg nesten mest til mengdene med sol eg vil få i min nye heim 🙂
No må eg byrja pakka 😉