Bobla er ikkje død…

…men ein smule nedprioritert fortida. No om dagen går det for det meste i pakking, sortering og kasting av ting og tang i samband med flyttinga vi snart skal til med. Og det er jammen godt vi enda har litt tid på oss, for det er ikkje måte på kva ein har klart å samla på opp gjennom åra 🙂

I går var eg komen til avdelinga «gå igjennom alle gamle skulesakene til guten». Sjølv kunne ikkje guten skjøna at det kunne vera naudsynt – han skulle no ikkje ha noko av dei sakene. Men mor meinte det måtte gjerast – det kunne jo dukka opp nokre gullkorn som måtte takast vare på. Og det gjorde det – både teikningar, stilar (litt usikker på kvifor eg meinte hans måtte takast vare på – mine eigne gjekk i vedomnen forrige veka 😉 ) og div. anna.

Eit av gullkorna eg kom over vil eg dele her. Inni ein kontaktperm dukka det nemleg opp nokre heimelaga hefter. Eg trur desse må ha blitt laga i samband med eit eller anna forfattarprosjekt – det stod nemleg «Vepsenforlag» håndskrive på nokre av dei 🙂 Og dette prosjektet må dei ha halde på med på skulen, for eg er ganske sikker på at eg hadde huska denne «boka» om eg hadde sett/lese ho tidlegare:

Eg må vedgå at eg kvapp då eg såg denne forsida… I alle dager… No var det jo litt seint å bli sint, eller ta ei alvorspreik med guten, så eg kunne jo ikkje anna enn le høgt 😉

Eg er litt usikker på kva klasse og årstal denne boka er skrive i, men det er vel tydeleg at det må vera etter at engelsk kom på timeplanen… Ikkje at eg skal skulda dette ordforådet på engelsklærerinna, altså.

No er dåke kanskje lika spente som meg på historia inni boka? Med denne forsida grudde eg meg ein smule til å bla om å byrja å lesa… Her kjem boka gjengjeven i si heilheit:

Nissen

Det var eingong ein nisse som heite Per Olav og han var gigantisk og var kjempetjukk. Han budde på Eik rett oppfor meg i gamla løo til onkel Nils.

Han samla inn epler frå baken han samla i sikert 8 T i døgnet han fekk heim med til løa han hadde eit heilt kleskap fult.

Han hadde eit telfannnumer er 53488829. Ring til nissen så får du kanskje pakkar men no skulle han hogga julatre og ta da med seg heim og pynta da. Og no pynta han. Og no fek han besøk av super man.»

He-he, ja, det var no vel ei søt lita nissehistorie. Dette er vel eit eksempel på at ein ikkje alltid skal la seg påvirka av fyrste inntrykket 🙂 Eller at ei innpakning ikkje alltid gjenspeglar innhald 🙂

NB! Boka og bileta er sjølvsagt lagt ut på Bobla med tillatelse i frå forfattaren sjølv 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.