Varen i Guddal!

Pannekaketuren i Ænesdalen gav meirsmak, og eg hadde ikkje meir enn krope utav køya på Langfredag før eg fekk melding i frå Jorunn om vi skulle ta turen til Varen i Guddal? Dette var ein tur eg vart gjort oppmerksam på for ei veka eller så sidan, då vi gjekk ein kjapp tur inn grusvegen i Guddal. Sola skein og det såg ut til å bli ein fin dag, så sjølvsagt var eg med på det 🙂

Sidan det er stor parkeringsplass ved Galleri Guddal, parkerte eg der og spaserte innover grusvegen. Det er ein liten parkeringsplass litt innpå grusvegen og, men den tenkte eg andre kunne få bruka 🙂

Rett før parkeringsplassen ved grusvegen kjem ein til desse skilta. Eg måtte svelgja to gonger då eg såg det – ein augneblink var eg redd turen til Varen var merka som svart rute 😉

Men vi skulle ikkje gå denne vegen til Varen, vi skulle starta lenger inne i dalen. Så då turvenene mine dukka opp fylgde vi grusvegen til vi fann…

…dette skiltet på venstre side av vegen. Ein må fylgja litt med, for det er fort gjort å gå rett forbi.

Jorunn var sjølvsagt kledd for anledningen denne dagen og 🙂 Altså, ein må jo berre bli  i godt humør av slikt 🙂 Svein Vidar rakk vel såvidt å slengja i frå seg offshorebagen i gangen før han måtte hoppa i turkleda…

Har dåke nokon gong sett oppover fjellsider og undra dåke på korleis folk kjem seg opp? Sånn er jo fjellsidene i Guddal. Det er bratt og går stort sett rett opp, men likevel så er det heilt greit å gå når ein er komen i gang.

Det såg ut som om det var satt opp heilt nye, raude, «stikker» langs denne stien, så den var lett å fylgja.

Eg synes det gjekk lett oppover. Det er rart kor mykje lettare ting går når sola skin, ein er på ein ny plass, du ser at kvitveisen er komen og du går bak ei som har ei heil blomsterpotte på hovudet 🙂

Vi snirkla oss oppetter lia, litt oppover og litt bortover…

….eg plukka med meg 3 nøtter – det er jo lov å håpa på at dei bringer lukka med seg 😉 Foreløpig ligg dei gløymt/gøymt i jakkelomma….

Svein Vidar gjekk lett som ein plett over her, medan Jorunn tok eit lite skritt frå stein til stein ved sida av stamma, og kom seg over utan noko om og men.

Eg tenkte at dette måtte eg no klara å få til…

…men så vart eg litt bange med eingong eg trødde utpå…

….sånn ja, tusla deg fint tilbake, du Anita.. Jorunn sa sa det så fint:»Du feiga ikkje ut, du berre fylgde Erna sine råd om å unngå farer i fjellet desse dagane.» 😉

Litt artig – nokon har bygd seg reir der treet har delt seg 🙂

Stien fortsatte no slakt oppover samtidig som vi gjekk utover mot fjorden att. Alle tre syntes det var veldig fint å gå her.

No er vi snart ute av skogen…

….og så stod vi ved desse skilta…

….på ein skogsveg. 

No skulle vi berre fylgja den nedover til vi kom til Varen. Det var ikkje mange skritta før vi kom utav skogen og fekk fin utsikt…

…utover fjorden.

Varen. Eg hadde sett for meg at vi kom til ein Varde, men den gang ei. Men vi kom til bord og benker, så vi slapp hengja opp hengekøyene vi hadde med i sekkane 🙂

Nei, har dåke sett – turvenene mine trylla fram ein pakke til meg i frå sekken sin!

Hmmmm…kva er dette mon tru?

Ein flott, ny turstol! Var den ikkje fin?

God å sitja i var den og, så her kunne eg sitja å nyta ei Pepsi og…

….nyta utsikta, medan…

….Svein Vidar steikte pølser,…

….og Jorunn rørte i heksegryta si 🙂

Visp – så hadde eg fått servert pølse og potetstappe på ein blunk 🙂

Vi har jo laga mat på tur nokre gonger i vinter og vår, og pannekaketuren vår på Skjærtorsdag, var jo veldig fin. Men eg trur alle tre kjente på at dette hadde vi sakna litt – å sitja ute i naturen i sola utan å frysa og kosa oss med mat laga på plassen 🙂

Eg måtte jo bidra litt, eg og, sjølvsagt….

….og for ikkje å skapa krangel i heimen, så måtte jo Svein Vidar og få utlevert eige påskeegg. Framleis overhaldt vi sjølvsagt pålegget frå Erna om å halda avstand 😉

Mett og god kunne eg siga ned i….

…den nye turstolen min og nyta sola…

….som skein frå nesten heilt blå himmel 🙂

Forsynt med mat og sol…

…fylgde vi skogsvegen nedatt til vi igjen stod ved…

….dette skiltet.

Det går altså an å gå ein fin liten rundttur til Varen i Guddal. Men om ein vil gå runden, trur eg at eg vil anbefala å gå den vegen vi gjekk. Det kan bli litt bratt å gå ned om ein går andre vegen – spesielt hvis det er vått og glatt.

Før vi kjørte heim, tok vi ein liten avstikkar ved Galleri Guddal….

….har dåke sett så mange blåklokker på ein plass?

Men det var ikkje blåklokkene vi ville kikka på….

….men dette kunstverket.  Ja, kunst kan jo vera så mangt…

..Dette skjøna vi ikkje så mykje av…

….og prova dermed at det sikkert ikkje er så mykje hjelp å få av oss hvis ein prøver å senda koda meldinger i krigstid. Vi får håpa at det aldri blir ein realitet.

Eg avslutter dette innlegget med eit bilete av…

….tre på tur;-)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.