Eit snev av sommar har dukka opp, og det synes eg jammen er velfortjent no 🙂 I helga har vel dei fleste vore fleire timar ute enn inne – det har i allefall eg 🙂
På laurdag bestemte eg meg for å ta årets fyrste tur til Låganåso i finveret. Eg var ikkje den einaste som hadde tenkt den tanken. Eller akkurat den tanken var eg vel den einaste som hadde tenkt, men eg var ikkje den einaste på det fjellet.
Eg synes eigentleg ikkje det gjekk så verst å koma seg opp på Låganåso. Men eg vart jo forbigått fyrst av 3 personar med ski på sekken, og så 4 personar til med ski på sekken, så alt er jo relativt 😉 Sjølv hadde eg kun med ei lita rumpetaske med ei pepsi i…
Sat ei lita stund og kikka på dei som kava eg oppetter fjellet på ski. Fekk auga på 2 personar om nærma seg toppen, og 4 personar som var ca. midt i bakken. Dei har det heilt sikkert kjekt, men denne sida av Ulvanåso er eg for pysete til å oppsøkja med ski på beina. Men på Utåker sida klarer eg å karra meg opp og ned på mitt vis 😉
Eg lot skigåarar vera skigåarar ei lita stund og naut sola istadenfor 🙂
På veg ned att traff eg fyrst 2 personar, så 4 personar og tilslutt 2 personar, som og alle hadde ski på sekken.
På den tida eg var opp og ned på Låganåso var eg altså den einaste som kun skulle til Låganåso, og den einaste utan ski. Eg gjekk heim og følte meg heilt utdatert 😉
Men akkurat den følelsen hadde eg ikkje tid til å føla så lenge på, for eg hadde invitert nokre damer på bobler på terrassen til kvelden 🙂 Og no var det jammen lenge sidan vi hadde møttes til slik aktivitet – vi har vore flinke til å fylgja Coronatiltaka med å ikkje vera mange i lag og å halda avstand.
Og vi fylgde sjølvsagt tiltaka på laurdag og – alle hadde med eiga bobleflaske og glas, og alle fekk kvar sitt bord slik at vi haldt avstand 😉
Det vart ein kjekk kveld og vi var sikkert ikkje dei einaste som naut den til å vera i lag med gode vener igjen. For ei stakkars lita stund kjentes nesten verden normal ut igjen 🙂
Ja, til fleire slik kveldar 🙂
Søndagen vart akkurat lika fin vermessig som laurdagen, så då la eg i veg på tur igjen – denne gangen opp Pålavegen til Hauglandsfjellet.
Det var heilt sikkert folk på ski i Ulvanåso på søndag og, eg klarte berre ikkje å sjå dei – no må Specsavers snart opna att slik at eg får bestilt nye kontaktliser 😉
Nydeleg – og overraskande mykje snø her framleis.
Utsikt ned mot Fjelly….
….og utover Mannsvatnet. Eg er dårleg på datoar, men er det vanleg at heile vatnet framleis er dekka av is på denne tida?
Eg snudde like greit ryggen til vatnet og plassert den nye solstolen min her 🙂 Og her vart eg sitjande ei god stund.
På veg heimover oppdaga eg noko eg aldri har oppdaga før. Eg er sikkert ikke den einast som går å held eit godt auga med vegskantane desse dagane – ein veit jo aldri kva som har byrja krypa ut av bola sine….
Og best eg gjekk og kikka i vegkanten på veg ned den lengste, kjedeleg strekkja på grusvegen, såg eg noko som likna på ein varde. Hm…kikka litt vidare ned i skogen…
…jammen, her gjekk det sti!
Då måtte eg sjølvsagt prøva den 🙂 Stien er nok ikkje ny, men vardane må vel vera sett opp i seinare tid? Eller er det så gale at eg i alle år har gått rett forbi?
Det var kun ein kort tur igjennom skogen….
…så stod eg på denne skogsvegen.
Eg veit ikkje kor langt opp i fjellsida den går, for eg valgte å fylgja den nedover. Kom ganske rask til eit slags kryss, og valgt då å ta til venstre nedover. Er litt usikker på om vegen til høgre gjekk så veldig langt.
Her var det jo kjempefint å gå! Spaserte forbi både eit og to «fossefall» både ein og to gonger.
Eg hadde jo heile tida ei mistanke om kva skogsveg eg var på…
…og eg hadde rett 🙂 Eg kom ned vegen rett ovanfor Vonheim. Eg har aldri prøvd denne, men har lurt litt på kor den går – eg veit som sagt enda ikkje kor langt opp den går. Det går kyr på beite her om sommaren, så det er vel difor den ikkje er prøvd tidlegare 🙂 Eg veit jo heller ikkje om dei som eig den eigentleg vil ha sånne som meg trakkande her – men hallo – det var satt opp varde i vegkanten som lokkemiddel 🙂
Eg hadde no aldri trudd at eg skulle finna noko nytt i Pålavegen, men det gjorde eg altså på søndag. Det gjorde jo ein kjedeleg skogsveg brått mykje kjekkare. For denne vegen var jo mykje kjekkare og finare å gå ned enn den lange grusvegen 🙂
Eg er veldig nøgd med denne helga. Alt blir så mykje betre med litt varme og sol – sjølv i desse Coronatider. Og veret ser ut til å skulla halda seg utover veka – i morgon får eg byrja rota litt i blomebedet mitt, tenkjer eg 🙂