Oops- brått var det gått nesten to månader sidan siste Bobleinnlegg! Eg må vel vedgå at eg har vore (og er) litt for opptatt med å tulla meg til på Tik Tok. Og for dei som enda ikkje veit kva det er, så er det ein app kor ein legg ut korte videoklipp av, ja, kva som helst eigentleg. Det er stort sett ungar som er på denne appen, men no kjem vi gamle og tar over der og – akkurat som vi gjorde med Facebook og Instagram i si tid 😉Men anyway, i dag tar eg meg tid til å oppdatera Bobla med eit nytt innlegg -natt til laurdag gjekk nemleg årets fyrste hengekøyetur av stabelen 🙂
Magnhild og eg snakka tidlegare i veka om at hvis vermeldinga for helga slo til, så MÅTTE vi hengja ei natt. Og vermeldinga slo til…
Etter litt om og men, og febrilsk leiting etter ei fordufta hengekøye (ikkje mi), stod vi klar med kvar vår sekk ved enden av Fjellandsbøvatnet sånn ca. kl. 1915 fredagskveld.
I fleire år har eg gått å kikka på ei treklygje på veg opp mot Leiteshaugane kor eg har tenkt at «her må eg hengja eingong». No skulle eg endeleg få sjå om plassen var så fin som eg hadde sett for meg 🙂
Det er jo ikkje lange biten i frå vatnet og opp der vi skulle vera, heldigvis – ingen av oss er vane med å bera stor sekk lenger. Eg satsar på at eg skal få trent opp det i sommar 🙂
Då vi kom opp, var Magnhild einig i at dette måtte vera ein fin plass. Då tok det ikkje lang tid før…
….ho hadde fått hengt opp si køye….
….og mi kom opp ganske kjapt den og 🙂
Sjølv om sola no var vekke bak nokre skyer, og deretter Ulvanåso, var det varmt og fint i leiren vår. Det var kun ein ting som kunne øydeleggja idyllen – MYGGEN! Eg hatar mygg – myggen ELSKAR meg! Men eg stilte forberedt – eg hadde tatt med myggjagaren (Thermacell) eg kjøpte i fjor, men ikkje hadde fått brukt enda. Denne har fått så god omtale, at eg hadde veldig tru på at den skulle halda myggen vekke.
Men det såg ikkje ut som om at myggen på Leiteshaugane brydde seg noko om denne duppedingsen. Eg vifta med den både høgt og lågt, men myggen ensa den ikkje. Heldigvis kom det litt vind som vifta vekk ein sverm før ein ny dukka opp. Eg kapitulerte til slutt og spraya meg med Cactuzspray – den virkar i allefall 🙂 Etter å ha kome heimatt, tok eg ein kikk i bruksanvisninga til myggjagare – skal liggja i ro og virkar best når det er vindstille….
Vi lot ikkje myggen øydeleggja kvelden. Og snart skjedde det eg håpa skulle skje……sola kom fram att og vi fekk sjå ein vakker solnedgang – som varte og varte…
Vi bestemte oss for å spasera litt lenger opp skogsvegen for å få oversikt over denne flotte solnedgangen…
To glade hengekøyecamparar 🙂
Trur Magnhild var nøgd med utsikta i frå køya si denne kvelden.
Eg kosa meg i allefall i mi 🙂
Så langt gjekk alt etter planen 🙂 Men så kom det som ikkje var planlagt – REGN??? Jaggu kom det nokre regndropar! Ingen av oss hadde tatt med nokonting som helst med tanke på regn. Vi satsa på at det var ei lita byge, men den byga varte litt…
…så eg fann ut at eg kunne ta på meg fjellduken min – den er jo vanntett 🙂 Eg er veldig nøgd med denne 50-års presangen eg fekk i frå gjengen på Norwater! Lurer eigentleg litt på korleis eg har klart meg utan i alle år? I tillegg er den jo veldig kledeleg – og den einaste kjolen som er passeleg i størrelsen i år….
Magnhild forsvann ned i si hengekøye i håp om å ikkje bli for våt. Eg styrte og stelte med å koma meg på plass i mi med sovepose, fjellduk, av med sko, igjen med myggnettingen… I det sekund eg hadde kome meg på plass, slutta det å regna 🙂
Frysepinn som eg er, var eg litt usikker på om det gjekk bra å liggja ute kun i shorts, tynn ullgenser, tynn sommarsoverpose og fjellduken. Det gjekk heilt fint – eg fraus ikkje ein plass. Nok ein grunn til å vera nøgd med fjellduken – no veit eg at eg slepp ta med 2 soveposer og sekken full av kler på tur 🙂 🙂
Så då hadde eg det heilt perfekt i køya mi og sovna til fuglekvitter, ein gjøk som gol (han haldt det gåande heilte kvelden og til langt på natt), lyden frå elva og vinden som gynga meg litt fram og tilbake.
Det vart sjølvsagt noko styr med å koma seg inn og ut av køya i 01.30 tida – då MÅTTE eg berre tissa. Eg anar ikkje kva det er med meg og frisk natteluft, men eg har aldri klart ei natt i telt eller hengekøye utan at eg må ut å huka meg ned bak ein busk i løpet av natta – av og til opptil fleire gonger. Eg har heldigvis ikkje same problemet innandørs….
Eg vakna til Magnhild sin alarm på mobilen – kl. 0615! Kl. 0615 på ein laurdag!!! Magnhild vakna ikkje av alarmen på mobilen kl. 0615 på ein laurdag… Til slutt måtte eg ropa til ho at ho måtte stå opp 😉 Eg tar det som eit teikn på at natta i hengekøye var ein suksess og at det gav meirsmak 🙂 Ho sa i allefall at ho hadde sove som ein stein- det merka eg jo 🙂
0615 er tross alt altfor tidleg å stå opp på ein laurdag usett kor du er – og iallefall når du ligg i ei hengekøye utan andre planar for dagen. Så vi vart liggjande å slumra ei god stund til…
Når eg vakna litt meir til, opna eg augene og kunne kikka rett bort på Ulavanåso 🙂
Omsider bestemte vi oss for at det var på tide å pakka i saman leiren og koma oss heimatt. Vermeldinga for laurdagen var jo og strålande, så vi kunne jo ikkje hengja her heile dagen 🙂
Det var to veldig nøgde damer som vandra ned til bilane igjen. Dette hadde vore ein perfekt hengekøyetur 🙂 Eg kryssar fingrane for at det skal bli mange slike flotte turar denne sommaren 🙂