Då har eg faktisk allereie gjort meg ferdig med den fyrste av tre sommarferieveker i 2020! I år rekna eg med at sommarveret var brukt opp i juni, og dermed starta eg fyrste feriedag med å bruka ei lita formue på nye regnkler – det er greit å stilla forberedt….
Eg testa dei nye regnkleda på ein liten fjelltur allereie same dag, men akkurat no huskar eg ikkje eingong om det regna på den turen…
Tirsdag fekk eg lokka med meg Ann Irene på ein tur inn til Myrdalsvatnet. Planen var då å få testa regnkleda i skikkeleg dritver, men då vi kom oss avgårde på ettermiddagen, skein jo sola…
Det endra seg heldigvis då vi kom inn til vatnet 😉 Vi sat under tak og steikte amerikanske lappar – og hadde sjølvsagt blåbærsyltety og krem på 🙂 Då sola forsvann, vart det slett ikkje noko sommartemperatur, så vi vart ikkje sitjande i ro så lengje etter maten. No var det etterlengta regnet kome og eg kunne ta ein liten regndans i nye regnkler før vi tusla tilbake til bilen 🙂
Myrdalsvatnet – vakkert, sjølv i litt gufse ver.
Dagane flyt litt i eitt når ein har ferie, og eg kan sanneleg ikkje heilt huska kva eg brukte onsdagen til. Eit bilte på mobilen avslører i allefall at eg tok meg tid til ein liten tur til….
….Flåtene.
Torsdag troppa eg opp hos naboen for å vera med å få litt inspirasjon til å laga heimelaga juice. Eg har jo ei svær juicemaskin som står på kjøkendisken og tar opp plass, men det er ikkje så ofta den er i bruk. Når ho dann og vann er i bruk, hiv eg oppi det eg har av frukt og grønt – utan å tenkja på kva som passar i saman. Naboen, derimot, er flink til å bruka oppskrift – og til å laga myyyyykje juice når ho set igang. Juicen har ho på flasker og hiv i fryseboksen. Det skal eg og byrja med no, og har lånt med meg heim to tjukke juicebøker er skal henta enda meir inspirasjon frå.
Fekk tid til ein kjapp handletur til Husnes og før eg….
…avslutta kvelden med å sjå på solnedgangen i frå boblebadet 🙂
Fredag starta vi dagen med hagearbeid. Ja, VI faktisk….
….for han her kom heim kvelden før og starta på sin 3 vekers sommarferie. No fekk vi endeleg tømt og fjerna to svarte oljefat som har stått med nokre visne buskar i på terassen – så no står dei tomme nedanfor huset i stadenfor… Eg har ein plan for dei…
Vi fekk og planta eit tre som måtte fjernast frå….
….»bassengområdet» mitt. Her har det faktisk skjedd litt endringar i dag, så kanskje dette området blir ferdig i veke 2? I allefall så ferdig som planlagt i 2020.
No er vi altså komen til fredag, og etter å ha tilbrakt dagen med hagearbeid, var det på tide å pakka tursekken. Eg hadde avtala med Magnhild at vi skulle testa hengekøye forholda i den nye gapahuken på Flåtene.
Eg var nemleg sikker på at det måtte gå fint an å hengja opp hengekøyene i denne gapahuken. Og som dåke ser – det gjekk heilt fint 🙂 Hengekøyene kom på plass lett som ein plett, og då kunne vi kosa oss med ein liten skvett jordbær daiquiri medbrakt på tremos 😉
Det blas godt rett inn i gapahuken, med vinden stengte vi ute med å hengja Magnhild sin nye, digre, tarp framom opninga 🙂 Ut på kvelden stilna vinden, og då kom sjølvsagt myggen i hopetal. Dei som har lese forrige hengekøye innlegg huskar kanskje at vi ikkje var så imponert over Termacell myggjagaren min? Etter den tid har eg tatt meg tid til å lesa bruksanvisninga – og det viste seg å vera lurt 🙂 For når vi no fekk denne i gang på riktig måte, gjekk det berre nokre minuttar så forsvann all myggen som dugg for sola! Termacell myggjagar altså – den er no standard utstyr i sekken 🙂
Eg hadde akkurat kroa meg til i køya mi igjen etter ei lita tissepause på natta, då det kom ei kraftig regnbyge. Då var det heilt greit å hengja innunder tett tak 🙂 Nesten tett i allefall. Det lek litt i taket over Magnhild, men det dryppa heldigvis ned på eine sida av hengekøya hennar, og ikke midt oppi.
Vi vakna til at vi skimta at det var sol ute – då var vi raske med å få ned tarpen 🙂
Hvis nokon lurer, så trur vi det kan vera plass til å hengja 3 hengekøyer her. I allefall enda – vi veit ikkje kva planar dei evt. har for «inventar» i denne gapauken iom at den ikkje er ferdig enda.
I det vi hadde fått på oss sekkane og starta turen på heim, byrja det å regna att. Men vi var uansett nøgde med turen vår.
Eg trur eg blir litt sløv av å vera ute så lenge, resten av lørdagen gjekk med på å vaska nokre maskiner med kler, sofa og Netflix 🙂
Søndag, altså i går, tok eg nok eingong på dei nye regnkleda og la i veg på ein liten fjelltur. Hadde fyrst tenkt å fylgja skogsvegen ovanfor meg, men vart stoppa av eit stabeist av ein hest! Den hadde stilt seg opp på langs med grinda – med bakenden rett ved inngongen. No er ikkje eg spesielt redd for hestar, men eg ålar meg ikkje inntil bakenden på ein som ser på meg med eit «I dare you to try» blikk. Eg godsnakka, eg puffa og skubba, men nei – den hadde absolutt ikkje tenkt å flytta på seg. Eg måtte rett og slett sjå slaget tapt- og måtte luska meg opp over Halsatoppen i stadenfor….
Eg pusta og pesa (det er varmt inni regnkler), men kom meg omsider opp til Kjellhaug. Vart faktisk litt overraska over at eg kunne sjå ned til bygda, trudde utsikta skulle vera kun skodde.
Fekk faktisk eit glimt oppover dalen og.
Resten av dagen – igjen sofa og Netflix.
Ja, sånn gjekk den fyrste ferieveka. Kjennes det ut som sommarferie? Absolutt ikkje – meir som ei salig blanding av sommar/høst/vinterferie. Men dette føyer seg vel inn i dette rare 2020 året, så eg kjenner det er ikkje så nøye kva ver det er i år. Sommarferieplanen gjekk jo ad undas allereie i mai då flyselskapet kansellerte flighten min til det store utland, så då kan det berre vera med heile greia, tenkjer eg 🙂
Ser det ut som om det skal betra eg i veke 2? Nei, ser ut som om det fortset i same tralten – det gjer eg og 🙂