Då var veke 2 av ferien ferdig óg, og eg er i gang med den 3. og siste sommarferieveka mi. Veke nr. 2 vart vel ikkje så heilt ulik nr. 1 – hverken når det gjaldt gjeremål eller ver. No byrjar dagane å gå heilt om ein annan, så vi får sjå om eg får rett rekkefylgje på ting….
Mandag har eg faktisk ingen bileter av!? Det kan ikkje vera mange slike dagar… Men eg er ganske sikker på at eg bar og trilla stein den dagen. På nedsida av terrassen skal eg byggja trapp, og då må deler av «steinura» der fjernast – og det byrja eg med på mandag. Steinane trilla eg i trillebår rundt huset og opp til den nye «badeplassen» min, der dei skulle brukast til «mur». Sonen i huset forsvann og kom igjen med eit lass singel til dette området – og det heilt utan at eg trong masa på han 🙂
Tirsdag skulle vi eigentleg site på eit fly til Island kor vi skulle feriert ei lita veke. Men den flygninga kansellerte Icelandair allereie i mai pga. COVID-19. Slik det har utvikla seg, kunne vi jo reist no, men det var uaktuelt. Eg har ikkje tenkt å reisa nokon plass i år, og var istadenfor klar for å spikra platting til «badeplassen». Eg tenkte at såpass må eg vel få til sjølv utan hjelp. Eg måla opp, fann sag og materiale og sat igang… Då eg hadde fått sagt opp ramma….
…dukka sonen opp igjen for å hjelpa til – og då gjekk det raskt å få laga platting. Materialet var restar som var igjen i frå vi laga terrasse i fjor, og vi mangla to bord frå å bli ferdig. Dei var eg kjapt nede på kaien og handla, men resten av dagen vart innedag – det regna for mykje for meir jobbing ute.
Onsdag har eg visst heller ikkje bileter av – kva skjer?? Vi fekk i allefall ferdig plattingen. Litt opplett må det ha vore óg, for eg fekk tømt boblebadet for vatn, vaska det, satt det på ny plass og fylt oppi nytt vatn. Det er faktisk så gale at utan bileteprov huskar eg ikkje kva meir den dagen gjekk med til…
Torsdag overraska sola oss med å kikka fram. Då var det om og gjera å nyta ALLE solstrålane 🙂 Eg starta sjølvsagt….
….med eit bad – eg måtte jo prøva ut den nye «badeplassen» 🙂
Eg visste jo heller ikkje kor lenge sola ville vera framme – ho skein tross alt ikkje frå heilt skyfri himmel..
Det var framleis sol og fint då eg var ferdigbada, så då bestemte eg meg for å gå ein tur…
….inn Børsdalen/Bergsdalen (på Uskedalsida).
Det er ikkje så ofte eg går her, men eg synes dette er ein fin, liten tur. Stien er lite brukt, og det er veldig ulendt, så ein må passa på kor ein trør. Eg har aldri gått opp ura ein ser i enden på biletet ovanfor – det kunne eg tenkt meg å prøvd eingong.
Denne dagen gjekk eg ned til elva, fann meg ein plass å sitja i sola…
….og åt middagen ute 🙂 Eg trur dette er det eine biletet eg har tatt i ferien min som får ein til å tenkja på sommar 🙂
Eg haldt meg unna fjellsida til Englafjell denne gongen. Det er framleis snø i fjellet og mykje vatn som kjem ned, så det er greit å passa seg litt.
Utsikt mot Uskedalen.
Fredag var sola fordufta igjen og erstatta med nok ein dag med regn. Eg starta dagen med 2 (?) turar til Husnes og fekk handla litt div. eg hadde utsatt ei stund. Eg fekk og pakke i Posten…
…ny stor tarp! Eg har måtta innsjå at det ikkje er nok med kun nye regnkler på tur i år 😉 Mogleg eg må ut å prøva denne i dag..
Laurdag kan vi berre gløyma. Då hølja det vel ned heile dagen, og eg gjorde ikke ein skit. Det er vel lov å ha ein feriedag ein ikkje gjere på nokonting som helst? Eg vurderte ein liten tur på ettermiddagen, men vart redda av at alle turskoa var klissvåte. Skotørkjaren som heng på veggen i gangen ignorerte eg…
Eg kunne ha svergja på at eg såg sola utanforbi vindauga fyrste gong eg slo opp augo søndagmorgon, men det var for tidleg å stå opp då. Når eg endeleg kom meg utav køya, var det ikkje sol lenger. Men det var opplett og ikkje så verst temperatur.
Eg pakka difor sekken og gjekk ein tur inn Eikedalen. Eg hadde ikkje satt meg noko mål for turen, men tenkte eg skulle gå så langt eg gadd.
Blåklokker på Flåtene.
Når eg kom utav skogen kom det sjølvsagt litt regn igjen. Eg hadde tatt sjansen på at det skulle halda opplett heile turen, så hverken dei nye regnkleda eller den nye tarpen var med i sekken…
Men det letta heldigvis igjen….
….og etter ei stund stod eg å kikka inn i Fagerdalen.
Det bles litt surt, slik det ofte gjere i Fagerdalen, så eg gjekk ikkje lenger inn enn dette. Vurderte om eg skulle gå opp til Eikehytta, men slo det i frå meg. Eg gjekk i staden opp på ein liten topp eg ikkje hadde vore på før….
…..og fekk fin utsikt nedover dalen mot fjorden.
Vel heima igjen rakk eg å kvila meg littegrann før eg gjorde meg klar for eit koseleg bursdagsselskap.
Kvelden vart avslutta med nok eit bad i boblebadet – eg går sikkert snart i oppløysning 🙂
Sånn gjekk altså ferieveke nr. 2. Vermessig har eg no litt større forventningar til veke 3 enn dei 2 fyrste vekene. I dag, mandag, kl 1200, har det allereie vore både sol og regn. Om ikkje anna, så ser det ut til at det skal bli greit turver. Hvis ikkje er det sikkert noko anna arbeid ute og i huset som kan gjerast – eg har jo f.eks enda ikkje fått trapp ned i frå terrassen….