3. Ferieveke unnagjort!

Dett var dett – 3 ferieveker unnagjort på eit blunk! I morgon er det tilbake til jobb og kvardag igjen. Eg grin ikkje på nasen av det – det er alltid greit å koma tilbake til vanlege rutiner (og ja, no haldt eg fingrane i jugekross) 😉

Eg ymta vel frampå i mitt forrige innlegg at eg kanskje skulle ut å prøva den nye tarpen min på mandag. Det gjekk fillevegen – med prøvinga altså. Istadenfor gjekk eg på butikken og kjøpte…

….ei ny bok og vart sitjande i sofaen og lesa i den resten av dagen. Eg huskar ikkje heilt, men det skulle ikkje forundra meg om det regna heile mandagen…

Tirsdag var veldig av og på med sol og regn om einannan. Kvar gong eg tenkte at det var på tide å koma seg ut ein tur, byrja det å regna. To minuttar etterpå skein sola. Brått var det blitt ettermiddag, men då lot vi ver vera ver, kledde på oss regnkler og gjekk i skogen….

….og plukka blåbær 🙂

Vi vart våte som kråker, men med nye tette regnkler og vanntette sko, gjorde ikkje det noko 🙂 Vi fann masse bær, og på eit par timar hadde vi plukka fulle dei boksane vi hadde med oss. Har ein sagt A, så må ein og seia B – resten av kvelden sat eg og renska blåbær 😉 Eg orka faktisk ikkje å gjera meg ferdig…

….så siste rest renska eg ute i sola onsdag føremiddag 🙂

Såg dåke kva eg skreiv der? Ute i SOLA! Ja, for på onsdag skein faktisk sola!

Etter å ha gjort meg ferdig med blåbæra, plasserte eg meg…

….her! 🙂

Kikka innimellom bort på den nye badeplassen min (som eg er så nøgd med) og opp på Englafjell. «Ein dag, men ikkje i dag…»

Fekk med meg at den flotte «hagepynten», som har stått lent oppetter trappa nesten sidan vi flytta inn, brått, og heilt utav det blå, vart fjerna. Eg ventar i spaning på om den kjem attende, eller om den er vekke for godt…

Sånn gjekk den dagen. Eg flytta berre solstolen og meg sjølv…

….etter sola til ho gjekk ned 🙂

Tru det eller ei….

…..sola skein framleis på torsdag! Eg byrja dagen med ein blåbærsmoothie 🙂

Så fekk eg besøk av….

…..nabokatten, som heilt naturleg tok turen gjennom blomabedet mitt og forsvann gjennom gjerdet. Ser dåke han?

Eg kunne jo ikkje bruka ein heil dag til i solstolen. Dermed henta eg mor og far og køyrte i Blådalen. Det var faktisk fyrste turen dit i sommar – det seier vel litt om både kor mykje snø det har vore i fjellet i år, og om kva ver vi har hatt i sommar.

I Blådalen var alt som normalt….

Lite vatn i vatna, men framleis mykje snø igjen i fjellet.

Vi køyrte ikkje opp til Møsevatn denne dagen. Traff ein kar som hadde vore oppom og han sa det var heilt fullt på parkeringa der. Han viste og bilete som viste at det framleis er MYKJE is i Møsevatnet.

Vi køyrte heller nedover dalen igjen.

Stoppa ein augenblink for å ta bilete av denne idyllen. Her MÅ vi campa eingong!

Svippa oppom Vetrhus, før vi køyrte enda lengre ned og hadde nistepause. Ein fin dag i fjellet 🙂

Fredag – og enda ein dag med sol. Då var det berre å hiva seg rundt og handla det som eg trong til…

…å mala vindaugskarmar og lister! Skrapinga tok eg meg av i juni – sidan har det ikkje vore tørt lenge nok til at det har gått an å gjera malejobben.

Heile dagen hang eg ut loftsvindauga og mala dei øverste vindauga og stod i stege og gardintrapp og mala dei nederste. Eg hadde nok strøke på malarmeisterfagprøven med glans, men no har dei i alle fått eit strøk. Så får vi sjå om det blir opplett lenge nok til at eg rekk eit strøk til i august. Hvis ikkje får det venta til neste år – då får eg nok mala heile denne sida av huset uansett.

Fredagskveld vart avslutta med gjester på terrassen…

….litt godt i glasa, solnedgang og kikking på månen 🙂

Laurdag, altså i går, hadde eg avtala med Jorunn at vi skulle på tur og sjå på Sundefossen. Aldri høyrt om denne fossen? Det hadde ikkje eg heller. Dette er nok ei gøymt perle i Mauranger. Eg finn ikkje noko særleg med info om fossen, men om eg har forstått det rett, så er det ikkje vatn i den heile året – og kanskje ikkje kvart år heller. Kun når Mysevatn renn over.. Fossen ligg eit lite stykke i til høgre frå Hardingaskaret, men du kan ikkje sjå den i frå vegen.

Eg trur eg skal laga eit eige innlegg om denne turen og jakta på Sundefossen.

Det var ein fin tur i strålande sommarver 🙂

Denne turen og kvelden vart avslutta med grilling på terrassen til Jorunn 🙂

I dag, søndag, regnar det igjen. Dagen må brukast til å gjera seg klar for å byrja på jobb att i morgon. Eg gruar meg litt – mest til å ta på bukser igjen. Trur eg må prøva dei i dag – det blir litt for seint å sy dei ut i morgon tidleg 😉 Ja, for dei utallige timane eg har tilbrakt på sofaen med brus, chips og snop i ferien min, har eg jo ikkje nemnt i ferieinnlegga mine…. før no….

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.