Pannekakekurs i Ænesdalen :-)

Når ting er som dei er, så skal vi vera glad vi bur der vi bur. Vi som bur på landet, altså. Vi som har naturen rett utanfor husdøra – og som likar å bruka den 🙂 I går gjekk turen litt lenger enn utanfor husdøra, då Jorunn og eg bestemte oss for å leggja turen til Ænesdalen.

På veg innover fjorden vart eg litt betenkt då eg, heilt tydeleg, såg at onkel og tante på «Øyo» prøvde å signalisera eit eller anna…

…eg måtte rett og slett stoppa på Svoldalsneset og prøva å tyda beskjeden. Men anten så er eg veldig dårleg på å tyda røyksignal, eller så er ikkje dei heilt stødig i stavinga, for det eg las som: «Send meir dopapir», skulle visst vera «Send meir vin!» 😉

Der og då var det uansett ikkje så mykje hjelp å få av meg – eg skulle jo på tur i Ænesdalen 🙂

Vi var ikkje dei einaste som hadde tenkt den tanken, for den nederste parkeringa var full då eg ankom. Jorunn hadde heldigvis ordna med parkering lenger oppe ved kyrkja, så då ordna det seg 🙂

Denne var noko av det fyrste vi traff på, og tanken slo oss: «Kan heile dette coronavirusgreiene eigentleg stamma i frå Ænes??»

Vi tok i allefall vore forhåndsreglar…

….og praktiserte sjølvsagt regjeringa si anbefaling om å halda avstand til kvarandre 🙂

Ikkje var det St. Patricks dag, og ikkje finnes det så mykje som eit snev av irske anar i ho…

…så eg er litt usikker på orsaka til valget av hovudpynt for dagen, men sjå kor nøgd ho var sjølv 🙂 Og hatten var på heile turen 🙂

Det er nesten heilt utruleg at eg klarte å få tatt eit bilete av ei så lang strekke nesten utan eit menneske, for det var mykje folk ute å gjekk i dalen i går. Det er jo ikkje så rart, for her kjem jo alle seg fram anten dei går eller trillar.

Nærmar oss Ænessetra no.

Det var kjekt å sjå at den nye eigaren av selet som tidlegare høyrte til mi slekt, har bygd det oppatt så fint 🙂 Tommelen opp for det 🙂

Enæs på Ænes 😉

Vi hadde vel ikkje diskutert heilt kor langt vi skulle gå på førehand, men vi var komen så godt i gang at vi fortsatte vidare. Yr hadde meldt sol, så vi forventa at den skulle koma etterkvart, men det vart no så som så med akkurat det…

….men ho dukka opp innimellom og skein på min grøne turkamerat 🙂

Det er ei fin flate nede ved elva som er fin å campa på – eg har til og med campa der i telt eingong. Men i går var det litt sur vind så nære elva, så vi fortsatte litt til. Vi hadde eigentleg berre tenkt oss litt lenger inn i skogholtet, men så fekk Jorunn auga på….

…hengebrua! Og mot alle odds (Jorunn plar ikkje vera glad i bruer) – den skulle ho over! Før eg fekk sukka for meg hadde ho kome seg midt utpå…

….og så heilt over – utan noko styr 🙂

Og medan ho stod der med armane triumferande over hovudet, lurte eg på: «Er det no eg gjera ho oppmerksam på at denne hengebrua heng i hop med strips?? Og at dei fleste er øydelagt??» Akkurat i det eg tenkte det var best å venta til vi hadde kome oss over att andre vegen, peip det frå andre sida: «Har du sett, brua er stripsa – og dei fleste er øydelagt!» Der og då tenkte eg at der rauk den returen, no må vi gå ned att på «feil» side av elva, men det virka faktisk som om ho ikkje brydde seg om det. Kan det ha vore hatten som gav ho nytt mot??

«Sjå, no hands, no hands!» Eg måtte sjølvsagt tøffa meg litt når det var min tur til å gå over. Det er jo ellers ikkje så mykje eg er tøffare enn Jorunn på, og no ryk sikkert kategorien «gå over hengebru» og snart 🙂

No stod vi brått i ukjent terreng begge to, for på denne sida hadde ingen av oss gått før. Då var det godt av vi begge byrja å bli svoltne, så vi gadd ikkje gå så langt – berre rett opp i skauen 🙂

Pausen tok vi difor her, rett ovanfor brua. Eg drog fram stormkjøkenet, Jorunn drog fram antibac’en 😉

Pannekaker stod på menyen i dag. Jorunn har heile tida sagt at ho ikkje likar pannekaker, men eg har ikkje tal på kor mange gonger vi har hatt pannekaker på menyen på tur 🙂 Ho er ein «skap-pannekake-likar» 😉 Vanlegvis plar vi juksa og ta med ferdiglaga pannekaker, men i går hadde eg måtta mekka ei røra. Og dermed starta kurset i pannekakesteikjing 🙂

Vi smurte panna med antibac….

….hadde oppi pannekakerøra (Jorunn hadde med ferdig steikt bacon)…

«Kva gjere eg no??» Det var litt skummelt dette her…

….så ho måtte ha hjelp til å snu kaka 🙂 Eg er litt usikker på kvifor eg blei sett på som ein pannekakeekspert? Trur kanskje ikkje sonen i huset er heilt einig i det…

Smilet og tommelen tydar på at ho er nøgd, ellers litt vanskeleg å tyda uttrykka under hatten 😉

Mmmmm….ser det ikkje godt ut?

Kva med no? Pannekake med bacon, blåbærsyltety og kremfløyte 🙂 Påske er Påske 😉 (Som om det hadde gjort noko forskjel om det ikkje var Påske)

Etterkvart som Jorunn fekk dreisen på steikinga, steig og sjølvtiliten, og det tok ikkje lang tid før ho skulle snu dei sjølv. Og når ho hadde snudd eit par stykker ved å bruka steikespaden, tok det heilt av, og ho gjekk over til kasting 🙂 Så her steig ho i gradene frå nybyrjar til proff på 3 pannekaker 😉

Og når ein er blitt flink, fortjener ein jo ein liten premie…

….så då passa det jo med overrekkjing av påskeegget eg hadde med til ho 🙂 Og framleis haldt vi oss sjølvsagt til avstandsreglane – staven hadde eg dratt med meg på tur eine og aleine for å kunna gje i frå meg påskeegget 🙂 Vel er eg blitt gamal, men eg treng ikkje stav for å gå tur i Ænesdalen, altså – eg trur Jorunn stussa litt på kvifor den var med…No fekk ho greia på det 🙂

Eg hadde forresten pynta meg litt, eg og. Ann Irene har hekla fine, blomsterhuer til oss som vi eigentleg skulle bruka på Slarverennet. Det rennet vart jo diverre avlyst i år, men det er jo ingen regel som seier at vi ikkje kan bruka dei på andre turar 🙂 For ordens skuld – det er ikkje eg som sit i hua fremst på biletet…

Det var faktisk litt snø i lufta når vi sat her, men i det vi pakka saman for å gå heimatt, bestemte sola seg for å koma fram. Og då vart det både varmt og fint.

På veg heimover – med steikjepanna i handa…Ho lurt litt på kva folk kom til å tenkja når dei såg det, men eg kunne berolega ho med at det kanskje ikkje var steikjepanna som var mest i augenfallande…

Sidan det no var blitt så fint, bestemte vi oss for å ta ei pause ved Hølen – det er tross alt den finaste plassen i dalen, spør du meg 🙂

Eh, ja, så fint at eg nesten byrja leggja egg 😉

Vi og sola forlot Hølen samtidig, og med det var turen over. Det var kun siste etappe tilbake til bilane som gjenstod.

Begge to var einige om at vi hadde hatt ein fin og kjekk tur – og pannekakekursinga og steikjinga hadde jo gått strålande 🙂

 

 

1 Comment

  1. Sjølv om hatten til Jorunn gjorde inntrykk, så kom den litt i skyggen av dei flotte naturbileta dine, Anita. Saman med den slåande humoristisk framstilte teksten din, fekk eg ei fin avkopling frå studieinnleveringar 😊 (korona påske = studie påske 😱)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.