Leiteshaugane

Livet går framleis nesten i sin vante tralt her hos meg. Eg er framleis ikkje i noko form for karantene eller permittert – og kryssar fingrane for at det vil fortsetja slik. Men ein veit jo aldri…

Eg er jo vane med å vera mykje åleina om ettermiddagane og kveldane, men no synes til og med eg at det byrjar å bli litt kjedeleg å ikkje samla gjengen til ein boblekveld, gå fleire i lag på tur, eller generelt treffa folk på fritida. Men vi får halda ut ei stund til – dette Coronavirusgreiene går nok over til slutt.

Inntil dess får ein prøva å gleda seg over det som er å gleda seg over – dei dagane ein får strålande sol, f.eks. Eg har prøvd å leggja ned forbud mot å leggja ut turbileter før kl. 1500, men det er jo ingen som bryr seg om det forbudet. Det kjem snappar av skiturar, fjellturar, iseting, SOL etc. nesten før eg har satt ræva på kontorstolen om morgonen 😉

Sånne dagar går av og til klokka gyseleg seint. Men ikkje i går, sjølvsagt – då gjekk ho jo faktisk ein time fortare enn til vanleg 😉 (Sidan vi hadde stilt ho fram ein time i helga)

Så då eg kom heim etter endt arbeidsdag, heiv eg meg rundt, koka vatn, pakka sekken og så – UT! Dei siste dagane har eg tråkka Ådnaklett opp og ned i mente, oppover, nedover, sidelengst – ja i det heile så har det blitt mykje Ådnaklett. Om nokon hadde fulgt med hadde dei sikkert trudd eg la ut Påskegg rundt heile klett’n, men det har eg altså ikkje gjort 🙂

I går var det på tide å sjå noko anna igjen, så eg køyrte til Fjellandsbø.

Eg parkerte ved gapahuken, og vart ein augneblink litt redd for at eg var for seint ute og at sola skulle forsvinna bak Ulvanåso.

Ho forsvann nok nede ved vatnet, men ikkje oppover mot Leiteshaugane 🙂

Det vart eindel solbileter i går – det er tross alt ikkje så ofta ho har vore framme hittil i 2020.

Etterkvart som eg nærma meg enden av skogsvegen måtte eg tråkka litt i snø, men ikkje så mykje at det gjorde noko. I stadenfor å gå bort til postkassa med boka som ein kan skriva seg inn i, fortsatte eg å gå i retning Blådalen/Matre…

…til eg stod på denne toppen og kunne kikka utover Matrefjorden og bort i Tveitedalen 🙂 Ser dåke profilen midt i bilete? (Ikkje min altså…)

Som forventa bles det litt kaldt på toppen, men eg gjekk litt lenger og ned på ein litt mindre topp, og der fann eg faktisk ein plass i le for vinden kor eg…

….rigga meg til for pause 🙂

Utsikt til venstre mot Blådalen/Matre…

…..utsikt til høgre mot Ulvanåso – kan det bli finare?

Utsikt rett fram – på nye fjellsko 🙂 Trossa faktisk alle råd på laurdag og la ut på ei aldri så lita fritidsreise inn til Sport 1 i Rosendal og handla meg nye sko for eit gåvekort eg fekk til bursdagen min 🙂 Veldig nøgd med desse 🙂

Rett i koppen gulrotsuppe til middag 🙂 Den trur eg er ny av året? Var veldig god 🙂

Ahhh, deilig å endeleg måtta ha desse med på tur att 🙂

Det er lenge sidan eg har site så lenge i ro ein plass når eg har vore ute på tur aleina, men i går vart eg sitjande både vel og lenge før eg pakka saman. Tenkte eg måtte nyta sola så lenge eg kunne – eg hadde tross alt sett vermeldingane for resten av veka…

Men til slutt måtte eg luska meg heimover, ned til vatnet og bilen att. Når eg ser på dette vidvinkelbiletet ser det jo ut som om dette er ein ganske lang tur, men det er jo eigentleg berre ein kjapp liten tur.

Vel heima hoppa eg rett i pyjamasen og rigga meg til på sofaen med Viaplay (jada, det går ikkje berre i Netflix 😉 ). Sidan eg no har blitt så vane med å ikkje sjå folk etter jobb, har eg kanskje dratt forfallet litt for langt. For kortid vart det OK å opna ytterdøra barbeint i pysjamas og med huesveis når naboen banka på???? For eit par veker sidan hadde eg kasta meg langflat ned på golvet og lata som om eg ikkje var heime, i går breia eg meg i døropninga og kunne ikkje brydd meg mindre. Men etterpå tenkte eg at…

NO MÅ DU TA DEG I SAMAN, ANITA!!! Så når eg likevel måtte oppom Vita i  dag for å handla ein liten sak…

….kom det litt meir oppi posen enn planlagt 🙂

Prosjekt «ta-seg-i-saman» byrjar no…;-) Og pyjamasen skal heretter ikkje på før etter kl. 2100 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.