Liten fjelltur :-)

Her hos meg går dagane framleis nesten som normalt. Eg er ikkje i nokon form for karantene, har ikkje symptomar på nokon som helst sjukdom, og har framleis arbeidsdagane mine på kontoret. Eg er litt mindre sosial enn til vanleg, men no er eg jo ikkje så veldig sosial i utgangspunktet…

Korleis det blir i veka som kjem, er ikkje godt å seia. No får vi ta ein dag om gongen. Det er viktig å koma seg ut og lufta seg litt hvis ein kan – og eg kan jo framleis det.

I går fekk vi ein strålande solskinnsdag – og den skulle eg i ALLEFALL nyta 🙂

Det blir mykje dei same turane som blir gått no om dagen, eg bryr meg ikkje om å køyra så langt. Så turen i går gjekk igjen mot Storhaug – rett bak huset mitt 🙂

Ulvanåso og Englafjell er framleis kledd i kvit og når sola skin blir det reine Påskesteminga – det er kanskje ikkje så rar, for den er jo ikkje langt unna no 🙂

Skulle vi få eit verskifte som varer, er det vel ikkje lenge før båtsesongen er igang igjen.

Eg plar ikkje går «snarvegen» til toppen, men i går var stien snø-og isfri, så då vart det den.

Nesten oppe 🙂

Litt snø igjen på toppen, flekkevis og delt.

På Storhaug. Loket til postkassa er fordufta. Eg kan ikkje tru nokon har hatt brukt for det til noko, så det må vel vera vinden som har tatt det med seg. Den lefsa som framleis låg oppi kassa, frista det ikkje å skriva namnet sitt i, så eg lot det vera. Ein treng vel heller ikkje ta på alt ein kjem over i desse dagar… Eg veit jo uansett at eg har vore der 😉

Utsikt mot Melderskin og omeng.

Blir ein god dose av Ulavanåso i dette innlegget 🙂

Sola varmar godt no, men det hjelp ikkje så mykje når det bles ein kald vind. Å setja seg ned på toppen her og ta pause, frista ikkje…

….så eg fylgde skogsvegen ned eit lite stykke og gjekk opp denne avstikkaren, før eg fann meg ein nokonlunde vindfri plass å sitja.

Å søren, hadde pakka snopet i suppeskåla! Sat ei god stund og funderte på korleis eg skulle løysa det problemet. Når eg endeleg hadde funnet svaret var eg ikkje lenger svolten på suppa…. 😉

Så gjenstod det berre å gå ned skogsvegen, vandra ned dalen, over Dønhaug og heim 🙂

Vel heima var det framleis så fint ute i sola at eg ikkje hadde lyst å gå inn. Dermed vart det ein tur i kjellaren for å henta fram ein solstol, eit bord og med det opna terrassen for sesongen :-).

Og no trur dåke sikkert at resten av kvelden vart tilbrakt i sofaen med Netflix? Tru omatt! Eg skulle på fest!! I mi eiga stove – utan gjester fysisk til stades!

Som så mange andre må vi tenkja nytt for å treffast i desse dager. Kanskje det ikkje er nytt eingong, det er berre vi som er litt treige? Men i går skulle vi altså prøva å ha det litt festeleg – via videolinken på Messenger 🙂

Det gjekk jo strålande! Eg fekk blandt anna vera med ut i hagen og grilla pølser på bålpanna, vi hadde litt konkurranser (og fekk stadfesta at eg ikkje er særleg musikalsk), og etter to flasker bobler her i huset….

…..såg vi slik ut (sorry Jorunn). Då var det sikkert lika greit at mobilen byrja å gå tom for straum og vi kunne avlsutta festen 😉

Denne måten og vera festeleg på gav meirsmak 🙂 Trur faktisk vi skal fortsetja med det også etter vi får lov å vera i lag igjen 🙂 Ein slepp å tenkja på sjåfør til og frå, at ein skal ut å gå i all slag ver og vind, ein kan laga mat kun til seg sjølv og ei kan forlata festen kun med eit tastetrykk 🙂 OK, det er jo litt trivelegare å vera samla fysisj, men dette var ei god erstatning 🙂 Vi hadde det i alle fall artig 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.