Pust med magen!

Litt vanskeleg å vita kva ein skal skriva desse dagane, og om ein evt. skal skriva noko. Verden, Noreg og til og med Uskedalen har fått kvardagen «snudd på hovudet». For berre nokre veker sidan las vi om coronaviruset laaaangt borte i Kina – lo litt av div. filmsnuttar som viste folk bli kjeppjaga inn i husa sine og som brukte div. rare saker til å beskytta seg med. I dag må vi vaska oss med sprit før vi entrar lokalbutikken kor vi kan gå mellom reolar som nærast er tomme for blandt anna toalettpapir og Spaghetti a la Capri..

Kvardagen min er ikkje hardt prega av Covid-19 viruset – enda. Det vil sikkert endra seg den komande veka. Eg har gått på jobb som vanleg og på fritida har i grunnen veret, som vanleg, satt ein stoppar for all aktivitet. Eg gjer mitt beste for å slita ut sofaen min – det er jo ein ny på veg. Ein ny sofa som i utgangspunktet skal koma 8.april. Det trur eg sikkert eg kan skyta ein kvit pinne etter no, så eg får berre smørja meg med tolmod 🙂

Men vi føl sjølvsagt alle råd som kjem i frå myndigheitene og Folkehelseinstituttet når det gjeld korleis vi skal forhalda oss til det som skjer rundt oss no. Hendene blir vaska og skrubba titt og ofte, såpass at eg no byrjar bli litt sår. Då eg feira 50 års-dagen min 29.februar, spøkte eg litt med at det kanskje var siste gang vi kunne samlast for fest på ei god stund – lite ana eg då om at det faktisk vart tilfelle. Får eg lyst på bobler i kveld, får eg fint drikka dei aleina – her hos meg blir det ikkje invitert til sosialt samver på ei god stund 😉 På jobben min sit alle som har vore på reis i karantene og framtidige reiser er innstilt inntil vidare. Sjølv har eg ikkje vore lengre enn til Odda i år, og det var heilt tilbake i byrjinga av februar. Eg trur ikkje det kvalifiserar til karantene. Men eg skulle gått Slarverennet 21. mars. Eit skirenn som går i frå Hemsedal til Gol. Det er sjølvsagt avlyst. No har eg ikkje fått trent noko skigåing i år, så eg må vedgå at eg vart litt letta 😉 Det er sjølvsagt synd for arrangørane som har lagt ned mykje arbeid og pengar i planleggjing og utstyr. Eg er klar til å melda meg på att til neste år – det gjer ingenting om eg då må gå med starnr. og T-skjorte det evt. står 2020 på 🙂 Nokre tusenlappar forsvann opp i det blå, men det står eg i når ting er som dei er.

Eg er ingen ekspert, men er det eit lite utslag av at vi er for godt vane med demokrati og friheit som gjer seg gjeldane blandt ein god del av befolkinga no? Til dømes hytteigarene? Det er greit å fylgja råda ein får – så lenge dei passar meg? Eg veit jo sjølv best? Eg gjer som eg vil? Så når myndigheitene og div. ordførarar ber på sine kner om at vi ikkje skal reisa på fritidreiser og hytta – då gjer vi stikk motsatt? Vi har rett og slett ikkje nok respekt og/eller er vane med å gjera som vi får beskjed om av myndigheitene? I mitt hovud er det heilt irrelevant om du er smittefri, har handla med deg alt du treng av mat, berre skal bevega deg rundt di eiga hytte etc. Har du fått beskjed om å halda deg heime, ja, då held du deg heime!

Ser no at enkelte kommunar vel å kutta ut å brøyta vegen fram til hytter. Eg har ein på loftet som er heime på friveke. På mandag skal han til fjells for nye 3 veker som brøytevakt. Eg trur ikkje dei har innført brøytestopp der han er – enda i allefall. Eg håpar sjølvsagt ikkje at han blir utan arbeid, men at dei får nok å gjera andre plasser enn i hyttefelta. Det er, heldigvis for han, ikkje mor som tek desse avgjerslene 😉

Og så må eg vedgå at eg sit litt i glashus. Her i huset er det nemleg slik at dei 3 vekene guten er på arbeid, då prøver mor å eta seg ut av kjøleskap, fryseboks, vanlege skap og skuffer. Den veka han kjem heim – då er det på tide å hamstra inn mat og fylla opp att. Denne gongen vart jo det full krasj med råda om å IKKJE hamstra. Eg starta jo den hamstringa allereie på mandag…Og ja, eg såg teikna allereie då, så eg hadde litt meir i korga enn eg hadde tenkt. Ein ekstra liten pakke toalettpapir, f.eks 😉 Eg veit ikkje kvifor akkurat DET er det verste vi tenkjer vi kan gå tom for, men det er visst opp og avgjort – toalettpapir er det viktigaste vi må ha på plass i ein krisesituasjon. I tillegg har eg hamstra litt mat som guten skal få med seg på jobb att. Litt sånn hysterisk mor – vil ikkje at han skal springja på butikken kvar dag berre fordi han får lyst på ei cola eller er tom for toalettpapir….Når det er sagt – eg har ikkje hamstra hermetikk for fleire år frametter, og eg må sikkert få tak i meir toalettpapir før vi bikkar april…

Men oppi alt dette her, er det, som fleire har presisert, viktig å pusta med magen. Dei fleste av oss har framleis lov å bevega seg utanfor døra. Eg f.eks er så heldig å ha skauen rett ovanfor heimen….

…og med sola på plass lot eg virus vera virus for ei lita stund i dag 🙂

Så fin låg Ulvanåso med snø i sola då eg kom opp til Ådnaklett 🙂

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å gå opp til Storhaug og ned skogsvegen i dag. Men eg ombestemte meg kjapt. Det blas godt i tretoppane og eg ana at det kom til å bli enda verre lenger oppe på fjellet. Eg fann ut at det var fint nok der eg var 🙂

Sjå kor det bles på Englafjell!

Nei, eg er ikkje på hyttetur – denne er ikkje mi 😉 Eg er ikkje lenger vekke..

….enn at eg kan kikka heim 🙂 Dvs. det er litt for mykje skog til at eg ser huset mitt, men det ligg no der nede ved foten av denne toppen 🙂

Her var det fint i dag. Utpå kanten her blas det ikkje i det heile tatt, så her var ein litt i le. Sola, som vi knapt har sett så langt i år, varma godt no… 

….der ho skein frå blå himmel 🙂

Uskedalen

Det er stregt tatt ikkje naudsynt å ha med seg hverken drikka eller mat på ein liten pingletur som dette, men eg hadde jo i utgangspunktet tenkt meg på ein lengre tur. Så, ei solbærtoddypause i sola, vart det 🙂

Eg kunne kikka ned på butikken og konstantera at der såg der relativt roleg ut i dag – i forhold til på torsdag, i allefall. Det slår meg ellers at på gravplassen i Uskedalen ligg ein ikkje heil på rekkje og rad…

Etter ei lita stund med slik filosofering tok eg beina fatt inn i skogen igjen…

…og gjekk heim att ned denne skogsvegen.

Det vart ikkje så lang tur, men eg har i allefall fått lufta meg litt i dag 🙂 No får eg inn og lesa meg opp på siste nytt. For alt eg veit kan det vera innført portforbud medan eg har skrive dette innlegget. I såtilfelle skal eg sjølvsagt forhalda meg til det 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.