Som nemnt i mitt forrige innlegg, har eg no passert mine fyrste 50 barneår. Eg har vurdert om eg no skal bli litt meir urban. Byrja å nappa bryn, stella negler, ta på høghæla sko og byrja drikka caffé latte – og kutta litt ned på å springa rundt i skogen/fjellet. Men det får nok bli med tanken, for…
…i anledning dagen min…
…spanderte jobben på meg ein jervenduk 🙂 Og ikkje nok med det – i år vart Påskeegget bytta ut med ein ny, tøff sekk 🙂
Så hadde eg i dag anna val enn å ta med både sekk og jervenduk på prøvetur i skauen??
Eg vurderte Eikedalen til å vera ein grei plass å leggja denne prøverturen til. Det blas godt ned dalen då eg steig utav bilen. «Uff, skal eg gidda dette?» tenkte eg. Så måtte eg minna meg sjølv på at eg stod der med ein vikingsekk på ryggen og var utstyrt med jervenduk – ville det ikkje vera litt pinglete å springa heim på sofaen no?? Og dette måtte jo vera perfekt ver å prøva jervenduken i 🙂
I stadenfor å fylgja vegen mitt i dalen, tok eg til høgre bort denne skogsvegen. Dette har ikkje vore noko naturleg val for meg når eg skal gå tur i Eikedalen, så eg har berre gått her eit par gonger tidlegare.
Eg trur faktisk vegen er blitt forlenga litt sidan sist eg gjekk her…
….og no stoppar den midt i stien frå Padlane til Flåtene 🙂
Eg gjekk berre nokre meter til på stien mot Flåtene, før eg fann ut at eg skulle slå leir.
Den nye sekken romma meir enn ein skulle tru – eg hadde ikkje berre fått plass til jervenduken, eg hadde jammen plass til hengekøya og 🙂
Den hang eg opp tvers over stien 😉 Eg antok sjansen for at det skulle koma nokre andre denne vegen i dag som minimal. Og skulle det koma nokon ville dei i allefall få seg ein god latter 🙂
Dingla litt her og såg på utsikta, før eg tok til med hovudoppgåva i dag: Å sjekka ut jervenduken 🙂
Eg har aldri hatt ein jervenduk før, og her var det glidelåser og hull i endane og div. å finna utav. Eg opna fyrst i eine enden, slik at den nesten vart som ein sovepose…
….surra meg inn i den og la meg så lang eg var i køya..
Så spotta eg ein liten glidelås, og så ein liten glidelås til. «Hmmm… det var no merkeleg at det var laga hol til beina der??» tenkte eg, før eg litt beskjemma innsåg at eg hadde tredd duken på meg opp ned – og at det var hol til armane 🙂 Utav køya, maska litt på, fekk snudd duken og tredd armane ut dei små glidelåsane. Sånn ja, det vart betre. No stod eg der i noko som såg ut som ein kjole som var minst 5 nr. for stor, men den var i allefall rett veg 🙂
No kunne eg sitja meg godt til rette i køya…
…laga meg litt tomatsuppe og ein kopp solbærtoddy…
….før eg kvilte litt middag medan eg kikka opp i tretoppane.
Sånn ca. 2 min. hadde eg tolmod til å kvila 🙂 Det såg ut som om det skulle koma eit lite veromslag igjen, så eg fann ut eg skulle gjera meg ferdig med dagens tur. Eg fraus litt i baken, men så hadde eg jo og vinden rett opp i rattata frå undersida av hengekøya. Ellers så merka eg fyrst når eg tok av jervenduken kor varm den hadde halde meg, for det var slett ikkje varmt når eg fekk den av! Dermed konkluderte eg med at prøveturen var vellukka 🙂
I det eg skulle pakka jervenduken i sekken sin igjen, datt det ut to mindre dukar som eg ikkje hadde oppdaga tidlegare. «Ååååå, gamasjer!» Eg er litt usikker å kvifor eg heile tida tenkjer på bein når eg bør tenkja på armar….
For å få litt trim utav dagens tur, fylgjde eg no stien vidare mot Flåtene…
….og den var betre enn eg hadde sett for meg. Kanskje det er fleire som brukar denne stien enn eg trur?
Det var kun ein kort tur igjennom skogen, så stod eg på Flåtene 🙂 Eg kom i frå Padlane og tok no stien langs elva ned til Sørestølen igjen. Den kan eg i allefall i blinde, så her var det ikkje noko spanande som dukka opp.
Eg må seia meg nøgd med dagens tur, eg trur faktisk eg skal gå denne runden oftare, for den var ganske fin. Jervenduken skal eg nok og putta med i sekken titt og ofta, og hengekøya skal eg definitivt ta med meg oftare på tur. Eg har kun hatt den meg på overnattingsturar tidlegare, men den er jo super å ha med seg på små dagsturar óg 🙂