Kor blir dagane av? OK, dei fleste mine har fordufta i jobb og uhorveleg mykje sofasliting den siste månaden – mykje vera takka det ufyseleg veret vi har hatt. Vi må vel snart ha fått dosen vår for heile 2020!
I tillegg har det gått med noko tid på å planleggja den åreleg Fest og Basaren som gjekk av stabelen forrige laurdag 🙂 I år «kuppa» eg den litt og slo den saman med 50-års feiring – faktisk min eigen 50-års dag! Og då klør eg meg litt i hovudet igjen – kor blir dagane av?? Ikkje berre dagane, men åra??? Men det er vel ikkje anna å gjera enn å ta det innover seg – 50 år altså, kven skulle tru det…
Okksom, i går vart det endeleg ein dag med opphaldsver. Det var så vårleg og fint då eg kom heim frå jobb, at eg kun var innom å pakka tursekken. No var det på tide å koma seg ut på tur i finveret, nyta dagslyset og få trimma den 50 år gamle kroppen 🙂
Eg brydde meg ikkje med å køyra nokon plass for å gå tur i går – eg gjekk berre opp i skogen bak huset mitt 🙂 Fylgde skogsvegen som går forbi løa ovanfor meg til endes. Trakka så rett over ein bakke..
….til eg kunne klatra over her. Deretter kunne eg fylgja stien som kom frå Halsatoppen mot Ådnaklett.
Dette er ein fin alternativ veg hvis ein ikkje vil gå igjennom Halsane og opp på Halsatoppen.
Lyst, grønt og mykje fuglekvitter – fekk skikkeleg vårfølelse 🙂
Ådnaklett! Eg var sliten allereie her, men det frista ikkje å gå heimatt enda, så eg fortsatte mot Storhaug.
Det gjekk ikkje så veldig lang tid før eg måtte tråkka i snø.
Eit par obligatoriske bileter når ein er på veg opp mot Storhaug 😉
Eg prøvde å kikka etter om eg kunne få auga på nokre skiløparar på veg opp Ulvanåso, men eg såg ingen. Eg trudde kanskje det skulle vera nokon som prøvde seg på den turen, så fint som det var i går. Men kva veit eg, kanskje det er fare for snøskred? Eller kanskje det berre var eg som ikkje fekk auga på dei – synet til ein 50åring er tross alt ikkje som det eingang var 😉
Eg orka/gadd ikkje gå heile vegen bort til Storhaug då eg var komen opp fjellsida. Eg bestemte meg heller for å ta turen ut på Kjellhaug. Der var det ingen som hadde tråkka spor før meg, så det var vel igrunnen meir strevsomt å kava seg denne vegen i snøen, enn det ville vore å fylgja spora bort til Storhaug…
Spor etter ei med litt tyngde…
…og spor etter ein/ei som er litt lettare på foten;-)
Endeleg fekk eg tråkka meg bort til varden…
….og med denne utsikta, var det jo verdt å streva litt 🙂
Sidan eg ikkje hadde tatt meg tid til å eta middag før eg la i veg, tok eg ei pause her…
….for å slurpa i meg Toro Rett i Koppen kyllingsuppe 🙂 Den smakar sjølvsagt ikkje lika godt som heimalaga kyllingsuppa, men som kjapp turmat er den heilt grei 🙂
Det var ingenting å seia på middagsutsikta i allefall 🙂
Eg pakka saman så snart eg hadde fått i meg suppa. Sjølv om det framleis var lyst å fint, visste eg at eg ikkje kom til å klara å koma meg ned att før det vart mørkt. No hadde eg jo sjølvsagt tatt med hovudlykt, så eg var ikkje redd for at eg skulle enda opp virrande i skogen og ikke vita kva som var opp eller ned 😉
Eg fylgjde same veg ned som eg kom opp. Heldigvis kom det eit par opp medan eg var på veg ned, slik at det var tråkka betre spor. Det hjalp veldig, for det var ganske glatt å gå ned.
Eg rakk ned til Ådnaklett igjen før eg måtte ta på hovudlykta. Eg må vedgå at ting ser litt annaleis ut inni ein granskog når det blir mørkt, men eg er no såpass kjent at eg visste kor eg skulle gå. Og det skal jo litt til for å tutla seg vekk på veg ned mot Halsane. Det ville i allefall vore ytters pinleg om ikkje eg skulle finna fram på stien eg sjølv har merka med raude T-ar…..
På veg ned den siste skogsvegen igjen, kunne eg nyta kveldssynet av Uskedalen…
Dette var ein fin tur – og så godt å få nytta/nyta ein ettermiddag stort sett i dagslys. La oss håpa vi kan få nokre fleire slike dagar før det er på an» igjen med regn og vind 🙂