Roadtrip to Røldal!

Ingen overraskelse utanfor soveromsvindauga når eg kikka ut i dag morges heller – bikinien vart liggjande i skuffa, slik den har gjort i heile sommer, og solstolen kan framleis selgjast på Finn.no som «fint brukt». Turkompisen min har øydelagt foten, så kva skal ein då finna på?? «Biltur», tenkte eg – då treng ein jo ikkje bruka føtene…

Då eg sendte mld. til Ann Irene, fekk er til svar at ho allereie sat i Odda og venta på å koma inn for å ta røntgen. Men, påstod ho, der var det skya og eit glimt av sol. Det tok ikkje lang til før eg og var på veg til Odda….

Og ikkje veit eg, men Odda er,av ukjente grunnar for meg, populært om sommaren. Eg har jo ikkje tålmod til å leita så altfor lenge etter parkeringsplass, så då stilte eg meg rett og slett opp på Shellstasjonen til haltepinken dukka opp. Heldigvis hadde ho ikkje fått påvist den altfor store skaden, men nokon fjelltur med det fyrste blir det ikkje!

«Kva skal vi finna på no???». Eg trur ingen av oss var lystne på å gå bort i folkemylderet i sentrum, dessutan hadde eg tatt med meg regnet heimante…»Tja, dei har ei stavkyrkje i Røldal…» ymta eg frampå. «Har dei STAVKYRKJE i RØLDAL?!», svar Ann Irene. Det er lett å gløyma når ein drar på alderen, men Ann Irene har faktisk vore på omvisning i den kyrkja då vi var på skuletur til Røldal i 7. klasse…

Sidan vi ikkje kom på noko betre, bestemte vi oss difor for å køyra til Røldal. Litt usikker på om Ann Irene tykte eg køyrte for fort eller for seint i svingane oppover Skare, men ho sat i allefall på sida av meg og laga lydar som «hviiiiinnnn», «kviiiiiiiiin» (ein Prius lagar sjølvsagt ikkje slike lydar anten det går fort eller seint). Men ho var sjølvsagt einig i at det ville sett toskete ut om nederlendaren framfor oss skulle få køyra i frå oss oppover….

Vel framme i Røldal, køyrte vi ned fyrste og beste veg vi kom til. Vi fann ingen stavkyrkje der, men…

IMG_1388

…dei hadde i allefall ei utstilling der. Litt usikker på kva utstilling iom det berre stod «Utstilling» på skilta. Vi måtte sjølvsagt nett kikka inn, men vart ikkje så mykje klokare då. Kan det rett og slett vera at vi ikkje las nøye nok på oppslaga?

IMG_1389

Han her stod rett innanfor døra, så då vi køyrte vidare hadde vi ein liten diskusjon på kva ein viking gjorde så langt i får havet?

Etter dette kulturelle innslaget prøvde vi å køyra ned nok ein veg, og då kom vi rett på…

IMG_1411

…stavkyrkja. (Legg merke til at vi har fått med oss eit glimt av blå himmel i dag)

IMG_1410

Ann Irene måtte sjølvsagt posera framfor kyrkjeinngangen. Ho huska framleis ikkje at ho hadde vore her før. Derimot vart ho i fyr og flamme då ho såg skulen i Røldal – «Huskar du då vi var der?» Det måtte eg vedgå at eg ikkje gjorde…

A

Vi måtte sjølvsagt inn å kikka når vi fyrst hadde køyrt denne lange vegen. At eg skulle betala kr. 40,- for å koma inn i kyrkja i Røldal hadde sete langt nede på gjettelista hvis nokon i dag tidleg hadde bedt meg gjetta på kva eg skulle gjera på i dag 😉

IMG_1402

Det stod oppslag om at det ikkje er lov å skriva eller rissa i kyrkjeveggene – slike oppslag hadde dei nok ikkje før i tida 😉

IMG_1404

Oh, store lykke – dei hadde jo bok vi kunne skriva oss inn i her og 🙂

Ferdige med omvisninga vår i stavkyrkja fann vi ut av vi sikkert hadde sett det som var å sjå i Rødal, så då returnerte vi til..

IMG_1416

Røldal Terrasse og inntok middagen der. Det vart laks på Ann Irene og hamburger på meg 🙂 (Her hadde dei faktisk ein House of Hygge krok – intern melding til Magnhild og Jorunn)

IMG_1415

Utsikt i frå terrassen. Vi har passert eindel fossar i dag, men sidan eg var sjåfør har eg fått tatt ytterst få bileter av dei.

Vi har snakka om å ta turen til Buerbreen i år, og då var det jo heilt naturleg å køyra inn til Buer og rekognosera litt før vi køyrte heim att. Oij, oij, oij, for ein smal veg fram til parkeringsplassen! Eg fekk vist fram både passerings- og ryggeferdigheitene mine – heldigvis traff vi ikkje altfor mange biler. Eg som nettopp har fått flett ny bakstuss på Priusen føl godt med på alle som prøver å snirkla seg forbi meg på smale veger…

IMG_1430

Kan dette vera utsikt mot Reinanuten (1296 moh)? Vi må nok opp dit eingong og – sikkert flott usikt mot brea.

IMG_1427

Utsikt mot Buerbreen. Ser ut som ein overkomeleg tur – ikkje kjempelang, men litt bratt. Litt usikker på om det er sola eg har fanga bakom skyene her, eller om det er skit på linsa 🙂

No var vi vel nøgde med roadtrippen vår for i dag, så då var det berre for meg å svippa Ann Irene innom Shellstasjonen på bilhenting, så kunne vi køyra siste etappen heimatt kvar for oss.

Så får vi sjå om det vert fleire bilturar på oss denne veka. Når YouWho har byrja selgja jakker med pels på kragen allereie i juli, er det vel fleire enn eg som har gitt litt opp håpet om at sommaren skal dukka opp…..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.