…var det vi vart tildelt i går. Heldigvis klarte vi å nytta den «rette» halvdelen godt 🙂
Ann Irene ville på blåbærplukketur i Blådalen. Med øydelagt fot er det ein grei plass for slik aktivitet då det berre er til å gå utav bilen og byrja å plukka 🙂 Eg, for min del, ligg laaaaaaangt foran Ann Irene i løypa, og har allereie plukka min andel og har fått dei…
lagt på sprit (så no gledar eg meg allereie til jul 😉 ). I tillegg har eg…
…fylt opp frysaren med blåbærcupcackes 🙂
Men eg hadde ikkje noko betre å ta meg til i går, så eg vart med for turen sin del og for å vera nisteansvarleg 🙂
Vi køyrte fyrst litt sightseeing opp den «nye» vegen til Verthus. Her har vi berre vore til toppen før, men no køyrte vi vegen til endes for å sjå kor langt vi kom. Det var jo ikkje så veldig langt, eigentleg, og vi returnerte til denne fine..
…rasteplassen. Kan og brukast til modelloppdrag (både plassen og Ann Irene).
Det er veldig fint her oppe. Om dåke ser veldig godt etter, ser dåke og sikringshytta på andre sida av vatnet.
Noko blåbær, derimot, bugna det ikkje av her oppe, så då måtte vi køyra litt lenger ned i dalen igjen. Der fann vi ein skråning som…
….hadde meir enn nok blåbær på by på 🙂
Ann Irene satt i gang med å fylla boksen sin…
….eg skulle berre ha nok bær til å røra litt syltety 🙂
Eg hadde plukka dei bæra eg trong lenge før Ann Irene var ferdig med å plukka sine blåbær. Så medan ho fortsatte med plukkinga, sat eg i vegkanten og rørte syltety, for så å ta med meg nistekorga/frysebagen ned i elvekanten og gjera klart til eit betre måltid.
Eg har venta i heile sommar for å få ta denne i bruk – endeleg fekk eg anledning 🙂 Denne er stor og god, og eg får plass til det meste.
Vips så hadde eg dekka på 🙂 (Og nei, vi vart ikkje smalare rundt livet i går, heller)
Etter ei stund dukka Ann Irene opp, og då kunne eg setja i gang med å varma…
…pannekaker på stormkjøkenet…
….som så skulle etast med med nyrørt blåbærsylety og krem 🙂
Mmmmmmm….dette er nista si det 🙂 Kan nesten ikkje få noko betre enn dette 🙂
Etter å ha ete oss god og mett, pakka vi i saman sakene våres. Akkurat i det vi kom oss i bilen…
….var det på an» igjen med regnet!
Denne turen får vi seia at vi «tima» heilt rett med tanke på veret 🙂 Vi får vel nesten vera nøgd med kvart minutt vi får opphaldsver no etterkvart…
Om du ikkje har fått plukka det du treng av blåbær enda i år, så er det enda rikeleg med bær å plukka innover Blådalen 🙂