…på sjøen igjen! Det har vorte særs lite padling hittil i sommar – det har anten vore drittver eller for mykje bylgjer. (No er det jo ikkje akkurat slik at den lille gule har lege tørr på land heller, så heilt utan vannkjenning har han no ikkje vore…)
I går kveld, derimot, såg det ut som om det kunne bli ein fin kveld på havet, så då heiv Magnhild og eg oss rundt. Planen var å padla til Skorpo og så gå opp på Skorpefjellet.
Klar for avgang Skorpo 🙂
Finare og stillare enn dette kan det jo nesten ikkje bli. Og nei, eg er ikkje heilt ute av kurs – har berre snudd snuten mot Gavelen for biletet si skuld 😉
Det gjekk lett som ein plett å padla til Skorpo i går. No er det jo ikkje lange biten over, heller.
Nærmar oss landkjenning.
Vel borte på Skorpo drog vi kajakkane godt opp på land og gjorde oss klare for neste etappe til…
Skorpefjellet.
Ein treng berre gå eit lite stykke i frå stranda før ein kjem inn på ein greit merka tursti mot Skorpefjellet. Når ein har gått forbi den øverste garden byrjar ein å få fin utsikt…
…..heim mot Eik 🙂
Som dåke ser hadde vi her framleis sola med oss, men no varte det ikkje lenge. Vi såg det seig innover oss og i det vi entra skogen byrja det sjølvsagt å regna. Temperaturen var ikkje så ille så til å byrja med gjorde det eigentleg berre godt. Det var berre det at denne byga vi trudde skulle forsvinna lika fort som ho kom, ikkje forsvann…
Utsikt mot Rosendal…
….og mot Tysnes.
Våtare og våtare vart vi, og etter ei stund syntes vi ikkje regnet var så triveleg lenger. Ei stund prøvde vi å stå under ein bitteliten bergknaus, men det var litt for mykje mygg der til at vi orka stå der. Vi burde kanskje ha skjøna teikninga allereie der…
Endeleg oppe på toppen med utsikt over Uskedalen og omtrent midt i biletet: Festidalen jordet. Og, vi kan gå god for at lydanlegget kjem til å fungera bra i år og 😉
Obligatorisk posering på toppen av Skorpefjellet.
Men kor lenge var Adam i Paradis? Vi hadde ikkje vore her lange stunda før vi byrja slå rundt oss, blunka, spytta og ukvemsorda hagla. Det var rett og slett så mykje mygg og knott her at det var umogleg å bli verande. Det var berre til å få på seg det ein hadde av kler og koma seg vekk fortare enn svint. Eg trur aldri eg har opplevd maken!
Magnhild prøver å slå og trampa ihel all myggen og knotten 🙂
Heilt ned i «botn» på stien og den mørkaste delen av turen kom vi før vi våga ta ein pause. Her var det heldigvis heilt fritt for plagsome insekter, så då kunne vi …
…ta ei pause og eta opp nisterestane frå blåbærplukkedagen på onsdag. Smaka lika godt i går og 🙂
Ferdig med pausen vår, var det berre å tusla seg ned siste stykket til stranda igjen og ta fatt på padleturen heimatt. Heldige som vi var, slutta det nesten å regna, og vi kunne padla heim i lett duskregn.
Magnhild i fint driv på heim 🙂
Alt i alt hadde vi ein fin tur – set ein liten minus på mengden mygg og knott….