Festidalen 2016!!!

Ja, då var det gjort – årets happening i Uskedalen er over for denne gang. Publikum strauma til som aldri før og Vårherre spela endeleg på lag med arrangørane igjen 🙂

No har eg vorte så gamal at det ikkje er noko must for meg å delta på Festidalen – er ser musikken an. I fjor hadde dei ikkje nokon på programmet som eg måtte sjå, så då hoppa eg galant over heile festen. I år derimot slo eg til og sikra meg festivalpass fleire månader på førehand 🙂 Og ikkje berre det…

IMG_1499

…..då fredagen kom var eg skikkeleg klar for ein kveld på Dønhaugjordet – nye støvlar og regncape just in case og ei Låganåsoøl som oppvarming…

IMG_1504

….og litt anna oppvarming 😉

IMG_1507

Lukka er å ha ei venninne som er næraste nabo til festivalområdet 😉

Festidalen var allereie godt i gang då vi entra jordet fredagskvelden. Og for eit folkeliv! Til tross for mange ukjente fjes, fann vi rask nokre slektningar på jordet vi slo oss ned med. Det vart mykje lått, løye og rølp og vi får vel vedgå at musikken kom litt i bakgrunnen – ei stund 🙂

Eg fekk med meg at The Dogs kom på scena og med Kristopher Schou på vokal hadde eg absolutt ingen forhåpningar om at dette skulle vera noko musikk for meg. Men eg tok meg i å…

IMG_1514

….høyra etter med eit halvt øyra. Positivt overraska – dette var jo til tider litt tøft 🙂

Eg hadde litt meir forhåpningar til Miss Tati. Har høyrt ho litt på radio og forventa at ho skulle koma på Festidalen som eit lite fyrverkeri. Det kan det godt henda at ho gjorde og, men eg gløymte no heilt å både sjå og høyra etter når ho var på scena. Eg reknar med at eg akkurat då var mest opptatt med å (nesten) bestilla meg ein minigris….

Eg synes dei hadde eit ganske OK program i år, sjølv om det eigentleg berre var ein kar eg SKULLE høyra – Timbuktu!  Og brått stod han på scena – lille, store TIMBUKTU!

Og då var det på tide å menga seg med resten av publikum og la seg riva med.

A

B

C

Eh..ja, eg var visst flittig med kamera…

Dette var konserten sin det!! Eg vil nesten setta den på favorittFestidalenkonsert lista mi. Sivert Høyem står framleis øverst (den kan kanskje ikkje slås) og så har eg The Darkness som nr. 2 – for ikkje berre hadde dei bra musikk, eg trur og eg lo meg i gjennom heile konserten 🙂 Timbuktu får difor nøya seg med ein 3.plass, men det må jo vera bra det og 🙂

Filmklipp:

Timbuktu på Festidalen

Timbuktu fekk tida til å stå stille…

Eg var veldig nøgd med det eg høyrte og såg, og eg trur kanskje det gjekk utover alle rundt meg 😉 Eg hadde nok kanskje fått utdelt ein dråpe for mykje lykkerus denne kvelden…;-) Pytt, pytt, det er jo ikkje så ofta ellers eg lar meg riva med på dette viset…Det var nok heilt greit at eg har eit lite stykke å gå heim, slik at eg fekk lufta meg litt før eg fann køyen…

Men Festidalen var jo ikkje ferdig med dette – det gjenstod jo ein dag. Vamp skulle spela allerie kl. 16, og eg lurte ei lita stund på om eg skulle gidda å gå bort allereie då? Eg likar no Vamp eg, så då Ann Irene hadde tenkt seg opp å høyra på dei, bestemte eg meg for å slå fylgje. Og vi var slett ikkje åleina – eg har aldri sett så mykje folk på jordet så tidleg på dag før.

IMG_1587

Smekkfullt allerie på fyrste konsert kl. 1600 🙂

Eg ser Vamp får mykje skryt for konserten, men diverre falt ikkje dette i smak hos meg. No har eg ikkje fylgt så mykje med på dei dei siste åra, men i går vart det for mykje ukjente sangar for meg – sangar som ikkje gav meg nokon ting. Ikkje berre var sangane ukjente – det vart litt for opprocka – dette er ikkje den Vamp eg vil høyra på. Toft skal få eit plusspoeng for underhaldninga og den underlege skruen har virka å vera 🙂 Sånn ellers så var nok dette årets skuffelse for meg. Vi byrja etterkvart å kjeda oss slik at vi heller byrja virra rundt å kikka etter kjentfolk vi kunne sladra litt med…

IMG_1585

Toft fortel om korleis det har vore å veksa opp utan både hake, hals og skuldrer…

Det var jo framleis tidleg på kveld då Vamp var ferdig med sin konsert. Så tidleg at vi tok pause for å gå heim å kvila oss litt og ikkje minst finna fram varmare klede. Det var opplett igår og, men slett ikkje noko sommarvarme – sjølv om sola skein då eg var klar for å gå bort att.

IMG_1592

Dei som stod på scena så tidleg som dette, må ha hatt ei fantastisk utsikt 🙂

IMG_1593

Flott, men kald kveld.

IMG_1594

Om det var mykje folk på jordet på fredagen, så var det enda meir på laurdag – det aula overalt 🙂 Eg antar dei fleste hadde Susanne Sundfør som det store trekkplasteret denne kvelden, sjølv hadde eg ikkje nokon spesielle favorittar.

Vi må vel vedgå at vi var litt meir dempa denne kvelden  – i allefall eg. Vi fann ein flekk å rulla ut pleddet på og der vart vi stort sett sitjande å kikka på folket og prøvde å fylgja litt med på musikken. Då Susanne omsider kom på scena rulla vi pleddet saman og gjekk nærare for å få med oss konserten.

IMG_1599

Laaaaangt der framme – Susanne Sundfør på scena.

Om ikkje dette er heilt min type musikk, så er dette ei dyktig dame! Og for ei stemma!! Eg trur og ho fekk den aller beste lyden under Festidalen i år. Publikum hoppa, klappa og sang med 🙂 Og så hadde du sånne som oss som byrja gjespa kvar gong ho sat seg ned ved pianoet og sang noko roleg…Fyrst lurte eg på om det berre var oss, men så snudde eg meg og såg folk stå og gjespa oppover heile bakken bak meg – det var greit å sjå at det ikkje berre var vi som var byrja bli utsleten etter ei lang, festeleg helg 🙂

Susanne Sundfør på Festidalen (trykk for å sjå film)

Susanne Sundfør gjennomførte ein flott konsert, men vi var litt glad då ho var ferdig. Eg fraus slik på beina at ein skulle tru det var midtvinters og eg var meir enn klar for å finna køyen igjen.

No gjenstod det berre å få med seg det fantastiske avslutningsfyrverkeriet!

Festidalen 2016 er slutt! (Klikk på lenkja for å sjå fyrverkeriet)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.