I går fekk vi endeleg ein dag med sol og fint ver – det var på tide 🙂 Etter jobb og middag kroa eg meg godt til i solstolen ute på trappa. Tenkte at eg kanskje burde gå meg ein tur i skogen, men blei einig med meg sjølv om at eg rett og slett skulle bli der eg var. Vakna av at telefonen ringer og Jorunn er på tråden…
«Magnhild og eg vil padla på Møsevatn – er du med?» Seier ho. «Nja, eg tør ikkje padla der utan tørrdrakt», svara eg. «Du kan låna Svein Vidar si!». «Ok, men eg gruar meg litt til å køyra Priusen opp den siste bratte bakken.» «DET klarar Priusen fint – har du fleire unnskyldningar???» Det hadde eg sikkert om eg hadde fått tenkt meg litt om. Men det var jo rett og slett ikkje aktuelt og å la tøttene padla på Møsevatn utan meg, så før eg visste ordet av det var kajakken komen på taket og eg i ullkler….
Plukka opp Magnhild på vegen og så bar det strake vegen inn i Blådalen – så langt ein kjem, faktisk!
«Skal dåke til Møsevatn?Bæ-bæ?» «Har dåke noko godt? Bæ-bæ»? Eg trur det blir rimeleg enkelt å henta sauene heim frå fjellet i år – eg trur samtlege står klar i vegen allereie – og då meiner eg bokstaveleg tala I VEGEN!
Priusen hadde sjølvsagt ingen problem med å køyra opp til Møsevatn 🙂
Det var ein flott kveld på ved Møsevatn og framleis sol enkelte plassar då vi kom opp litt over kl. 1900. For ikkje snakka om vatnet – som låg speilblankt! Eit lite vindpust på land, men heilt stille ute på vatnet.
Vi fekk kajakkane på vatnet og sikta oss inn på Møsebreen 🙂
Og her må eg advara dåke – no kjem det ein overdose med bileter av fantastisk flott norsk natur og 3 padlande damer – flotte dei og, sjølvsagt 😉
Tru meg, eg ser ikkje halvparten så istappa ut som eg følte meg 🙂 Hadde ein tirade om kvifor flytevesten måtte vera så stram og så inn i hampen langt opp i halsen, men fekk inga trøyst. «Du veit du kan justera selane?», kom det i frå Magnhild. Eg lata som om eg ikkje høyrte ho….
Eit lite isfjell dukka opp og vi måtte bort å kikka.
Då dukka denne karen opp og 😉
Dette gjekk jo strålande 🙂
Vi var komen eit godt stykke på veg då eg kvakk til av ein motorlyd bak meg. «Kva svarte??? Er det nokon som har satt båt med motor på vatnet??» Men det var nok ikkje nokon båt – vi måtte kikka opp istadenfor. Eg hadde heilt gløymt at Jorunn hadde sagt til Svein Vidar at han burde filma oss med drona si – no hang ho der i lufta over hovudet på oss 🙂 Eg har allereie høyrt at filmen vart bra – noko anna ville no og ha forundra meg med tanke på rollebesetninga 😉 Eg gledar meg i allefall til å sjå den 🙂
Nærmar oss Møsebreen no.
Mektig syn!
Nærare breen enn dette padla vi ikkje. Ein veit jo aldri kortid den vil kalva, så litt avstand får ein halda. Det var ingen av oss som var interessert i å bada. Ikkje var vi her så lenge heller. Berre lenge nok til å svinga rundt det vetle isfjellet og ta litt bileter. Det var nemleg ganske så kaldt her, så nære breen. Eg, for min del, hadde tatt på litt for tynne sokkar i tørrdrakta og no var eg ganske så stivfrosen på tærne..
Eit lite isfjell til, som vi passerte på tilbakevegen. Når eg tenkjer meg om, var det der når vi padla inn og. Det var ingen isfjell som brått dukka opp i går…
Ser det ikkje idyllisk ut?
Om det var fint å padla mot Møsebreen, så var det ikkje noko å seia på utsikta på tilbakevegen heller! Sola var på veg ned, månen var oppe og fargen på himmelen utruleg flott. I sånne augneblink synes eg det er litt dumt at eg ikkje tør ta med speilreflekskamera i kajakken…
Anita padlar inn i solnedgangen, eller noko slikt 🙂
Ja, det var jammen ein flott tur! Vi kunne jo ikkje ha vore heldigare med «føret». No er det ikkje så ofta eg er her inne, men eg trur aldri eg ha vore her utan at det ha vore kald vind og bylgjer på vatnet. Vi kjem nok til å padla her fleire gonger 🙂