Svelgabreen, ja, nei, kanskje??

Under padleturen sist torsdag bestemte Magnhild og eg oss for at vi ville sjå meir isbre og at vi ville ta turen til Svelgabreen på søndag. Eg har tatt turen ein gong før, men for Magnhild var dette fyrste gang.

Vi bestemte oss for å ta ut litt tidleg på dag, då vi veit dette er ein lang gåtur. Det var yr/regn i veret då vi starta, men heilt grei turtemperatur. Og så håpa vi jo at sola skulle koma fram…

J

Ut på tur, aldri sur 🙂 Vi brydde oss ikkje om at det var yr i lufta då vi starta turen.

Dei som er kjente i området ser sikkert at vi juksa litt og byrja turen oppe ved Møsevatnet og ikkje nede ved vegen der turen er skilta. Hvis ein kjører opp til Møsevatnet, går langs demninga og føl stien på andre sida sparar ein seg for ei fjellside. Det tar ikkje så lang tid før stiane møtes og ein går over på samme sti mot Svelgabreen.

IMG_1686

Utsikt mot Møsebreen – frå land denne gangen 😉

Vi valgte å gå den stien der ein går over ei bru heilt oppe der elva startar. Den er anbefala om det er mykje vatn. Sidan vi ikkje veit kva som kvalifiserar til mykje vatn, gidd vi ikkje gå ned langs elva for så å finna ut at det er for mykje vatn til at vi kjem over. Difor er det lika greit å velgja brua med eingong 🙂

IMG_1690

Vel ein å gå denne vegen må ein då belaga seg på å gå ned denne bratte fjellsida, men det er og den lengste nedoverbakken på heile turen – og oppover når ein kjem på returen.

I går var det ein smule krevande å gå turen då det var veldig vått i stien. Heile turen gjekk på gjørmete sti og over tildels glatte steinar og berg. Då det er umogleg å sjå kva berg som er glatt og ikkje måtte vi nesten føla oss fram. Skoa mine, som skal vera vanntette, var fulle i vatn allereie då vi kom ned denne fyrste fjellsida…

BB

Sist eg gjekk her stod det berre tomme jernstenger rett opp og eg etterlyste tau/kjetting. No var det iallefall komen kjetting i dei, men som dåke ser stod dei ikkje heilt oppreist lenger. (Pga. tung snø??) På den fyrste strekninga kunne vi gå trygt (relativt i allefall) på oppsida av berget. Heldigvis, for vi måtte ha gått meget krokrygga om vi skulle ha halde oss i kjettingen her…

Bortsett i frå fjellsida i byrjinga er det ikkje noko lange oppover- eller nedover bakkar på denne turen.

IMG_1695

Det er litt småbakkar….

E

..og vi går langs vatnet. Her heng eg med øyra då eg måtte bita i meg utsegna eg kom med tidleg på turen – at vi ikkje skulle gå i noko ur…. Vi var her rett på veg inn i ei ur…

IMG_1696

Ein plass må vi meir eller mindre vassa i vatnet.

Sjølv om vi måtte passa på omtrent kvar skritt vi gjekk, så synes eg det gjekk greit innover. Omtrent halvvegs tok vi ei lita matpause og eg fekk vridd sokkane mine 😉 Yret/regnet hadde gitt seg og vi augna ein håp om at sola skulle koma fra. Eit par gonger kom det nokre solstråler igjennom skydekket og då jubla vi som om vi aldri hadde sett sol før – ikkje så langt i frå sanninga, eigentleg..

IMG_1694

No ser vi nesten inn til Kjerringbotn. Ein kan faktisk padla i frå Midtbotnvatnet og heilt inn her – det MÅ vi prøva eingong!

IMG_1699

No byrja vi nærma oss noko. Eit par småtoppar til no og så…

IMG_1700

…låg denne sikringsbrua rett framfor oss 🙂 Vi skulle ikkje bort til denne då stien svingar mot venstre før ein kjem så langt…

IMG_1701

…og så får vi fyrste glimt av målet – Svelgabreen 🙂

IMG_1707

Magnhild ser veldig blid ut her – sikkert fordi ho hadde passert dette litt «ekle» fjellpartiet utan uhell.

IMG_1710

Sjå kor flott!

IMG_1712

«Sjå Magnhild – bort dit skal vi!!»

No gleda vi oss begge til å koma fram til brea, men kom vi til å koma oss bort??? No fekk nemleg Magnhild auga på…

IMG_1715

…..denne!

«Skal vi over den???!! Du sa vi ikkje skulle over noko hengebru!!» «Nei, eg sa vi ikkje skulle over hengebrua vi såg lenger bak oss.» » Eg skal IKKJE over den!» No vart Magnhild morsk. Men skulle vi fram til brea måtte vi jo og over brua. Etter litt lirking vart eg sendt fyrst utpå…

D

….her gjekk eg litt att og fram og hoppa litt i håp om å få lokka Magnhild etter meg. Men ho sat seg bokstaveleg ned å nekta – det var ikkje snakk om at ho skulle over. Ho skulle sitja her og venta på meg medan eg gjekk til brea. Eg var ikkje interessert i å gå resten av turen aleine – og sidan eg har vore her før var det ikkje om å gjera for meg å koma lenger heller. Eg fann ut det var ikkje noko vits i å pusha noko meir. Og rett skal vera rett – på denne sida av brua kunne ein med fordel ha laga til nokre trinn eller eit eller anna å gå på på berget både før og etter ein får tak i wire’ane.

Så då såg det ut som om turen skulle enda her. Vi bestemte oss i stadenfor å gå litt framover på venstre side for å koma litt nærare brea. Vi hadde ikkje gått så veldig langt før Magnhild snur seg og ser seg tilbake. Då ser ho og at det er berg rett under byrjinga på brua og ikkje berre elv. Det endra viss heile saken – då ville ho brått prøva å koma seg over likevel 🙂 Så då gjekk vi tilbake å prøvde på ny. Denne gangen sendte eg Magnhild avgårde fyrst…

CC

Og det gjekk jo så bra! På sokkalesten…

Så då var vi brått på veg mot brea likevel 🙂

IMG_1720

Nesten framme no…

IMG_1723

Framme ved varden og vi måtte sjølvsagt skriva i boka 🙂

Vi såg ingen andre på turen vår i går – hverken framom oss eller bakom oss. Det kan vel vera lika greit for det kan henda dei hadde fått sett litt meir enn det dei var interessert i å sjå. Pga. «føret» måtte vi jo, som eg skreiv tidlegare, vera veldig forsiktige og vi brukte både armar og bein på turen. Eg brukte noko anna og…

IMG_1750

…nemleg stumpen! Slik såg min buksebak ut då eg ankom Svelgabreen i går – det var ikkje berre isen som skein, med andre ord 😉

Heldigvis hadde eg buksebyte med, så eg tok eit raskt klesbyte før eg var klar til å bli….

B

…foreviga framom brea.

DD

IMG_1728

Fantastisk flott! Og blåfargen i isen kom skikkeleg fram i går.

No såg vi fram til å setja oss ned, ta ei god pause og kosa oss med nista vår.

IMG_1733

Magnhild har ikkje firt buksa, dette er berre ein kreativ måte å varma beina på 🙂

Vi hadde ikkje meir enn fått nista fram før veret slo om igjen og det vart skikkeleg surt 😦 Det byrja både å regna og blåsa og her inne ved brea var det ganske kaldt og. Vi bestemte oss difor for å byrja på tilbakevegen og for å gå innom sikringsbua og kanskje ta ei pause til der.

Vi hadde ikkje gått så veldig langt før vi snudde oss og såg at…

IMG_1741

…sola skein på heile brea…

Magnhild spratt over hengebrua lett som ein plett denne vegen – eg høyrte ingen protester 🙂

AA

Og så var vi ved hytta. For å sleppa å vaska etter oss, tok vi berre med oss krakkane ut for ei pause. Men, kor lenge var Adam i Paradis?? Vi hadde no vel ikkje før fått fram termosane våres så slo veret om igjen – regn og vind 😦 Ja, ja, då var det berre til å pakka saman og byrja på den lange turen heim. At vi faktisk kunne gått inn og sett oss tenkte vi ikkje på før vi hadde forlatt hytta….

IMG_1745

Her gjekk eg fyrst begge veger – og fylgde stien til punkt og prikke! Begge gangane snudde eg meg og såg at Magnhild gjekk hakket høgare. «Akkurat ja, kvifor tenke ikkje eg på det…»

EE

«My precious!» Eh..ja, litt lett å mista konsentrasjonen på ein slik lang tur…

Heimettervegen gjekk nok litt raskare enn andre vegen. Regnet gav seg igjen og med litt vind så vart i allefall berga litt tørrare og ikkje så glatte. Magnhild sleit med eit kne og etter ei stund byrja mitt å bli kranglete og. Eg var litt forberedt på det og hadde tatt med stavar. Dei måtte fram før vi skulle opp fjellsida igjen. Oppover og bortover gjekk greit å gå, men då eg var på toppen av fjellet streika kneet heilt ved minste antyding til nedoverbakke.

Eg fekk no omsider kava meg fram den siste biten til bilen eg og. Då var eg meir lei enn sliten, faktisk. Men det må vera lov når ein har vore på tur i …

IMG_1751

7 timar og 43 min 🙂 Vi brukte faktisk heile 3,5 timar inn til brea. Det var nok føret si skuld. Sist eg gjekk turen brukte vi 2,5 timar – og det var eigentleg ikkje det beste veret då heller.

Sjølv om det var litt synd at sola ikkje kom fram, det regna kvar gong vi skulle ha pause og knea svikta, så var dette ein fin tur. Eg skal nok gå den igjen, men mogleg eg skal prøva ein solskinsdag neste gang 😉

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.