Solnedgang og måneskin!

I ei lita veke hadde vi planlagt av vi skulle på padletur gjennom Mjødnasund på Skorpo ved neste fullmåne – som var i går, torsdag. Pga. all tåka som har lege langt nedover fjellsidene dei siste dagane har vi vore veldig spente på om turen kunne gjennomførast. Gjennomførast kunne turen vorte uansett, men noko fullmåne hadde vi vel ikkje sett gjennom tåkehavet. Men, ingen grunn til bekymring – i går forsvann tåka som dugg for sola 🙂

Vi var heile 6 stykker som skulle på padletur i går 🙂 Magnhild hadde fått med kusina Janne og Svein Vidar og Jorunn hadde med pappa/svigerfar Magne. Magnhild og Janne skulle starta i frå stranda til Magnhild, vi andre starta turen i frå skulestranda i Uskedalen. Det blas ein god solgangsbris i går, men….

IMG_1855

….sjå kor fint det vart då vi var klar for padling ca. kl. 20.00 🙂

Vi som starta frå skulestranda var heldige – det var så vidt kome høg nok flo til at vi klarte å koma oss under brua til Holmen. På det viset sparte vi oss ein runde rundt Holmen 🙂

A

Så var bar det strake vegen mot Mjødnasund – i strålande sommarver, for ein gongs skuld 🙂

Lenger framme kunne vi sjå at Magnhild og Janne la ut i frå stranda og rett før vi nådde Mjødnasund var vi alle samla og kunne fortsetja turen i lag.

IMG_1784

Janne, Magnhild og Jorunn nærmar seg Mjødnasund.

Jorunn hadde bestemt av vi skulle igjennom sundet ved solnedgang, men no meinte ho vi padla litt for fort. Men, det viste seg at vi hadde beregna tida heilt perfekt!

IMG_1785

IMG_1787

Spente padlarar igjennom Mjødnasund – kva skjulte seg bakom her???

B

IMG_1790

Ein KJEMPEFIN solnedgang!!! 🙂

Ja, jammen var det flott å koma igjennom sundet å få med seg dette! Det neste som stod på planen var å padla litt langs land for å finna ein plass vi kunne innta kveldsmat. Det var litt røffare sjø på denne sida, men det roa seg når vi hadde padla eit lite stykke. Vi fann ut det var litt for høg flo til å gå i land på den stranda vi hadde tenkt, så då padla vi like godt inn…

IMG_1800

…til det smalaste punktet på Skorpo. Plassen har sikkert eit lokalt namn, men eg anar ikkje kva.

IMG_1806

Lang, lang rekke 🙂

Det som er greit her er at det berre er nokre meter over til stranda på andre sida. Dermed kunne vi gå i land her…

IMG_1809

….og berre dra kajakkane over på andre sida. På den måten slapp vi å padla heile vegen tilbake og igjennom Mjødnasund igjen. Smart 🙂

IMG_1810

Hmmm…kan ikkje huska at denne karen var med på tur?? 😉

IMG_1811

IMG_1820

IMG_1821

Kos i fjøra med spekemat og godt tilbehør. Dette var koseleg 🙂 Einaste minuset = MYGG! Men det var heldigvis ikkje så mykje som på toppen av Skorpefjellet sist Magnhild og eg var der. Ei god stund sat vi her og kosa oss og var spente på om resten av turen kom til å bli som planlagt?

Det neste vi hadde planlagt var nemleg å padla heim i måneskin – det skulle tross alt vera fullmåne denne kvelden. Men kor var månen??? Vi kikka og kikka, men ingen måne dukka opp. Og kor skulle den i tilfelle dukka opp? Nokon syntes å huska at den hang over Ulvanåso når dei var på Festidalen, andre huska nesten ikkje at dei hadde vore på Festidalen eingong.. 😉 Kanskje den var så lav at vi  ikkje kom til å sjå han?

Vi kunne jo ikkje sitja her på Skorpo heile kvelden og natta og venta, så omsider gjorde vi oss klar for å padla heim att. Akkurat i det vi skulle setja oss i kajakkane igjen såg vi at det lyste opp bak nokre skyer – kunne det vera månen? Vi padla ut i frå stranda, runda neset – og der, der såg vi rett på månen! Dvs. den var stort sett gøymt bak nokre småskyer, men den var der i allefall 🙂 Og vi såg den var både stor og full!

No var det og blitt heilt mørkt, så det var godt dei fleste av oss hadde med hovudlykter – greit både med tanke på båttrafikk og anna. Men i går var det heilt stille på sjøen og vi berre «glei» inn mot Uskedalen. Magnhild og Janne tok sikte på stranda til Magnhild – vi andre runda Holmen. (Hadde nok kome oss under brua denne gangen og om vi hadde prøvd).

IMG_1853

IMG_1843

IMG_1854

Det er ikkje så lett å få fine bileter i mørket med mobilkamera, men dåke ser i allefall nok til å skjøna at vi hadde ein fin tur heimatt 🙂

Padling i mørket var ei ny erfaring for alle, trur eg, og det fristar til gjentakelse. I allefall når det er så fint å roleg på sjøen som i går.

Denne turen gjekk heilt etter planen! Solnedgang, roleg sjø, god niste, måneskin og godt selskap – vi kunne ikkje vore heldigare 🙂

( PS! Har stjåle nokre av Jorunn sine bileter og brukt i dette innlegget :-))

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.