Opning av Blådalshytta!

I går var det faktisk mor som drog meg med på tur – ho ville på opninga av den nye Blådalshytta. Det høyrtes jo greit ut, så då var det berre å stå opp tidleg å pakka sekken og køyra i Blådalen igjen. Mor hadde fått med seg kusine Kjellaug, så då var det eg og…

IMG_1878

…desse to damene som var på tur i lag i går 🙂

Når ein skal gå til Blådalshytta køyrere ein til endes av Blådalen, men parkerer før vegen opp til Møsevatn. Så går ein nokre meter opp vegen til..

IMG_1875

…ein ser dette skiltet, og så er ein igang på stien 🙂

I byrjnga går ein littegrann opp..

IMG_1880

…og ned.

Ganske tidleg må ein over ei elv. Det gjekk greit å koma seg over, men her kunne ein vel kanskje ha laga ei lita bru – anten av tre eller lagt steinar litt meir til rettes. No veit ikkje eg om det var lite eller mykje vatn i elva i går, men blir det stort meir vatn enn i går kan det fort bli litt problem med å koma seg over, trur eg.

IMG_1881

Her har mor og Kjellaug kome seg over elva. Som dåke ser var vi ikkje dei einaste som hadde tenkt oss til Blådalshytta i går – det var faktisk ganske mange som var ute i same ærend 🙂

IMG_1884

Utsikt over Blådalsvatnet.

IMG_1886

Så var det berre til å leggja i veg på ein laaaaang spasertur langs vatnet.

Kva skal vi seia om stien? Det var jo omtrent same sort sti som til Svelgabreen – stein, berg og gjørme. Absolutt ein godverssti – eg ville ikkje gått her i regnver. Ein drittsti, høyrte eg faktisk ein som kommenterte då vi var komen fram til hytta. Men det gjekk jo greit å koma seg fram, ein måtte berre passa på og konsentrera seg om kor ein sat føtene.

IMG_1894

Eit par litt krevande plasser hadde ein tilrettelagt med tau. Det var eit par andre plassar ein kunne tilrettelagt litt meir og, synes eg.

IMG_1888

Stien gjekk langs skogkanten ovanfor vatnet heile vegen rundt.

IMG_1891

Vi hadde fin utsikt over vatnet heile tida, men eller så var det jo den same utsikta heile vegen..

IMG_1897

…framover og…

IMG_1904

..bakover.

IMG_1901

Panoramabilete over Blådalsvatnet.

No var vi komen rundt på andre sida – tvers over startområdet. Eg sat ei lita stund og venta på turkompisane mine, som eg såg hadde satt seg ned for ei drikkepause litt bak meg. Etter å ha gått eit stykke til byrja stien gå på opp, og då ville dei ha ei lita…

IMG_1915

…matpause og. Litt påfyll av energi var nok greit å få her, no merkast det at dette var ein lang tur.

IMG_1908

Her er vi komen igang igjen, og ordføraren spratt lett og ledig forbi oss 🙂 Vi håpa at når vi var komen opp denne bakken så skulle vi få utsikt utover vatnet og den nye hytta 🙂

IMG_1916

Rett nok så fekk vi auga på ei hytta når vi kom på toppen, men det viste seg å vera feil hytte – noko vi ikkje skjøna før vi hadde kome oss ned dette skaret. Ser flatt ut her, men dette er altså ein nedoverbakke.

For då vi kom ned og rundt svingen såg vi at det ikkje var eit menneske med den hytta vi hadde sett og at stien fortsatte enda lenger og oppover igjen. No syntes mor turen hadde vore lang nok, så lysten på å fortsetja oppover igjen var ikkje så stor (eg fann ut kven eg hadde arva mangelen på lysta til å gå oppoverbakkar av på denne turen 😉 ) Men så fekk Kjellaug brått auga på noko: » Eg ser i møne på hytta heilt på toppen av bakken!» Og det stemte faktisk 🙂

IMG_1929

Så då var det ikkje snakk om å gje seg – vi måtte berre koma oss opp siste, bratte bakken og 🙂

IMG_1931

Nærmar oss no 🙂

IMG_2067

Og så var vi endeleg framme 🙂

DSC_1408

Og vi var, som sagt, ikkje dei einaste som hadde tatt turen 🙂

Ja, her aula det med folk, stor og små i alle aldrar. Dei fleste hadde gått stien inn, medan nokon hadde tatt båtane over vatnet i frå demningen. Ein og ein halvtime er turen rekna å ta, vi brukte to og ein halv time i går. Då hadde vi fotostopp og eit par småpausar. Dei som kom i båt slapp unna med ca. ein halvtimes gåtid. På heimturen brukte vi to timar, så då gjekk det litt raskare med oss.

Vi hadde igrunnen «tima» ankomsten vår bra i går. Vi hadde nett fått funnet oss ein plass å sitja då Ove Tvedt ynskja alle velkommen til opninga. Så var det tale av både den eine og den andre + snorklypping 🙂

DSC_1401

Glade damer som kosar seg etter å ha nådd inn til Blådalshytta 🙂 (Han bak høyrte ikkje til oss)

IMG_1958 (1)

Nøgd med å ha nådd fram denne tøtta og 🙂

DSC_1420

Eg såg folk i frå heile kommunen i går – her er det Halsnøybuen som har tatt på seg sin finaste stas og krøka seg til fjells 😉

A

Ok, dei var ein del av eit musikalsk innslag 😉

IMG_1943

DSC_1402

Audun Tvedten på saksofon.

Vi kosa oss her ei stund medan vi høyrte på talar, saksofonspeling og åt nista vår. Før vi byrja på heimatte vegen måtte vi jo skriva namnet vårt i den nye gjesteboka og…

B

…kikka inn i hytta og 🙂 Her var det fint, romsleg og flott. Kjøkenkrok, spiseplass og køysenger nede og stor hems med madrasser oppe. Sengeplass til 12, fekk vi opplyst. Fin utsikt ut vindauga både mot vatnet hytta låg ved og ned mot Blådalsvatnet. Ser ikkje vekk i frå at det må bli ei overnatting her eingong 🙂

IMG_2069

Mor poserar med Blådalshytta i bakgrunnen 🙂

Så var det berre til å gjera seg klar for den lange turen tilbake. Mor var litt sliten før vi nådde hytta, men no på tilbakevegen var ho fylt opp med energi og byrja til og med…

IMG_2070

…å spela på fela 😉

Det gjekk, som eg skreiv ein stad ovanfor, litt raskare med oss på tilbakevegen. Då var det ikkje så mykje fotografering og vi tok vel berre ei pause.

Dette var ein flott tur. Litt lengre enn mine turkompisar hadde sett for seg, men dei klarte seg fint 🙂 Ikkje så veldig spanande å gå heile den lange vegen rundt vatnet, men flott å koma inn til hytta. Det vart nemnt i eine talen at ein skulle sjå på om ein kunne gjera litt om på stien, men eg veit ikkje kvar og kor dei tenkjer å gjera noko.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.