Åkrastølen!

Natt til 4.september gjekk «nattinaturen» av stabelen og vi hadde planane klare for overnatting i telt. Vi hadde til og med byrja pakka sekken då vi feiga ut pga. regnver og skodde. I stadenfor bestemte vi oss for at vi skulle ta ein lengre tur i dag. Sidan Ann Irene framleis slit med foten etter å ha trakka over då vi var i Børsdalen, lot eg det bli opp til ho og bestemma kor vi skulle på tur. Og så fekk eg beskjeden: » Vi skal til Åkrastølen!!»

Ingen av oss har gått tur i fjella rundt Åkra før, så dette var jo eit spanande, nytt turmål. Det tar jo litt tid å køyra inn til Åkra, så det var berre til å hiva seg i bilen og koma seg avgårde. Vi er forsåvidt ikkje kjente i Åkra i det heile tatt, så før vi kom til brua måtte vi stoppa å høyra med ei hyggeleg dame som var ute på tur kor vi skulle køyra for å finna fram. Medan Ann Irene fekk informasjon sat eg med store augo og fylgde med kva som skjedde bak dama. Fyrst dukka det opp ein katt rundt hushjørna, så eit par kattar til, og så enda nokre kattar – til slutt kom eg utav tellinga. Men i vide verda – driv dei kattepensjonat her inne eller??? Det hadde vi ikkje tid til å finna utav, for no hadde vi fått god info om vegen vidare.

Vi køyrte over brua og tok så vegen vidare oppover til venstre.

IMG_2095

Vi peisa fyrst forbi dette skiltet, fann ut at det skulle vi sikkert ikkje, måtte rygga oss tilbake og snu i tunet til ein kvan og køyra ned att. Her måtte eg ha ein runde med meg sjølv…

IMG_2096

…skulle eg våga å køyra opp her?? Såg veldig bratt og smalt ut dette her…

Saken er den at ein kan gå heile vegen herifrå, eller ein kan putta 50kr på ein boks og køyra 3km lengre. Og heldigvis klarte eg å mota meg opp til å køyra opp. Eg hadde jo aldri kome opp til fots – til det var vegen altfor laaaaaaaaang og braaaaaattt. Skogsvegen i seg sjølv var fin den, men jøye meg kor bratt – dette var jo nesten som vegen opp til Møsevatnet, berre mykje lengre…Og på grus.

DSC_1447

B

Men opp kom vi, og no bar det vidare til fots. Fyrst ei litt bratt stigning framleis på skogsveg. Hadde vi hatt høgare bil og firhjulstrekk, kunne vi nok køyrt opp her og, men det er nok meininga vi skal parkera der vi parkerte. Det var uansett ikkje lange bakken før det flata ut.

Det var ganske fint innover her. Skogsvegen gjekk eit godt stykke innover og på venstre sida rann det ei lita elv. Omsider var det slutt på skogsvegen og då bar det vidare på sti.

IMG_2104

Tilbakeblikk der vi kom i frå. Inni skyggen til venstre var det ei lita bru vi gjekk over for å koma på rett side av elva.

IMG_2107

Dette var fint terreng å gå i. Litt oppover, litt nedover og litt bortover – terreng for begge to i dag 🙂

IMG_2112

Brått, bak ein haug, dukka Åkrastølen opp 🙂 Nesten litt på same måte som Bjørndalssetra, som og kjem litt brått på.

IMG_2113

Då var målet for dagen nådd. Det tok jo ikkje lange stunda å gå inn her. Her kunne jo og turen enda med at vi sat oss ned og åt nista vår før vi gjekk heimatt. Men slik vart det ikkje….

Heldigvis for oss var det nemleg folk «heime» på Åkrastølen og dei kunne fortelja oss om fjella rundt og andre turmål. Og opp til venstre såg vi rett på Ingahogg. «Men då må jo Nautavatnet liggja rett bakom toppen der», sa eg og peika. «Ja, det ligg rett bakom der, kun ein 10 minuttars gange eller så.» Då var ikkje det noko å diskutera – vi takka for praten og durte vidare mot Nautavatnet. Der har nemleg ikkje Ann Irene vore før, og eg har kun vore der vintarstid.

DSC_1438

DSC_1437

På veg mot Nautavatnet fekk vi flott utsikt over Åkrastølen 🙂

IMG_2115

IMG_2120

IMG_2122

Fjasing i fjellet 😉

Det gjekk ganske raskt å koma seg opp hit, og så var det berre nokre flate meter til å gå, så kom…

IMG_2124

….Nautavatnet til syne! Og gosjameg kor flott!!

Dette toppa heile driten – eller turen, får vi vel seia. Det hadde jo ikkje vore i våre tankar at vi skulle til Nautavatnet i dag, og no låg det så flott og speilblankt foran oss. Det var jo i grunnen mykje kjekkar å koma opp her og sjå dette, enn det var å koma til Åkrastølen.

IMG_2125

Minst lika fint på hausten som på vintaren 🙂

IMG_2129

IMG_2130

Ja, no var vi veldig nøgde med turen begge to.Vi hadde sikkert vore nøgd hvis vi berre hadde gått til Åkrastølen og, men dette vart jo rosina i pølsa 🙂 Og snakk om pølsa – no måtte vi finna oss ein fin plass å sitja så Ann Irene kunne få ta fram all veden ho bar i sekken og tenna eit bål til oss…

IMG_2138

…..slik at vi kunne få grilla oss ei pølsa eller to 🙂

DSC_1426

«Klarar du å få med solstrålene i vatnet på bilete?»spurte Ann Irene » Eg kan no prøva», svara eg.

A

IMG_2152

Huff, tru du det kjem regn?? 😉

Dette var rein kos 🙂 Mette vart vi, sola skein og varma og vi kunne slengja oss rett ned på pleddet å kvila middag. Men ikkje for lenge – eg var rask med å seia vi fekk pakka sakene våres når eg synes ho hadde vore stille litt for lenge – eg var redd ho skulle byrja snorka…

Hadde vi orientert oss litt på førehand og visst vi skulle hamna her, kunne vi jo ha plassert ein bil i Fjellhaugen og gått heim den vegen. Men vi ana jo ikkje på førehand at vi skulle hit, så no måtte vi fint gå tilbake same veg vi kom.

DSC_1434

Ann Irene klar for avgang – Inghaogg rett bak ho.

DSC_1439

Vi fekk sjølvsagt nokre vener i dag og.

DSC_1440

Vi fann ei bok å skriva namnetrekka våres i nede ved Åkrastølen…

DSC_1441

…så no er vi å finna i Røyskatten Turlag si bok. 15 poeng har vi fått og 😉

Ein liten spasertur, så var vi nede ved bilen igjen. Eg hadde jo grua meg litt for å køyra bilen ned att – Priusen har automatgir og ikkje noko slikt 1-2-3 gir som ein kan veksla med – så her er det å stå på bremsen. Men med å ta det pent og pynteleg, gjekk det så fint atte 🙂

Vi var veldig nøgde med turen våres i dag 🙂 Denne turen kan anbefalast – ikkje spesielt lang eller krevande. Men om dåke tar turen så spander på dåke dei  50 kronene det kostar å køyra skogsvegen og ta den vetle turen inn til Nautavatnet- det er verdt turen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.