Buerbreen!

Det var litt merkeleg å stå opp i dag tidleg, på ein heilt vanleg torsdag, og gjera seg klar for tur istadenfor å køyra på jobb. Eg hadde rett og slett tatt meg ein feriedag for å nyta det fine veret i stadenfor å sitja på kontoret. Det er det ikkje ofte eg gjer – faktisk kan eg ikkje huska at eg har tatt meg fri berre for å disponera ein dag slik eg vil før i det heile tatt. Rett nok har eg feriedagar å ta av, men for at det ikkje skulle følast som skulk, måtte eg jo fylla dagen med noko «fornuftig» 🙂 Så då lokka eg Ann Irene til å gjera det same – så kunne vi ta den turen til Buerbreen som vi har snakka om titt og ofta 🙂

Vi var tidleg på an’…

img_2192

…allereie kl. 0800 stod eg klar i vegen og venta på å bli plukka opp.

Etter ein pitstop på Best i Dimmelsvik bar det strake vegen mot Odda og Buerdalen.

img_2203

Skodda låg lavt i Mauranger – det tok vi som eit teikn på at dette kom til å bli ein strålande dag:-)

For å koma til Buerdalen må du ta av til høgre når du kjem opp til Sandvinvatet frå Odda. Då er det berre til å fylgja vegen rett fram og langs vatnet. Då meiner eg langs vatnet – du skal ikkje ta vegen opp til byggefeltet. (Slik eg byrja på sist vi var på tur inn her, og Ann Irene gjorde i dag 😉 ). Etterkvart kjem du inn på ein smal veg oppover Buerdalen og til slutt parkeringsplassen.

ajpg

Tøttene klare for å å ta turen inn til Buerbreen:-)

Eg er ikkje så flink til å lesa turomtaler. Dvs. eg les dei, men eg legg meg ikkje så mykje på minnet om det står at det er flatt, bratt, langt, kort etc. Eg ser på bileta, tenkjer at der ser det fint ut og der går det sti – så der kan vi sikkert gå. Ann Irene derimot les turomtaler opp og ned i mente og puggar det meste 🙂 Så når eg glante opp mot brea og sa dette ser bratt ut, meinte ho på at det ikkje skulle vera det…

Det starta i allefall flatt og fint. Etter å ha passert husa, svinga vi inn i skogen, gjekk gjennom ei grind…

img_2209

….Viktig beskjed! Vi hadde ikkje med oss hverken stavar eller surstofflasker i dag 😉

Etter ein kjapp gange kjem ein bort til elva og…

b

….rett og slett ein heil haug med varder. Her må slagordet «kvar mann sin eigen varde» gjelda 🙂 Litt usikker på om andre fjellvandrarar har vardebyggjing som hobby, eller om det berre er ein Oddabu som har kjeda seg skrekkeleg 😉

img_2223

Litt artig var det no, okkesom.

Etter å ha gått forbi alle vardane gjekk stien inn i skogen igjen. No gjekk det litt på opp, men så slaka det ut igjen. Vi måtte blansera på litt steinar over ein bekk og to….

c

…og så kom eit stykke der det var laga til nokre bruer – og stokkar…

img_2234

..eg følte meg nesten som ein sirkusartist 🙂 Får vel leggja til at tønna låg i ro og ikkje rulla rundt…

Vi kom ut i opnare landskap etterkvart og hadde no stort sett utsikt mot brea resten av vegen. Stien går stort sett på stein heilt i frå byrjinga og no går den vidare berre på stein, berg og grus.

I tillegg til bruer har dei vore veldig rause med taua her inne. Det heng massevis av tau ein kan bruka å ta tak i når det går på opp. No var det heilt tørt i dag og vi hadde ikkje bruk for å bruka alle taua. Er det vått, deriomot, kjem dei noko godt med.

img_2236

d

 Men bevares – vi fekk no endelg brukt eindel av dei i dag og. Enkelte plasser hadde det vore veldig vanskeleg å koma seg opp og ned utan – her var det berre til å ta tak, stola på tauet og dra seg opp 🙂 Dei stakkars kontorarmane mine fekk verkeleg kjørt seg i dag – eg er ikkje vane med å dra heile meg opp etter armane …

img_2239

Det måtte sjølvsagt dukka opp ei hengebru her og..

img_2240

img_2243

Den svinsa vi over utan noko heft 🙂

img_2242

Utsikt ned Buerdalen i frå hengebrua.

Det verkar kanskje litt motstridande å leggja ut bileter der vi drar oss opp etter tau og samtidleg påstå at framleis så gjekk det rimeleg slakt oppover, men sånn var det. Eg påpeika at det var mykje brattare å gå til Låganåso enn dette. Og i det eg hadde påpeika det, byrja det å bli bratt. Ja, for no når vi nærma oss brea og målet vart det eindel brattare – og meir tau…

img_2252

Ja, til og med ei trapp 🙂

Og når vi kom opp trappa såg vi…

img_2289

…rett bort på Nedre Buerbreen 🙂

img_2290

Vakkert!

Ja, no var vi faktisk oppe! Dette hadde jo gått leikande lett! 1 time og 32 min. viste Runtastic’en min. Då hadde vi hatt ei tissepause, ei drikkepause, venta på at nokon skulle klatra opp før oss og venta på at nokre skulle klatra ned før vi kunne klatra opp + hatt ein haug med fotopausar.

Vi tok sikte på ei informasjonstavla…

img_2256

Dette var alt som hang på den. Viktig informasjon, men kor mange tar seg tid til å lesa, eg må vedgå at eg har ikkje lest det enda…

Men vi oppførte oss skikkeleg, altså – det var ikkje noko tull og tøys med oss her. Ingen forsøk på å koma over elva for å koma nærste mogleg brea og ingen balansering på stup. Vi kunne jo ikkje ha noko av at dei einaste to norske som var på tur her inne var dei som måtte hentast ut av hjelpemannskap… Her må eg leggja til at det var eindel andre på tur i dag. Eindel av dei hadde, som Ann Irene påpeika, dongeribukse på, men ingen av oss såg nokon som ikkje var skodd for turen. Dei aller fleste hadde skikkelege fjellsko andre joggesko – og det gjekk det an å gå med i dag. Vi traff ein kar med bæremeis på ryggen, det var heilt innafor, men han som kom med babyen i sele på magen såg vi for oss kom til å slita litt når han verkeleg skulle til å dra seg opp etter taua…

img_2261

Obligatorisk oppstilling foran Nedre Buerbreen 🙂

img_2272

Ann Irene har tatt på kamuflasjedrakta – ser dåke ho midt i biletet?? 😉

Her som vi stod no var det skygge, det blas eindel og var ein smule kaldt.

img_2276

Men oppi skråningen var det fin sol, så her sat vi oss ned for å kvila og eta nista vår. Varmt og fint var det, men av og til kom det eit vindpuss med ein liten dusj av ferskt vatn i frå elva/fossen som kom ned rett rundt «hjørna».

img_2280

Altså denne 🙂

img_2279

Det er fint no når haustfargane kjem.

Medan vi sat her og naut utsikt, sola og nista slo vi begge fast at på denne turen var turen mot målet finare enn det å koma inn til målet. Visst var det flott og storslått å kikka opp på brea, men no når vi var framme sat vi og å såg på den skitne, svarte delen av brea og ikkje berre den kvit og blå. Store deler låg og i skyggen. Heile vegen oppover hadde vi berre kikka opp på den krittkvite brea som bada i sol.

Ei stund såg det forresten ut som om det kom to fossar ned mitt i brea og ikkje berre ein. Det var eit snø/isras. Eg var heilt sikker på at eg fekk det med meg både på film og bilete, men det er borte vekk i frå mobilen..

Før vi gjekk ned att kikka vi nett inni sikringsbua som står her oppe. Ein burde nesten hatt tau for å koma inn i den og, for det var skrekkeleg høgt i frå bakken og opp til døropninga…. Ellers så var det berre eit rom med benker langs sidene + ei låst dør der. Ikkje så mykje å kikka på, med andre ord.

img_2292

Tok ikkje så mange bileter på vegen ned att – eg hadde jo stort sett dokumentert alt på veg opp..

img_2301

Brått så var vi nede i dalen igjen 🙂

Denne turen likte vi kjempegodt! Kanskje den beste vi har hatt? Grunnen er ganske enkelt fordi den var så variert. Her var det skog, sti, bruer, tau, stige, ikkje for bratt og ikkje for slakt, fin utsikt opp, fin utsikt ned – ja, denne turen hadde det meste 🙂 Vi må vedgå at vi likte best dei partia vi måtte bruka tau – vi følte oss rett og slett litt som fjellklatrarar og har veldig lyst å prøva meir av det 🙂

Men, no når vi hadde kome ned hadde vi eit lite problem – klokka var ikkje meir enn 1400! Vi kunne jo ikkje køyra heim allereie no – vi kunne jo risikera å måtta laga middag! Vi var jo på dagstur, så vi måtte jo finna på noko meir!

Så då køyrte vi til Låtefoss og kikka på den…. bileter derifrå kjem i eit nytt innlegg…kanskje i morgon?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.